Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Artikkel

Søk jobb hos Folkehelseinstituttet

Publisert Oppdatert


Folkehelseinstituttet har nasjonale oppgåver innan smittevern, miljømedisin, epidemiologi, kunnskapsproduksjon, psykisk helse, rettstoksikologi og rusmiddelforsking. Folkehelseinstituttet er eit forskingsbasert forvaltningsorgan under Helse- og omsorgsdepartementet.


Har du funnet en feil?

Med visjonen «Betre helse for alle» har Folkehelseinstituttet høge krav til seg sjølv. FHI skal tilby råd og tenester av høgste kvalitet, tilpassa brukarane sine behov. Vår ambisjon er å drive helseovervaking i verdsklasse, forsking på høgt internasjonalt nivå og service på beste nivå i staten. I tillegg har instituttet som mål å vere ein fleksibel organisasjon, med god utnytting av ressursane og høg motivasjon og trivsel blant dei tilsette.

Hos oss møter du medarbeidarar med høg kompetanse og stort engasjement.

Registrer CV rekrutteringsportalen

Instituttet brukar ein nettbasert rekrutteringsportal. Ønsker du å søke på ein stilling hos oss ber vi deg om å registrere søknad og CV.

FHI tilsetter ikkje på bakgrunn av opne søknadar. Er det ikkje ledige stillingar ved instituttet for øyeblikket, kan du registrere din CV og aktivisere ein ”jobbagent” i rekrutteringsportalen slik at du får informasjon når aktuelle stillingar blir ledige.

Ansattgoder

  • Fleksitid og IA-bedrift: Vi tilbyr fleksibel arbeidstid. Vi er en IA-bedrift, som blant anna betyr utvida rett til eigenmelding ved sjukdom.
  • Trening i arbeidstida: Tilsette får bruke inntil to arbeidstimer i uka til trening. FHI har eit aktivt bedriftsidrettslag som gjer at forholda ligg godt til rette for trening.
  • Permisjon: Vi har fleksible ordningar for omsorgs- og velferdspermisjonar, med og utan lønn.
  • Pensjonsordning: Alle tilsette er medlem av Statens pensjonskasse og nyt godt av avtalene og goda som følger med. Det trekkes 2 prosent av brutto lønn til obligatorisk premieinnskudd.
  • Lånemoglegheiter: Via medlemskapet i Statens pensjonskasse får du tilgang til eit av dei beste boliglåna på markedet. Gjennom arbeidsgivar blir det også ved behov gitt moglegheit til kortsiktige lønnslån.