Hopp til hovedinnhold
FHI logo

Tungmetall finst i all morsmjølk

Forskningsfunn

|

Publisert

Miljøgifter finst i morsmjølka til alle norske mødrer. Nivå av kadmium og bly i morsmjølk i Noreg var likevel blant dei lågaste som er rapportert i verda, viser resultat i ein studie frå Folkehelseinstituttet.

Forskarane har undersøkt om det finst tungmetall i morsmjølka til norske mødrer og kva som er kjeldene, spesielt om inntak av fisk og sjømat speler ei rolle. Prøvane av morsmjølk blei samla inn i perioden 2003-2006.

Resultat frå studien viser at:

  • Kadmium og kvikksølv blei funne i morsmjølka til alle mødrer som deltok i studien medan bly blei funne i 87 prosent av morsmjølkprøvane. Nivå av kadmium og bly i morsmjølk i Noreg var likevel blant dei lågaste som er rapportert i verda, viser forskningsresultat frå andre land.
  • Omtrent ein tredjedel av kvikksølvet i norske prøvar av morsmjølk kom frå amalgamfyllingane til mor, og 10 prosent kom frå høgt sjømatinntak. Spesielt kveite, mager fisk, skjell og krabbe bidrog til kvikksølv i morsmjølk.
  • Bly i morsmjølk kom frå mor sitt konsum av innmat frå vilt.
  • Forskarane fann ikkje kjelda til kadmium i morsmjølk i kosthaldsfaktorane dei undersøkte.

Frå 2008 blei det forbode å bruke amalgamfyllingar i Noreg.

Utslepp av kvikksølv i Noreg blei halvert i perioden frå 2004 til 2017, ifølgje Miljødirektoratet. På den andre sida fører klimaendringar til større frigjering av kvikksølv til miljøet.

Kvikksølv kan påverke hjernen til fosteret og føre til nevrologiske forandringar hos vaksne. Det er derfor viktig å kartleggje kva for miljøgifter som finst i morsmjølk og forstå korleis vi kan forhindre stoffa i å forureine morsmjølk, seier forskar Nina Iszatt ved Folkehelseinstituttet.

Om studien

300 mor og barn-par frå fødselskohorten HUMIS – den norske morsmelkstudien, leidd av Merete Eggesbø, deltok i studien. Forskarane undersøkte morsmjølk frå mødrene som var samla inn da barna var omtrent éin månad gamle.

Forskarane analyserte morsmjølkprøvane for tungmetall. I tillegg brukte dei spørreskjema utfylt av mor med kosthalds- og helseopplysingar om seg og barnet.

Referanse

Vollset M, Iszatt N, Enger Ø, Gjengedal ELF, Eggesbø M. Concentration of mercury, cadmium, and lead in breast milk from Norwegian mothers: Association with dietary habits, amalgam and other factors. Sci Total Environ. 2019 10;677:466-473.

 

Publisert
Fant du det du lette etter?