Hopp til innhold
Avdeling

Helsefremmende arbeid

Avdeling for helsefremjande arbeid bidrar med forsking og helseanalyse innan psykisk helse.

Arbeidet avdelinga gjer bidreg til å gi kunnskap om korleis sosiale arena som lokalsamfunn og arbeidsliv heng saman med helse. Det helsefremjande perspektivet, kunnskap om helseåtferd og risikofaktorar samt kunnskap om og gjennomføring av evaluering av tiltak for å fremje psykisk helse i befolkninga er sentrale kompetanseområde for avdelinga.

Kjerneoppgåver

Helseanalyser og rådgiving

Avdelinga bidreg med rådgiving og helseanalyse med omsyn til fleire av dei sentrale kompetanseområda. Dette gjeld særleg for søvn, søvnvanskar og kva som kan gjerast for å redusere søvnvanskar hos folket. Avdelinga er involvert i fleire evalueringar av tiltak som er relevante for folkehelse. Dette arbeidet skjer i tett samarbeid med fleire andre avdelingar på området. Avdelinga har fleire medarbeidarar som er involverte i Senter for sykdomsbyrde. Ettersom avdelinga ligg i Bergen, har ho fleire viktige samarbeidsflater mot området for helsedata og digitalisering.

Forsking

I tråd med oppgåvene til avdelinga innan helseanalyse og rådgiving er forskinga ved avdelinga i hovudsaka retta mot søvn og søvnvanskar, evaluering av tiltak innanfor folkehelserelevante tema samt førekomst og konsekvensar av psykiske lidingar.

Kontakt

Sentralbord: 21 07 70 00

Send e-post

Avdelingsdirektør

Leif Edvard Aarø

Besøksadresse

Zander Kaaesgate 7

5015 Bergen

Vis i kart

Postadresse

Folkehelseinstituttet, Postboks 973 Sentrum

5808 Bergen

Vis i kart