Avdeling
Rusmidler og tobakk
Avdelinga forskar på bruk av alkohol, narkotika og tobakk i den norske befolkninga, risikofaktorar for og personlege og sosiale konsekvensar av bruk, og evaluerer førebyggande tiltak på feltet.
Avdeling for rusmiddel og tobakk har det overordna ansvaret for å drive forsking på alkohol-, narkotika- og tobakksbruk (ANT). Kunnskapsområdet inkluderer bruksmønster, brukskultur, marknader for omsetting og haldningar til rusmiddelbruk i befolkninga, og konsekvensar av rusmiddelbruk. Avdelinga har høg kompetanse om strukturelle tiltak som kan førebygge eller redusere ANT-bruk og relaterte skader. Avdelinga evaluerer utforming, implementering og effektar av ulike tiltak på individ- og befolkningsnivå, og legitimiteten til desse verkemidlane i befolkninga.
Avdelinga forskar på ANT frå ulike disiplinar innan samfunnsvitskapane, og har tverrfagleg ekspertise med medarbeidarar som har bakgrunn frå psykologi, sosiologi, demografi og økonomi. Avdelinga jobbar breitt metodisk og har spisskompetanse innan ulike vitskapelege metodar, spesielt innan kvalitative og kvantitative samfunnsvitskapelege analysemetodar. Medarbeidarane i avdelinga har inngåande kunnskap om innsamling, tilrettelegging og analysar av ulike typar data (kvalitative intervjudata, spørjeundersøkingar og marknads- og registerdata). Avdelinga har òg høg kompetanse på effekt- og prosessevaluering, og er sentral i tiltaksforskinga på FHI.
Medarbeidarane i avdelinga har brei kompetanse på korleis individ- og miljøfaktorar heng saman med oppstart og bruk av ANT, samt med førebygging og reduksjon av bruk. Forskingsprosjekta inkluderer kvalitative studiar om bruksmotiv og identitetar, kvantitative studiar på lovlege og ulovlege marknader, og studiar om rusmiddelbruk knytt til uteliv, festivalar og feiringar. Avdelinga utfører òg longitudinell kvalitativ og kvantitativ forsking på årsaker til og konsekvensar av bruk av tobakk, alkohol og illegale rusmiddel blant unge, og har ansvaret for den norske ESPAD-undersøkinga (European School Survey Project on Alcohol and Other Drugs), ei europeisk skuleundersøking som blir gjennomført kvart fjerde år blant ungdommar på 10. trinn. Årlege befolkningsundersøkingar om tobakk og rusmiddel (gjennomført for FHI av Statistisk sentralbyrå) vart i 2024 flytta frå avdelinga/FHI til Helsedirektoratet (Hdir), og avdelinga samarbeider med Hdir om vidare utvikling og bruk av desse.
Forskinga på konsekvensar av ANT er i hovudsak knytt til sosiale konsekvensar for brukaren sjølv, og for dei rundt og for samfunnet i vid forstand. Eksempel på sentrale tema er langtidsoppfølging av brukarar av illegale rusmiddel, overdoseproblematikk, og konsekvensar av rusmiddelbruk for arbeidslivet, pårørande og samfunnet. Vidare har avdelinga prosjekt om rusmiddelbruk blant eldre, sosiale forskjellar i bruk og konsekvensar av rusmiddelbruk, og samsjukdom og felles risikofaktorar.
Resultat frå forskinga blir presentert gjennom publikasjonar i internasjonale tidsskrift, norskspråklege rapportar og populærvitskapelege artiklar, og gjennom foredrag i ulike fora. Målgrupper er politikarar, fagfolk, studentar og journalistar. Avdelinga er delt inn i tre faggrupper med ekspertise på alkohol-, narkotika- og tobakksrelaterte tema. Forskarane i avdelinga samarbeider tett både innan og på tvers av gruppene og med andre avdelingar ved FHI, og har eit breitt kontaktnett og samarbeid med forskarar innan feltet internasjonalt.