Avdeling
Bakteriologi
Avdeling for bakteriologi utfører laboratorieanalyser og forsking knytt til bakteriar som vert dekt av referansefunksjonane til instituttet og til antibiotikaresistens.
Kort om avdelinga
Avdeling for bakteriologi er ein laboratorieenhet som utfører analysar og forsking innan medisinsk bakteriologi. Gjennom velutstyrte, moderne laboratorium og høg kompetanse innan mikro- og molekylærbiologiske metodar, heilgenomsekvensering og bioinformatikk er vi ein sentral aktør innan mikrobiologisk forsking, diagnostikk, overvaking og kvalitetsforbetring. Vi samarbeider tett med andre laboratorieavdelinger og fagmiljø ved område for smittevern. Målgruppene våre er primærlaboratorier i medisinsk mikrobiologi i Noreg, og dessutan forvaltningsorgan og akademia nasjonalt og internasjonalt.
Forsking og metodeutvikling
Avdelingen er aktiv i forsking og metodeutvikling på problemstillingar av betydning for folkehelse både nasjonalt og internasjonalt. Forskinga omfattar genom-epidemiologi, mikrobiologi, vaksineutvikling og utvikling av antibiotikaresistens. Vi samarbeider med partnarar i Noreg og utlandet, mellom anna Universitetet i Oslo (NOR), Norges miljø- og biovitskaplige universitet (NOR), Imperial College London (UK) og Danmarks Tekniske Universitet (DK), UCL genomics institute (UK) og Harvard University (USA).
Nasjonalt referanselaboratorium
Som nasjonalt referanselaboratorium for 19 sjukdomsframkallande bakterieartar/genus får avdelinga prøver frå sjukehus og andre primærlaboratorier for artsfastsetjing, karakterisering og resistensbestemming. Vi leverer data til WHO, ECDC og NORM (Norsk overvakingssystem for antibiotikaresistens hos mikrobar). Resultata av analysane blir brukte aktivt innan diagnostikk, overvaking, utbrotsoppklaring og rådgjeving.
Nasjonalt beredskapslaboratorium
Avdelingen driftar nasjonalt beredskapslaboratorium med ansvar for diagnostikk av høgpatogene agens og bioterroragens. Vi har døgnbemanna beredskapsvakt for politi og medisinske mikrobiologiske laboratorium og bidreg til å styrkja beredskapen i landet mot mikrobiologiske truslar (Beredskapsdiagnostikk). Beredskapslaboratoriet samarbeider internasjonalt innan mikrobiologisk beredskap og deltek i laboratorienettverk for høgrisikosmitteagens.
Kvalitet, samarbeid og fagleg engasjement
Gjennom deltakinga vår i Nasjonalt forum for medisinsk mikrobiologi har vi ei rolle i å sikra god kvalitet og gode faglege tenester innan medisinsk mikrobiologi i Noreg. Vi har mellom anna eit ansvar i gjennomføring av dei årlege strategimøta i forumet og ringtestprogram i bakteriologi, mykologi og parasittologi.
Avdelinga har eit breitt samarbeid med akademia og forvaltningsorgan nasjonalt og internasjonalt. Vi har varafunksjon som National focal points (NFP) for mikrobiologi og fleire funksjonar som Operational contact points (OCP) i mikrobiologi og bioinformatikk i ECDCs folkehelsenettverk. Vi deltek i Nasjonalt forum for medisinsk mikrobiologi, Nasjonal medisinsk-mikrobiologisk beredskapskomité og Helsedirektoratets rådgivingsgruppe for nasjonale referansefunksjoner i medisinsk mikrobiologi.
Organisering og leiing
Avdeling for bakteriologi blir leidd av avdelingsdirektør Trine Marie Labée-Lund Normann og består av tilsette organisert i to seksjonar. Seksjonane er organiserte i driftsgrupper baserte på metodikk og fagområde. Bakteriologi 1 blir leidd av Ane Mohn Bjelland og inkluderer driftsgruppene bakteriologisk lab, PCR-lab, støttefunksjonar og substratlab. Bakteriologi 2 blir leidd av Margarita Novoa-Garrido og inkluderer driftsgruppene mykobakterier/TB-lab, immunologilab, NGS-lab, beredskapslab og FoU.
Utvalde forskings- og utviklingsprosjekt
Nor-WGS: Improved infrastructure for whole genome sequencing - WP6 (EU4HEALTH 2023-2025)
Målet med prosjektet er å styrkja og utvida Folkehelseinstituttets kapasitet for mikrobiell heilgenomsekvensering for overvaking og utbrotsundersøkingar. I WP6 vil me utvikla nye NGS-protokollar og metodar for mikrobielle agensar som har potensial til å skapa alvorlege utbrot eller sjukdom. For å styrkja beredskapen vår vil me også prøva å utvikla NGS-protokollar for nye og ukjende agensar.
Prosjektet er i samarbeid med avdeling for virologi (FHI) og blir leidd av Christine Genevieve Monceyron Jonassen.
Predicting optimal antibiotic treatment regimens (FRIPRO 2017-2023)
Formålet med dette prosjektet er å bidra til tre hovudmål for å forbetra tuberkuloseterapi ved hjelp av modellering og kliniske data: i) finna optimale doseringsstrategiar (dosenivå, doseringsfrekvens), spesielt for bakteriar resistente mot førstelinjemedisinar; ii) forkorta behandlinga slik at ho kan overhaldast lettare; iii) minimera utviklinga av ny resistens.
Prosjektet blir leidd av Pia zur Wiesch ved UiT.
Disentangling penicillin resistance and compensatory adaption in pneumococci by combining genomics and molecular microbiology (FRIPRO 2021-2025)
I dette prosjektet prøver me å identifisera nye determinantar for penicillinresistens og fitness-kompensasjon i pneumokokkar, ved hjelp av mikrobiell GWAS og in vitro eksperiment. Prosjektet blir leidd av Daniel Straume ved NMBU.
PROGLYC - Protein glycosylation, glycan diversity and immunogenicity in Neisseria (MRC & BBSRC, m.fl)
Prosjektet søkjer å kartleggja effekten av glykosylering av overflateprotein i bakteriar på immunrespons og gjenkjenning i menneske. Me utforskar glykaners potensiale som vaksineantigen for vaksinar mot patogene Neisseria, spesielt N. gonorrhoeae.
Prosjektet blir leidd av Bente Børud.