Hopp til hovedinnhold
FHI logo

Slik er det å jobbe i Folkehelseinstituttet

Artikkel

|

Oppdatert

Folkehelseinstituttet skal bidra til godt folkehelsearbeid og gode helse- og omsorgstenester gjennom å forske på, analysere, oppsummere og kommunisere kunnskap.

Vil du bli med på laget?

Hos oss møter du tilsette med høg kompetanse og stort engasjement. Mykje av arbeidet går føre seg i team på tvers av avdelingar og område. Vi har fokus på samarbeid og jobbar med å få gode og moderne digitale samarbeidsplattformer som skal gi oss ein enklare arbeidskvardag.

Har du interesse for helse? Vil du forske eller ta ein doktorgrad? Vil du vere med på å utvikle og digitalisere helseregistra? Vil du jobbe med fysisk og psykisk helse, gi råd om vaksinering eller bistå ved utbrotsetterforsking?

Vi står framfor store moglegheitar og ei spennande tid med digitalisering av helsedata. Vi byggjer nye løysingar, utbetrar dei som eksisterer og har ei aktiv rolle i samarbeid med andre nasjonale helseaktørar. I IT-avdelingane våre blir du ein del av eit dynamisk utviklingsmiljø som leverer innovative og brukerorienterte løysingar.

Vi kan tilby

  • Attraktive lokale i Oslo, Bergen, Trondheim, Tynset og Levanger: Lokala våre er i stor grad moderne og delt inn i både landskap og mindre kontor, med møterom som gir gode moglegheiter for samarbeid.
  • Kantiner med varmlunsj og salatbar.
  • Trening i arbeidstida: Dersom du har lita tid til å trene på grunn av tidsklemma på hjemmebane, så kan du trene to timar kvar veke i arbeidstida enten åleine eller saman med kollegaer. FHI har eit aktivt bedriftsidrettslag og nytt treningsrom på Lindern.
  • Fleksitid og IA-bedrift: Vi tilbyr fleksibel arbeidstid (normal arbeidstid 08.00–15.45). Vi er ei IA-bedrift, som blant anna betyr utvida rett til eigenmelding ved sjukdom.
  • Sommartid: Mellom 15. mai og 14. september er normal arbeidstid 08.00–15.00.
  • Permisjon: Vi har fleksible ordningar for omsorgs- og velferdspermisjonar, med og utan lønn.
  • Pensjonsordning: Alle tilsette er medlem av Statens pensjonskasse og nyt godt av avtalane og goda som følger med. Det trekkes 2 % av brutto lønn til obligatorisk premieinnskudd.
  • Lånemoglegheiter: Via medlemskapet i Statens pensjonskasse får du tilgang til eit av dei beste boliglåna på markedet. Gjennom arbeidsgivar blir det også ved behov gitt moglegheit til kortsiktige lønnslån.

Spesialisering i samfunnsmedisin og medisinsk mikrobiologi ved FHI

FHI er utdanningsinstitusjon for leger i spesialisering i samfunnsmedisin og i medisinsk mikrobiologi.

Ønsker du å jobbe hos oss?

Du kan allereie nå opprette ein brukar i Webcruiter der du registrerer CV, slik at han er klar for neste ledige stilling som du ønsker å søke på. Aktivér epostvarsling, så blir du varsla når vi lyser ut ei stilling.

Vi ser fram til å bli kjent med deg!

Publisert |Oppdatert
Fant du det du lette etter?