Avdeling
Direktørstab
Direktørstab koordinerer og støttar direktørens hovudaktivitetar og prioriteringar både internt i instituttet og i kontakten med omverda.
Direktøren treng ulike former for støtte og kapasitet for å leie instituttet på ein god måte. Leiarar og tilsette i områda gjev fagleg støtte og stiller med innanfor sine ulike ansvarsområde. Instituttstab og kommunikasjonsavdelinga gjev støtte og stiller med kapasitet innanfor sine ansvarsområde. Direktørstaben sørgjer for at desse ressursane samarbeider og er koordinerte og tilgjengelege for direktøren på ein hensiktsmessig måte.
Direktørstaben er sekretariat for direktøren og leiinga i Folkehelseinstituttet. Staben gjer faglege førebuingar for direktøren, følgjer opp styringsdialogen med Helse- og omsorgsdepartementet, koordinerer samarbeidet med Helsedirektoratet og andre samarbeidspartnere (på toppleiarnivå) og koordinerer oppfølging og vidareutvikling av strategi og organisering. De tilsette i direktørstaben har ulike roller i oppdrag, utval og prosjekt på tvers i instituttet på vegne av direktøren og dei bestiller, bidrar til og leverer analyser og strategiske vurderingar etter kva direktøren har behov for.
Assisterande direktør
Assisterande direktør har ansvar for å gjennomgå drifta i instituttet, sikre at vi er rusta for framtida med tanke på økonomisk berekraft, behov for digitalisering og utvikling og eksterne krav. Stillinga er tillagt særleg ansvar for tverrgåande aktivitetar, inkludert digitalisering, utvikling av verksemda og finansieringsmetoder. Assisterande direktør har ansvar for å følgje opp større satsingar og tverrgåande aktivitetar, og bidra til optimal utnytting av ressursane i instituttet. Assisterande direktør rapporterer til direktør og er medlem av toppleiargruppa.
Internrevisjonen
Seksjon for internrevisjon skal fremma og verna FHIs verdiar ved å gi risikobaserte objektive stadfestingar, råd og innsikt. Seksjon for internrevisjon skal dekke heile instituttet og rapporterer direkte til direktøren.
Seksjonen er ein uavhengig, objektiv stadfestings- og rådgivingsfunksjon som skal tilføra meirverdi og forbetra organisasjonsdrifta. Internrevisjonen skal bidra til at FHI oppnår måla sine ved å evaluera og betra drifta gjennom å vurdera og foreslå betringar i prosessar for styring og kontroll. Internrevisjonen skal ikkje ha operasjonelt ansvar eller mynde, og vil ikkje involvera seg i aktivitetar som kan påverka sjølvstendet eller objektiviteten.
Revisjonsoppdraga kan omfatta alle område relaterte til styring av instituttet, risikostyring og kontroll. Internrevisjonen skal følgja opp korleis organisasjonen handterer dei oppmodingar som blir gitte i gjennomførde revisjonar. Kvart år utarbeider Internrevisjonen ein revisjonsplan som blir godkjend av direktøren. I utarbeiding av årleg revisjonsplan involverer Internrevisjonen alle områdedirektørane. Internrevisjonen leverer årsrapport til direktøren.