Rapport om svangerskapsavbrot 2024
Rapport
|Publisert
I 2024 vart det sendt inn 13 966 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 12 811 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 26 færre utførte svangerskapsavbrot enn i 2023, og såleis stabile tal. Det var ein jamn nedgang i aborttala sidan 2008 fram til 2022. Etter auke i 2022 og 2023 stabiliserer aborttala seg i 2024 på eit nivå litt høgare enn rett før Covid-19-pandemien.
Last ned
Hovedbudskap
Avbrotsraten har ein nedgang frå 10,4 i 2023 til 10,3 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2024 og er såleis stabile. Finnmark, Troms og Nordland er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 15,9 i Finnmark, 13,9 i Troms og 11,5 i Nordland. Dersom ein ser på avbrotsratane i dei store universitetsbyane så har Tromsø den høgste avbrotsraten på 13,6 og Stavanger den lågaste på 7,9 per 1000 kvinner. Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal hadde dei lågaste ratane for svangerskapsavbrot; med 7,1 per 1 000 kvinner i Rogaland 7,9 i Vestland og 8,2 i Møre og Romsdal. Det er per i dag 7 av 15 fylke som har ein avbrotsrate på 10 eller meir per 1000 kvinner (15-49 år).