Hopp til hovedinnhold
FHI logo

Avdeling

Fysisk helse og aldring

Avdeling for fysisk helse og aldring forskar på tema som osteoporose, brot, ulykker, høyrsel, smerte, ernæring, fysisk aktivitet og overvekt og fedme. Avdelinga undersøkjer korleis forhold gjennom livsløpet påverkar helse og sjukdom i eldre år.

Kontakt

Sentralbord:: 210 77 000

Avdelingsdirektør

Liv Elin Torheim

Besøksadresse

Marcus Thranes gate 6, 0473 Oslo

Postadresse

Folkehelseinstituttet, Postboks 222 Skøyen, 0213 Oslo

Aldring

Høgare levealder og lågare fødselsratar fører til ein større del eldre. Avdelinga nyttar livsløpsdata og data frå befolkningsstudiar og register for å studera trendar og finna årsaks- og vernefaktorar for ein frisk og sjølvhjelpt alderdom.

Demens

Norske tal peikar på at ein høgare del enn forventa har demens eller forstadium til demens. Vi bidreg til å kartleggja utbreiinga av demens over tid. Avdelinga bidreg også til kunnskap om biologiske og sosiale årsaks- og vernefaktorar for demens.

Høyrsel

Høyreevna blir svekt med aukande alder, og med fleire eldre forventar vi fleire høyrselshemma. Avdelinga arbeider med å kartleggja endringar i førekomst og få fram ny kunnskap om underliggjande risikofaktorar for, og konsekvensar av, nedsett høyrsel.

Osteoporose og brot

Noreg er på verdstoppen i førekomst av hoftebrot, og framskrivingar viser at dette helseproblemet vil auka med fleire eldre. Vi følgjer utvikling over tid i førekomst av nye hoftebrot og overdøying etter hoftebrot i befolkninga, og studerer årsaksforhold knytt til mellom anna årstid, geografi, sosiale faktorar og levevanar.

Smerte

Samla sjukdomsbyrde av smerte er stor i både ung og høg alder, og er ei dominerande årsak til legemeldt sjukefråvær i Noreg. Avdelinga har i forskinga og formidlinga si hovudfokus på langvarig smerte og forståing av moglege årsaksmekanismar. Utvikling av innovative og brukarvennlege metodar for å kartleggja smerte er også ein del av satsinga.

Skadar og ulukker

Avdelinga driv epidemiologisk forsking på demografiske, sosioøkonomiske og geografiske forskjellar i førekomst av skadar, årsaker til og konsekvensar av ulukker og analyse av datakvalitet på skadefeltet.

Overvekt og fedme

Avdelinga forskar på overvekt og fedme i befolkninga, og korleis det påverkar folkehelsa.

Kosthald og ernæring

Eit variert kosthald er viktig for å fremja god helse og førebyggja sjukdom. Avdelinga forskar på ulike aspekt ved kosthald og ernæring som salt, jod, vitamin D, berekraftig kosthald og evaluering av tiltak for å betra kosthaldet. Fleire forskarar er også involverte i Senter for berekraftig kosthald og Senter for evaluering av folkehelsetiltak.

Metode

Avdelinga nyttar ofte store registerkoplingar i forskinga og har høg kompetanse om analysemetodar og ulike studiedesign. Avanserte statistiske metodar blir nytta i forskinga og i effektevalueringar.

Kommunikasjon og formidling

Forskinga i avdelinga blir formidla til departement og direktorat, gjennom mellom anna temarapportar, og vi bidreg til kapittel i Folkehelserapporten. Forskinga blir formidla gjennom fagfellevurderte vitskaplege artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift, gjennom populærvitskaplege artiklar på nettsidene til Folkehelseinstituttet og i media. Avdelinga har også nært samarbeid med ulike sektorar og aktørar, som helsesektoren, pasientorganisasjonar osv.

Prosjekt i avdelinga

Medarbeidere

Liv Elin Torheim

Liv Elin Torheim

avdelingsdirektør, Dr. philos

Bilde av Liv Elin Torheim
Anette Hylen Ranhoff

Anette Hylen Ranhoff

forsker, MD, PhD

Bjørn Atle Sundsback Halse

Bjørn Atle Sundsback Halse

stipendiat

Bjørn Heine Strand

Bjørn Heine Strand

fung. avdelingsdirektør, PhD

Bilde av Bjørn Heine Strand
Bo Lars Engdahl

Bo Lars Engdahl

forsker, Ph.D

Bilde av Bo Lars Engdahl
Christian Magnus Page

Christian Magnus Page

forsker, PhD

Bilde av Christian Magnus Page
Elling Tufte Bere

Elling Tufte Bere

forsker, Dr.philos.

Bilde av Elling Tufte Bere
Guro Vollan Amundsen

Guro Vollan Amundsen

stipendiat, Master i folkehelsevitenskap

Bilde av Guro Vollan Amundsen
Haakon Eduard Meyer

Haakon Eduard Meyer

overlege, Dr. med.

Bilde av Haakon Eduard Meyer
Jorunn Sofie Randby

Jorunn Sofie Randby

seniorrådgiver, PhD ernæring, MSc Food Policy, Bachelorgrad kultur- og samfunnsfag

Bilde av Jorunn Sofie Randby
Kari Alver

Kari Alver

forsker, PhD

Kristin Holvik

Kristin Holvik

forsker, Ph.D.

Bilde av Kristin Holvik
Marianne Hope Abel

Marianne Hope Abel

forsker, Ph.D

Bilde av Marianne Hope Abel
Merete Ellingjord-Dale

Merete Ellingjord-Dale

postdoktor, PhD

Bilde av Merete Ellingjord-Dale
Olöf Anna Steingrimsdottir

Olöf Anna Steingrimsdottir

forsker, Ph.D

Bilde av Olöf Anna Steingrimsdottir
Ruth Aga

Ruth Aga

stipendiat

Siri Marie Solbakken

Siri Marie Solbakken

postdoktor, MD PhD

Bilde av Siri Marie Solbakken
Sven Ove Samuelsen

Sven Ove Samuelsen

forsker

Teferi Mekonnen Yitayew

Teferi Mekonnen Yitayew

postdoktor, PhD

Bilde av Teferi Mekonnen Yitayew