Kreftregisteret
Artikkel
|Oppdatert
Kreftregisteret samlar inn data og utarbeider statistikk om kreftførekomsten i Noreg, og har ein utstrekt forskingsaktivitet. Kreftregisteret har også administrativt ansvar for dei offentlege kreftscreeningsprogramma i landet.
Kreftregisteret del av FHI frå 1. januar 2024
Informasjon om Kreftregisteret vil framleis liggje på Kreftregisteret.no – inkludert informasjon om dei ulike kvalitetsregistera og screeningsprogramma (Mammografi-, livmorhals- og tarmscreeningsprogrammet).
Kort om Kreftregisteret
Kreftregisteret er ein del av Folkehelseinstituttet og har ansvar for å registrere alle krefttilfelle i Noreg. Vi samlar inn data og utarbeider statistikk om kreftførekomsten i landet. Vi driv også med utstrekt forskingsaktivitet, kunnskapsformidling og rådgiving. Gjennom dette arbeidet, i tillegg til å administrere dei tre nasjonale screeningsprogramma mot livmorhalskreft, brystkreft og tarmkreft, jobbar vi målretta for å redusere byrda av kreftsjukdom.
Kreftregisteret vart oppretta i 1951, og er med det blant dei eldste nasjonale kreftregistera i verda. Vi har rundt 200 medarbeidarar og held til i moderne lokale i Oslo Cancer Cluster Innovation Park ved Radiumhospitalet, der ei rekkje av dei leiande kreftfaglege miljøa i Noreg er samla.
Avdelinger og seksjoner - Kreftregisteret
- Screeningprogrammene
- Registeravdelingen
- Analyse og forskningsseksjonen
- Dataflytseksjonen
- Registerseksjonen
- Medisinsk faggruppe
- Registerinformatikkavdelingen
- Arkitektur og innovasjon
- Meldingsutvikling, avvik og data
- Systemadministrasjon, infrastruktur og nettverkssikkerhet
- Utvikling registerløsningen
- Utvikling screeningløsninger og befolkningstjenester
- Forskningsavdelingen
- Seksjon for molekylær epidemiologi og infeksjoner
- Seksjon for epidemiologi og forebygging
- Seksjon for administrasjon og forskningsstøtte
- Administrasjonsavdelingen
- HR- og kommunikasjonsseksjonen
- Stab