Avdeling
Nettportalar og samhandling
Avdeling for nettportalar og samhandling er ei avdeling med variert kompetanse og ansvar.
Avdelinga gjer mellom anna dette:
- forvaltar og vidareutviklar intranettet Opus
- driv opplæring og brukaradopsjon av produkt innan M365
- utviklar den nye statistikken frå instituttet si nye statistikkløysing: fhi.no
- jobbar med administrative system
- har teknisk ansvar for nyheitsbrevløysing, publiseringsløysingar og telefonisystem
- følgjer opp infrastruktur og leverandørar
I tillegg har avdelinga eit overordna ansvar for å samordne grafisk design og interaksjonsdesign på Folkehelseinstituttet sine IT-løysingar og sørge for at vi oppfyller krava til universell utforming. Avdelinga forvaltar Folkehelseinstituttet sine registrerte nettadresser (domenenamn).
Avdeling for nettportalar og samhandling har det operative og taktiske ansvaret for å følgje opp IKT-tjenesteleverandøren vår, Norsk Helsenett. Avdelinga skal sjå til at instituttet har god samhandling og sørge for gode leveransar til instituttet for dette området.
Avdelinga har kompetanse på mellom anna desse områda:
- M365
- utvikling i .Net og C#
- frontendutvikling
- trygging interaksjonsdesign/UX
- tenestedesign
- grafikk
- datasenter
- ITIL
- Scrum
- Prince 2
- Prosjektveiviseren
- informasjonsforvaltning