Leiinga ved Folkehelseinstituttet
Artikkel
|Oppdatert
Instituttets øvste leiing består av konstituert direktør, assisterande direktør, områdedirektørane, kriseleiar, direktør for instituttstab og administrasjon, stabssjefen, og kommunikasjonsdirektøren.
Toppleiargruppa
Direktør Guri Rørtveit
Guri er øvste leiar for Folkehelseinstituttet (FHI). Ho er også instituttet sin kontakt til politisk leiing i Helse- og omsorgsdepartementet.
Assisterende direktør Gun Peggy Knudsen
Den assisterande direktøren skal ha eit særleg ansvar for tverrgåande aktivitetar, inkludert digitalisering, verksemdsutvikling og finansieringsmodellar. I tillegg vil ho følgje opp større satsingar i FHI og er direktørens faste stedfortreder. Assisterende direktør har ansvar for å gjennomgå instituttdrifta for å sikre at vi er betre rusta for framtida med tanke på økonomi, digitaliserings- og utviklingsbehov og eksterne krav.
Områdedirektør Kjetil Telle
Han leiar område for helsetenester.
Området leverer kunnskapsgrunnlag til styresmakter på alle nivå i helse- og omsorgstenestene, frå sentrale styresmakter til kommunehelsetenesta. Området har spisskompetanse på kunnskapsoppsummeringar, metodevurderingar (‘health technology assessments’, HTA), brukarerfaringsundersøkingar, helse og helsetenestebruk blant innvandrarar, indikatorar for kvalitet i helsetenesta, kvalitetsforbetring i kommunehelsetenesta, nytte-kost-analysar og helsetenesteforsking basert på store administrative data.
Stillinga har tverrgåande koordineringsansvar for kunnskapsoppsummeringar, helseøkonomiske analysar, metodevurderingar, helsetenesteanalysar, helsesystemanalysar og brukarmedverknad.
Fungerande områdedirektør Elisabeth Storvoll
Ho leiar område for psykisk og fysisk helse.
Fagmiljøet arbeider med tema som gjeld psykisk og fysisk helse og rus, og rettar særleg merksemd mot førekomst av sjukdom, faktorar for årsak og vern mot sjukdom, helsefremjande forhold og evaluering av tiltak. Området har spisskompetanse på epidemiologi og helsestatistikk, og byggjer opp og utviklar aktivitetar for sjukdomsbyrdeanalysar, kunnskapsoppsummeringar og evaluering av folkehelsetiltak.
Elisabeth Storvoll har tverrgåande koordineringsansvar for forsking og helseanalyse.
Områdedirektør Are Stuwitz Berg
Han leiar område for smittevern. Fagmiljøet i dette området har ekspertise på smittestoff og smittsame sjukdomar. Området driv forsking, helseanalyse og tenester. Området har også høg laboratoriefagleg kompetanse.
Are Stuwitz Berg har tverrgåande koordineringsansvar for beredskap og råd. Han har også koordineringsansvar for laboratorieverksemda i instituttet.
Områdedirektør Christine Bergland
Ho leiar område for helsedata og digitalisering.
Området har ansvaret for innsamling, forvaltning og utlevering av data og biologisk materiale knytt til befolkningsbaserte helseundersøkingar og helseregister. I tillegg har området ansvar for it-utvikling av løysingar kor FHI er dataansvarleg.
Området driv registerbasert forsking og helseanalyse, samt genetisk og anna forsking som gjeld biobankmateriale. Fagmiljøet har spisskompetanse på bioinformatikk.
Stillinga har tverrgåande koordineringsansvar for helseregister, IT og e-helse, og helseundersøkingar og biobankar.
Områdedirektør Christine Instanes
Ho leiar område for klima og miljø, som blei etablert i 2021.
Området har ekspertise på humantoksikologi, eksponeringsforsking, miljøepidemiologi og helserisikovurdering.
Fagmiljøet har omfattande forskings- og rådgivingsaktivitet og har sentrale roller i ei rad internasjonale og nasjonale forskingsprosjekt. Blant viktige utviklingsfelt i området er Human Miljøbiobank Norge, eit svært nyttig verktøy for å forstå korleis mellom anna klimaendringar påverkar eksponering og folkehelse. Vidare har området stor merksemd på kunnskapsutvikling som sikrar rein luft, reint vatn og trygge produkt. Laboratorieverksemd står sentralt i aktivitetane i området.
Område for klima og miljø har beredskapsoppgåver ved større miljø- og kjemikaliehendingar.
Områdedirektør Giske Ursin
Ho leiar område for Kreftregisteret, som blei ein del av instituttet 1. januar 2024.
Kreftregisteret etablerer kunnskap og spreier kunnskap som skal bidra til å redusera byrda med kreftsjukdom. Registeret samlar inn data og utarbeider statistikk om kreftførekomsten i Noreg, og har ein utstrekt forskingsaktivitet. Kreftregisteret har også administrativt ansvar for dei offentlege kreftscreeningsprogramma i landet.
Områdedirektør Unni Aagedal
Ho leier instituttstab og administrasjon.
Dei har ansvar for støtte til leiinga og verksemdstyring av instituttet, forvaltning og utføring av gjennomgåande administrative tenester, for å sikre etterleving av lovar, forskrifter, eksterne og interne krav samt forvalting av interne driftstenester, inkludert lokale.
Stabssjef Gunhild Wøien
Stabssjefen sørgjer for samhandling og koordinering, både internt i instituttet og i kontakten med omverda, og sikrar heilskap og samanheng i organisasjonen.
Stabssjefen er rådgivar for direktøren, særleg i områdeovergripande prosessar.
Kommunikasjonsdirektør Christina Rolfheim-Bye
Kommunikasjonsdirektøren leiar avdeling for kommunikasjon, og har ansvar for kommunikasjon både internt og eksternt i Folkehelseinstituttet.