Hopp til hovedinnhold
FHI logo
Livmor med grafer i bakgrunn (illustrasjon)

Aborttala er stabile – stor endring i fleire byar

Nyhet

|

Publisert

Det er uendra tal på abortar frå 2023 til 2024 nasjonalt, men vi ser ei endring i fleire av dei store byane. Det er ein nedgang i talet på abortar i Bergen, Stavanger og Oslo medan det er oppgang i Trondheim og Tromsø, viser 2024-tala frå Abortregisteret.

Kort om aborttal i 2024

  • Nasjonalt var det stabile aborttal både for sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot.
  • Det var ein nedgang i talet på abortar i Bergen (18 %), Stavanger (10 %) og Oslo (9 %) medan det var oppgang i Trondheim (9 %) og Tromsø (8 %).
  • Det var fylka Finnmark, Troms og Nordland som hadde dei høgaste abortratane, og Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal som hadde dei lågaste.
  • Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke, og ni av ti abortar vert utført med medikament som framkallar ein abort.

Aborttala steig for første gang sidan 2008 i 2022, men flater no ut viser den nye statistikken frå Abortregisteret som Folkehelseinstituttet publiserte den 18. mars. Tala er publiserte her:

Store regionale skilnader

I 2024 var det utført 12 811 abortar mot 12 837 i 2023. Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke, og ni av ti abortar vert utført medikamentelt.

– Det er stabile aborttal i 2024 nasjonalt, samtidig ser vi ein nedgang i fleire av dei store byane, seier overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret, Folkehelseinstituttet.

Bergen hadde ein nedgang i aborttala på 18 %, medan Stavanger hadde 10 % og Oslo 9 % nedgang. Trondheim hadde ein oppgang på 9 % og Tromsø oppgang på 8 %.  

Graf som viser nedgang i fleire store byar

Ettersom befolkninga aukar over tid, må ein sjå på abort-raten for å finne den reelle utviklinga i aborttala. Abort-raten er aborttal per 1000 kvinner i alderen 15–49 år i landet. I 2019 var raten for abort for første gong i historia under 10 per 1000 kvinner medan den i 2024 er på 10,3 ned frå 10,4 i 2023 nasjonalt.

kart uthevet med farger for å vise at det er flere abortar i nord (illustrasjon)
Illustrasjonsgrunnlag: Kartverket

I 2024 hadde desse fylka dei høgaste og lågaste abortratane, målte i tal på abortar per 1000 kvinner i alderen 15–49 år

Høgaste abortrate

Finnmark: 15,9
Troms: 13,9
Nordland: 11,5

Lågast abortrate

Rogaland: 7,1
Vestland: 7,9
Møre og Romsdal: 8,2


Hormonell prevensjon og aborttal blant dei unge

Sidan 2020 har det vore ein jamn årleg oppgang i talet på abortar i aldersgruppa 15– 19 år. Frå 4,4 i 2020 til 6,8 i 2024 per 1000 kvinner.

For kvinner i alderen 20–24 år har det vore ein oppgang frå 13,6 i 2020 til 16,1 i 2024 per 1000 kvinner.

– Dette er ei utvikling vi vil følgje med på framover, seier Løkeland-Stai.

I 2023 var det ein auke i aborttala og det var ein del saker i media om nedgang i bruk av hormonell prevensjon blant unge i 2023.
– I år ser vi uendra aborttal i forhold til 2023 og samtidig ein stor nedgang i fleire av dei store byane. Vi veit ikkje årsaka til dette, men prevensjonsbruk kan vera ei årsak. Det vil alltid vera variasjonar avhengig av prevensjonsbruk og andre faktorar, forklarer Løkeland-Stai.

Studiar viser at bruk av langtidsverkande prevensjon, som til dømes p-stav og spiral, er den type prevensjon som i størst grad førebygger uynskte svangerskap, avsluttar Løkeland-Stai.

Stabilitet også i dei nemndbehandla svangerskapsavbrota

Frå 2023 til 2024 har det vore stabile aborttal både for sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot på landsbasis.

Svangerskapsavbrot etter tolvte veke må behandlast av ei nemnd. Dei sakene som får avslag i primærnemnda, vert automatisk sende vidare til ei klagenemnd. 
I 2024 vart det i alt utført 631 nemndbehandla avbrot. Av dei nemndbehandla abortane vart nesten alle (628) innvilga i primærnemnd. 

– Dei fleste nemndbehandla avbrota vart innvilga på grunnlag av risiko for fosterskader, seier Løkeland-Stai.

Frå 1. juni 2025 vil retten til sjølvbestemt abort utvidast til og med utgangen av 18. veke. 

Nesten to tredelar av tidlege abortar var fullført heime i Helse Nord

Abortregisteret kan presentere tall på kor mange abortar som vert avslutta heime frå Helse Nord. Dei andre helseregionane kan per i dag ikkje rapportere data på dette. 62,8 % av alle abortar til og med utgangen av 10. veke vart avslutta utanfor sjukehuset med ein variasjon på 22,7– 76,2 % avhengig av kva for sjukehus som var ansvarlege for behandlinga. 

Publisert
Fant du det du lette etter?