Hopp til hovedinnhold
FHI logo
Hageeitermaur
Arbeider av hageeitermaur (Myrmica rubra). Eitermauren er rødbrun og har to «kuler» mellom brystet og bakkroppen FHI - Hallvard Elven

Eitermaur

Sist endret

Eitermaur er små maur som har reir i jord og morkent treverk. Dei finst i låglandet i heile Noreg, og nokre artar er ganske vanlege rundt hus og i natur som er påverka av menneske. Mauren stikk når han blir irritert. Stikket er ikkje farleg, men kan svi lenge etter at brodden er trekt ut.

Utsjånad

Eitermaurene (Myrmica sp.) omfattar 13 beskrivne artar i Noreg, men fleire artar kan truleg vera i norsk natur (1;2). Dei fleste artane har normalt reir i jord eller morke treverk. Eitermaur er brungule til rødbrune og har ofte karakteristiske tornar/taggar på ryggen. Arbeidarane er små, vanlegvis under 5 mm i lengde, medan dronningar kan komma opp i 7 mm. Hageeitermauren (Myrmica rubra) er den vanlegaste eitermauren rundt hus og bygningar i lavlandet.

Levevis

Generelt sett har maursamfunn ein kompleks struktur, og biologien er beskriven i detalj i ei rekke bøker (2-5). Eitermaur er utbreidd i heile Noreg og har gjerne koloniar med eit par hundre til nokre tusen arbeidarar (2). Dei fleste reir har fleire eggleggende dronningar. Hageeitermauren kan opplevast som eit skadedyr i grønsakshagar eller i blomsterbed. Dei kan ha store koloniar beståande av mange reir som heng saman. På stader med mange maur kan det vera så mykje som eitt reir per kvadratmeter. Kvart reir blir forsvart med stor aggressivitet, og hageietermauren stikk raskt om nokon forstyrrar dei. Dei fleste eitermaurane svermar i august-september og overvintrar med larver og vaksne arbeidarar (2).

Eitermaur som skadedyr

Eitermaur har stikkebrodd som blir brukt når han blir irritert. Dette kan opplevast som ubehageleg, og det svir lenge etter at brodden er trekt ut. Stikket forårsakar normalt ingen andre reaksjonar. I sjeldne tilfelle kan allergiske reaksjonar oppstå. Hageitermauren er den meste aggressive og plagsame arten. Dei forårsakar heldigvis ingen materielle skadar og går sjeldan inn i hus (3;6;7).

Bekjemping av maur kan vera krevjande sidan ein er nøydd til å få havast på dronninga for at samfunnet skal kollapsa (6;8). Eitermaurane har fleire dronningar i eit kompleks samfunn (2), og i hagen blir det derfor vanskeleg å unngå dei. Viss reira til eitermauren er små, er det mogleg å fjerna eit reir ved hjelp av spade, men maurane kjem ofte tilbake. Har ein eitermaur er det luraste å verna seg sjølv mot stikk ved å vera tildekt med til dømes hanskar, sko, sokkar og eventuelt langbukse når ein jobbar i hagen. Kjemisk førebygging med systematisk og rutinemessig sprøyting skal ikkje bli gjort, då det vil medføra ein negativ effekt på menneske, husdyr og andre insekt som ein ønsker å ha i hagen.

Eitermaurarter ein kan møte på i Noreg:

Hageeitermaur - Myrmica rubra

Prakteitermaur - Myrmica specioides

Småeitermaur - Myrmica rugulosa

Myreitermaur - Myrmica scabrinodis

Sandeitermaur - Myrmica sabuleti

Skåleitermaur - Myrmica lonae

Ribbeeitermaur - Myrmica sulcinodis

Dvergeitermaur - Myrmica microrubra

Skogeitermaur - Myrmica ruginodis

Mørk eitemaur - Myrmica lobicornis

Engeitermaur - Myrmica schencki

Snylteeitermaur - Myrmica karavajevi

Trolleitermaur - Myrmica vandeli

Finn informasjon om skadedyrhåndboka og generell informasjon om førebygging og bekjempelse i kapitlet Om skadedyrhåndboka og skadedyrkontroll

Publisert |Sist endret
Fant du det du lette etter?