Brukeropplevd kvalitet
Brukererfaringer med fødsels- og barselomsorgen i 2016 (PasOpp-rapporter)
PasOpp rapport
|Oppdatert
|Rapporten viser resultatene fra en undersøkelse om kvinners erfaringer med å være pasient på landets føde‐ og barselavdelinger. Det er laget egne rapporter for regionale helseforetak, foretak og nivåene under dette.
Hovedbudskap
Resultata frå Folkehelseinstituttet si undersøking av brukarerfaringar frå føde- og barselavdelingar i heile landet er nå klare. Eit utval på 8279 av alle kvinner som fødde i siste kvartal i 2016 vart spurd om å ta del i undersøkinga over internett. Av desse svarte 3747 (45,3 prosent). Det er laga ein nasjonal rapport og fleire lokale rapportar.
Ifølge fyrsteforfattaren tyder erfaringane frå barselopphaldet på at fleire behandlingsstader med mindre gode resultat med fordel kan forbetre tilbodet til desse kvinnene.
– Det er grunn til å anta at dei har noko å lære av behandlingsstader med betre brukarerfaringar, seier seniorforskar Ingeborg Strømseng Sjetne i Folkehelseinstituttet.
Svara kan indikere kvalitet
Kvinnene fekk eit brev heim med informasjon og ein kode til å logge seg på ei internettside for å svare på inntil 54 spørsmål. Dei fleste enkeltspørsmåla vart satt saman til åtte grupper med felles tema (=indikatorar). Desse spørsmålsgruppene gjer det mogleg å samanfatte resultata til pålitelege mål på erfaringar. Resultata visast som ein skår på ein skala frå null til hundre – jo høgare, dess betre.
Dette er svara samla frå heile landet:
- Høgast skår: Sjølve fødselen
Dei tre indikatorane som handlar om erfaringane frå sjølve fødselen har fått dei høgaste skåra. - Lågast skår: Barselopphaldet
Indikatorane som samlar spørsmål om barselopphaldet har fått lågare skår.
Dette er den nasjonale gjennomsnittsskåren på indikatorane. Skalaen går frå 0 til 100:
Fase av opphaldet |
Indikator |
Nasjonalt gjennomsnitt |
Sjølve fødselen |
Ivaretaking av partnaren |
88 |
|
Relasjonen til personalet |
86 |
|
Rammer og organisering |
81 |
|
|
|
Barselopphaldet |
Relasjonen til personalet |
79 |
|
Ivaretaking av partneren |
77 |
|
Rammer og organisering |
68 |
|
Informasjon om barnet |
67 |
|
Informasjon om kvinna si helse |
58 |
Strømseng Sjetne seier at det er noko variasjon mellom behandlingsstadene når det gjeld erfaringar frå avdelinga der barnet blei fødd, men forskjellane mellom behandlingsstadene er større når det gjeld barselopphaldet.
– Dette er ein uønskt situasjon, ettersom helsepolitikken i landet handlar om å gje tenester som er likeverdige, uavhengig av geografi, meiner seniorforskaren.
Eigen rapport til kvar fødeavdeling
Det er skrive ein rapport som syner resultata frå heile landet sett under eitt. Kvar fødeavdeling eller fødeinstitusjon, kvart helseføretak og kvart regionalt helseføretak har dessutan fått sin eigen rapport. Det gir høve til å studere resultatet til den einskilde eininga i detalj, og å jamføre med andre einingar på same nivå i helsetenesta.
For dei kvinnene som ville, var det mogeleg å skrive på fri hand om sine opplevingar til slutt i undersøkinga.
– På førespurnad kan behandlingsstadene få tilgang til desse tekstane, slik at informasjonen dei inneheld kan nyttast i deira interne kvalitetsforbetringsarbeid, seier Ingeborg Strømseng Sjetne.
Skal samanlikne betre over tid
Det er andre gong undersøkinga er gjennomført, førre gong var blant kvinner som fødde i siste kvartal i 2011. Enkelte element i framgangsmåten er endra sidan den gongen, så det er uvisst i kva grad resultata kan samanliknast. Det vil seie om endra skår skuldast endra tenester eller endra framgangsmåte i undersøkinga.
