Høgare førekomst av overvekt og fedme blant 8-åringar med innvandrarbakgrunn
Forskningsfunn
|Publisert
Born med innvandrarbakgrunn har større førekomst av overvekt og fedme enn born utan innvandrarbakgrunn. Utdanningsnivået til foreldra ser ikkje ut til å påverka resultatane viser studie gjort av forskarar ved Folkehelseinstituttet.
Artikkelen i BMC Public Health: The influence of immigrant background and parental education on overweight and obesity in 8‑year‑old children in Norway
Tredjeklassingar frå Barnevekststudien
Høgde, vekt og livvidde vart målt av helsesjukepleiarar i eit landsrepresentativt utval av tredjeklassingar i Barnevekststudien (i 2010, 2012 og 2015), og data frå Statistisk sentralbyrå om barna og foreldre deira (innvandrarbakgrunn, fødeland og utdanningsnivå) vart brukt. Borna vart delt i to hovudgrupper; dei utan innvandrarbakgrunn og dei med innvandrarbakgrunn. Dei med innvandrarbakgrunn vart vidare kategorisert etter region basert på fødeland (Vest- og Nord-Europa, Sør- og Aust-Europa, Asia med unntak av Søraust-Asia, Søraust-Asia og Afrika). Av dei 8858 inkluderte deltakarane i studien hadde 15% innvandrarbakgrunn.
Foreldre sitt utdanningsnivå vart brukt for å definere sosioøkonomisk status. Beskrivande analysar vart utført for å sjå på skilnader i førekomst av overvekt og fedme for kjønn og foreldre sitt utdanningsnivå, etter innvandrarbakgrunn, forklarar postdoktor Bente Øvrebø ved FHI.
Høgare førekomst hos born med innvandrarbakgrunn
Hovudanalysen nytta justerte analysar for å finne forskjellar i førekomst av overvekt og fedme mellom borna med og utan innvandrarbakgrunn, og undersøke betydninga av foreldres utdanningsnivå.
Analysane viste at born med innvandrarbakgrunn hadde høgare førekomst av overvekt og fedme enn born utan innvandrarbakgrunn. Når ein såg på førekomst etter region, fann forskarane at born med bakgrunn frå Sør- og Aust-Europa, Asia utan Sør-Asia og Afrika hadde høgare førekomst av overvekt og fedme enn born utan innvandrarbakgrunn. Foreldre sitt utdanningsnivå kunne i liten grad forklare desse forskjellane, seier Øvrebø.
Om studien
Overvekt er ein risikofaktor for ulike ikkje-smittsame sjukdommar og utgjer ei avgjerande utfordring for folkehelsa. I nokre høginntektsland har utviklinga av overvekt stabilisert seg. Men endringar i ulike undergrupper, som grupper med ulik sosioøkonomisk status og migrasjonshistorikk blant barnepopulasjonen, kan romme større variasjonar. I denne studien såg forskarane på eit stort datagrunnlag blant 8-årinagar. Målet var å sjå på skilnadene i førekomst av overvekt og fedme blant dei med og dei utan innvandrarbakgrunn. Det var også eit mål å utforska om innvandrarregion og sosioøkonomisk status påverka forskjellar i vektstatusen.