Aborttall for Norge
Aborttala har i fleire år vore historisk låge, i 2023 så vi ei stigning som i 2024 har flata ut. Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke og ni av ti abortar vert utført medikamentelt.
Svangerskapsavbrot i 2024
Det var utført 12 811 svangerskapsavbrot i Noreg i 2024. Det er uforandra frå 2023. Raten går ned for alle aldersgrupper; frå 10,4 per 1000 kvinner (15-49 år) i 2023 til 10,3 i 2024. Av alle avbrot var 95,1 prosent sjølvbestemte og 82,8 prosent av dei var utført før 9. veke.
Aldersgrupper | 15-19 år | 20-24 år | 25-29 år | 30-34 år | 35-39 år | 40-44 år | 45-49 år | 15-49 år |
2022 | 5,5 | 14,5 | 16,5 | 15,5 | 11,4 | 4,6 | 0,4 | 9,9 |
2023 | 5,9 | 16,0 | 18,0 | 15,7 | 11,8 | 4,4 | 0,4 | 10,4 |
2024 | 6,8 | 16,1 | 16,5 | 15,3 | 12,0 | 4,5 | 0,4 | 10,3 |
Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret). |
Talet på svangerskap blant dei under 25 er fallande
Talet på avbrot blant tenåringar (15-19 år) held fram med å stige frå 4,4 per 1000 kvinner i 2020 til 6,8 i 2024. Når vi ser på både data frå Abortregisteret og Medisinsk fødselsregister ser vi at trenden med fallande aborttal og samtidig fallande fødselstal no har snudd og følgast ikkje lenger åt (Figur 1 og 2).


Svangerskapsavbrot i aldersgruppa 20–29 år
Fram til 2015 var abortrata høgast for kvinner tidleg i 20-åra, men sidan då har aldersgruppa 25–29 år overtatt som den aldersgruppa som har den høgaste abortraten med ein rate på 16,5 per 1000 kvinner.
Regional variasjon
Det er stor regional variasjon i rata for svangerskapsavbrot i Noreg. Finnmark, Troms og Nordland er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 15,9 i Finnmark, 13,9 i Troms og 11,5 i Nordland. Dersom ein ser på avbrotsratene i dei store universitetsbyane så har Bergen, Stavanger og Oslo stor nedgang frå 2023 til 2024 frå 10,4 til 8,5 i Bergen, 8,9 til 7,9 i Stavanger og 12,6 til 11,4 i Oslo per 1000 kvinner. Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal hadde dei lågaste ratane for svangerskapsavbrot; med 7,1 per 1 000 kvinner i Rogaland, 7,9 i Vestland og 8,2 i Møre og Romsdal.
Medikamentell metode
Sidan 2008 har dei fleste sjølvbestemte svangerskapsavbrot vorte utført medikamentelt. Det har vore ei gradvis auke sidan metoden vart innført i 1998. I 2024 vart 94,6 prosent av dei sjølvbestemte avbrota utført medikamentelt.
Fleirtalet av svangerskapsavbrot skjer i løpet av dei fyrste 8 vekene og over halvparten avsluttar utanfor sjukehus
Fleirtalet av svangerskapsavbrota vert utført tidleg i svangerskapet. I 2024 var 82,8 prosent av alle avbrot utført før 9. veke. Til og med utgangen av 10. veke kan ein avslutte svangerskapet utanfor sjukehus, ofte kalla heimeabort. Helse Nord kan no levere tal på kor mange abortar som vert avslutta som heimeabort. I 2024 vart 62,8 prosent av alle abortar innan utgangen av 10. veke avslutta utanfor sjukehus med ein variasjon på 23–76 prosent avhengig av sjukehuset som utfører behandlinga. Av alle avbrot var 95,1 prosent sjølvbestemte.
Nemndbehandla svangerskapsavbrot etter 12. veke
Dersom kvinna er meir enn 12 veker gravid må begjæring om svangerskapsavbrot handsamast av ei nemnd. Frå 1. juni 2025 er denne grensa flytta til utgangen av 18. veke. Dei sakene som får avslag i primærnemnd vert automatisk vidaresendt til klagenemnd. Klagenemnda held til ved Oslo universitetssjukehus, Ullevål.
