Hopp til hovedinnhold
FHI logo

Stabile aborttal i første halvår

Nyhet

|

Publisert

I løpet av første halvår i 2024 ser vi førebels stabile aborttal på landsbasis. Samtidig ser vi ein nedgang i Oslo og blant dei i aldersgruppa 25-29 år.

Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert

Ta meg til forsiden

Førebelse tal for 2024 visar at aborttala for første halvår held seg stabile.

– Etter ein oppgang i aborttala etter pandemien, ser det no ut til at vi får ei stabilisering av aborttala i 2024 samanlikna med 2023, seier Mette Løkeland-Stai, overlege ved Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet.

Graf over talet på abortar per år og halvår i tidsrommet 2014-2024.
Figur 1. Talet på abortar per år og halvår i tidsrommet 2014-2024.

Aborttala går tilbake i alderen 25–29 år og aukar litt for dei under 20 år

Tala viser ein skilnad i tendens mellom dei ulike aldersgruppene (Figur 2).

– Vi ser ein nedgang i aborttala i gruppa 25–29 år.  Blant dei mellom 15–19 år ser det ut til å vere ein liten oppgang, fastslår Løkeland-Stai. 

Figur 2. Talet på abortar per aldersgruppe i første halvår for åra 2014-2024.
Figur 2. Talet på abortar per aldersgruppe i første halvår for åra 2014-2024.

Regionale skilnader 

Dei fleste universitetssjukehusa så ein auke i aborttala i 2023 i forhold til føregåande år. I år har det derimot vore ein nedgang på 10 prosent så langt ved Oslo universitetssjukehus. Endringane har vore mindre markante ved dei andre universitetssjukehusa (Figur 3). 

Graf over talet på abortar i første halvår ved universitetssjukehusa i Noreg i tidsrommet 2014-2024.
Figur 3. Talet på abortar i første halvår ved universitetssjukehusa i Noreg i tidsrommet 2014-2024.

Fordelinga mellom sjølvbestemte og nemndbehandla abortar er stabil  

Prosentdelen nemndbehandla abortar i forhold til alle abortar er i første halvår av 2024 på 4,9 prosent. Fordelinga mellom sjølvbestemte og nemndbehandla abortar held seg dermed stabilt på under 5 prosent for nemndbehandla abortar.  

Om tala

Abortregisteret har gjort ei førebels opptelling av talet på abortar i første halvår av 2024. Innan utgangen av august er normalt 96 prosent av abortane på landsbasis frå første halvår meldt til Abortregisteret. Abortregisteret gjer merksam på at tala i denne saka er førebelse, og vil kunne auke noko.

Publisert
Fant du det du lette etter?