– Med dette viktige atterhaldet, kan vi seie at blant dei åtte indikatorane har seks ein høgare skår i 2016-undersøkinga samanlikna med 2011-undersøkinga, mens for dei to siste indikatorane er skåren uendra. Dette er dei to indikatorane med lågast skår. Både handlar om informasjon som er gitt under barselopphaldet, summerer seniorforskaren opp.
Neste gong skal undersøkinga gjennomførast blant kvinner som har fødd i siste kvartal 2017. Dei kvinnene som blir trekt ut, vil få brev i posten på nyåret.
– Undersøkinga vil da bli gjort på same måte som i 2016, slik at ein kan vere tryggare på at eventuelle endringar ikkje skriv seg frå metoden, understreker Ingeborg Strømseng Sjetne.
Sammendrag
Kvinner som fødte i siste kvartal i 2016 ble forespurt om å delta. En liknende, men ikke identisk, undersøkelse ble gjennomført i 2011. Forespørsel ble sendt i brev til 8279 kvinner, og 3747 (45,3%) av dem besvarte undersøkelsen. Undersøkelsen ble besvart via internett. Hovedresultatene er beregnet som skårer på åtte indikatorer, der tre handler om erfaringer fra fødeavdelingen og fem handler om erfaringer under barseloppholdet.
Dette er hovedfunnene:
- Erfaringene er stort sett gode på landsbasis. Det er til dels stor variasjon blant behandlingsstedene, og det tyder på at det bør være mulig for behandlingssteder med dårlige skårer å forbedre sine tjenester. Variasjonen gjelder særlig erfaringer med informasjon og veiledning under barseloppholdet.
- Det er forbedring i resultatene på seks av åtte indikatorer siden 2011, men minst forbedring der resultatene er dårligst.
- Overgangen fra spesialisthelsetjenesten til kommunehelsetjenesten ser ut til å være et svakt punkt i forløpet.
Helse Sør-Øst RHF
Akershus universitetssykehus HF
497 Akershus universitetssykehus HF.pdf
Oslo universitetssykehus HF
499 Oslo Universitetssykehus HF.pdf
Institusjoner
Underavdelinger
Sykehuset Innlandet HF
498 Sykehuset Innlandet HF.pdf
Institusjoner
461 Sykehuset Innlandet Gjøvik.pdf
462 Sykehuset Innlandet Kongsvinger.pdf
463 Sykehuset Innlandet Lillehammer.pdf
464 Sykehuset Innlandet Tynset.pdf
465 Sykehuset Innlandet Elverum.pdf
Sykehuset Telemark HF
Sykehuset Vestfold HF
502 Sykehuset i Vestfold HF.pdf
Sykehuset Østfold HF
Sørlandet sykehus HF
Institusjoner
472 Sørlandet sykehus Kristiansand.pdf
473 Sørlandet sykehus Arendal.pdf
474 Sørlandet sykehus Flekkefjord.pdf
Vestre Viken HF
Institusjoner
Helse Midt-Norge RHF
Helse Møre og Romsdal HF
508 Helse Møre og Romsdal HF.pdf
Institusjoner
Helse Nord-Trøndelag HF
510 Helse Nord-Trøndelag HF.pdf
Institusjoner
St. Olavs hospital
Underavdelinger
459 St.Olavs hospital Føde Øst.pdf
460 St.Olavs hospital Føde Vest.pdf
Helse Vest RHF
Helse Bergen HF
Institusjoner
478 Haukeland universitetssjukehus.pdf
Underavdelinger
457 Haukeland universitetssjukehus Føden.pdf
458 Haukeland universitetssjukehus Storken.pdf
Helse Fonna HF
Institusjoner
Helse Førde HF
Helse Stavanger HF
Helse Nord RHF
Finnmarkssykehuset HF
Institusjoner
494 Finnmarkssykehuset Hammerfest.pdf
495 Finnmarkssykehuset Kirkenes.pdf
Helgelandssykehuset HF
511 Helgelandssykehuset HF.pdf
Institusjoner
485 Helgelandssykehuset Mo i Rana.pdf
486 Helgelandssykehuset Sandnessjøen.pdf
Nordlandssykehuset HF
Institusjoner
487 Nordlandssykehuset Bodø.pdf
488 Nordlandssykehuset Vesterålen.pdf
489 Nordlandssykehuset Lofoten.pdf
Universitetssykehuset Nord-Norge
513 Universitetssykehuset Nord-Norge.pdf