I 2024 vart det utført 631 nemndbehandla avbrot, som utgjer 4,9 prosent av alle avbrot, og 628 av desse vart innvilga i primærnemnd. Andelen nemndbehandla avbrot i forhold til sjølvbestemte held seg stabilt. Dei fleste nemndbehandla avbrota vart innvilga på grunnlag av risiko for fosterskadar.
Om abortstatistikken
Abortregisteret inneheld data frå 1979 og fram til i dag. Fram til 2006 hadde SSB ansvar for abortstatistikken, og etter det har Folkehelseinstituttet hatt ansvaret for drifta av registeret og for statistikken.
Førebyggjande tiltak og hormonell prevensjon
Det er eit uttalt mål for myndigheitene å førebyggje uynskte svangerskap. Ei rekke tiltak er satt i verk for å redusere talet på svangerskapsavbrot. Tiltaka gjeld fyrst og fremst å auka kunnskapen om kropp og seksualitet og betre tilgang til dei tenestene som er nødvendige for å ha eit godt og trygt seksualliv. I det ligg det mellom anna undervisning om kropp og seksualitet, lett tilgang til prevensjon, reseptfri naudprevensjon, og føreskrivingsrett av hormonell prevensjon til jordmødrer og helsesøstrer.
Ein har særleg fokusert på dei yngste aldersgruppene der ein har tiltak som subsidiert prevensjon, gratis kondom, gratis opplysningstelefon om seksualitet, styrking av studenthelsetenesta og fleire helsestasjonar for ungdom. Ein har antatt at ein av hovudårsakene til den store nedgangen i avbrot ein har sett blant dei unge frå 2008 skuldast tilbodet om subsidiert prevensjon og at dei unge tok med seg prevensjonsåtferda si inn i vaksenlivet. Fleire studiar viser til at det er særleg ved bruk av langtidsverkande prevensjon som til dømes p-stav og spiral at ein ser ein effekt på aborttala.
- Snakk om det! Strategi for seksuell helse 2017-2022 (Regjeringen)
- Støtte til prevensjon for deg som er under 22 år - Helsenorge
Internasjonalt
I dag har Noreg, Finland (frå 2023) og Danmark sjølvbestemt svangerskapsavbrot til og med utgangen av 12. veke. Både Danmark og Noreg har i 2024 vedtatt nye abortlover som gir rett til sjølvbestemt abort til og med utgangen av 18. veke. Etter planen skal dei nye lovene tre i kraft 1. juni 2025 både i Danmark og Noreg. Sverige har sjølvbestemt avbrot til 18 veker og Island har sjølvbestemt avbrot til 22 veker. Finland har dei lågaste tala og den høgste andelen medikamentelle avbrot. Dei nordiske landa er på om lag same nivå som andre vesteuropeiske land når det gjeld talet på avbrot per 1000 kvinner. Russland og enkelte andre austeuropeiske land har betydeleg høgare tal avbrot per 1000 fødslar enn landa i Vest- og Sør-Europa.
Ifølgje WHO sin siste rapport om trygge og utrygge svangerskapsavbrot, estimerte ein at det vart utført om lag 43,8 millionar avbrot i 2008, og at 21,6 millionar var utrygge. Nesten alle utrygge avbrot skjer i utviklingsland og i land der svangerskapsavbrot er lite tilgjengeleg anten grunna restriktivt lovverk eller dårleg utbygd helsevesen. Dei regionane som har dei høgaste ratane er Latin-Amerika og Afrika, med 32 og 29 per 1000 kvinner i fertil alder. Om lag eit av fem svangerskap endar i avbrot på verdsbasis.
- Safe and unsafe induced abortion. Global and regional levels in 2008, and trends during 1995–2008. (WHO)
- Induced abortion in the Nordic countries (National Institute for Health and Welfare, Finland)
- Sedgh, G., et al. (2012). Induced abortion: incidence and trends worldwide from 1995 to 2008. The Lancet 379(9816): 625-632.
- Skjeldestad FE, et al. (2024) Trend over 50 years with liberal abortion laws in the Nordic countries. PLoS One. 2024 Jul 10;19(7)