Hopp til innhold

Forskningsfunn

Sosial angst kan auke risikoen for alkoholmisbruk

Publisert

Personar med sosial angst har auka risiko for alkoholmisbruk. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet. Mens sosial angst ofte startar i 14-årsalderen, startar alkoholproblem i 19-årsalderen.

kvinne mann vinglass
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Personar med sosial angst har auka risiko for alkoholmisbruk. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet. Mens sosial angst ofte startar i 14-årsalderen, startar alkoholproblem i 19-årsalderen.


Type studie: Observasjonsstudie. Deltakarar: Vaksne.

Personar som har sosial angst, føler seg usikre i sosiale samanhengar og gruar seg ofte seg til daglegdagse situasjonar der dei skal møte ukjente menneske eller føler seg vurdert av andre. Nokre bruker alkohol for å dempe angsten.

– Med denne studien kan vi i større grad enn tidlegare slå fast at sosial angst er ei årsak til alkoholmisbruk, mens andre angstlidingar i liten grad er det, seier forskar Fartein Ask Torvik ved Folkehelseinstituttet.

Fleire studiar viser at alkoholmisbruk oftare førekjem hos personar med sosial angst enn hos personar utan slik angst. Men forskarane har vore usikre på kva som er samanhengen. Er det eigentleg noko spesielt med sosial angst, eller er det ein slags merkelapp for generelle angstproblem? Fører angst til alkoholmisbruk, eller er det omvendt – at alkoholmisbruk gir angst?

Det kan også vere at sårbarheit i genetikk eller personlegdom fører til både sosial angst og alkoholmisbruk.

Alkoholproblem starta i 19-årsalderen

Torvik er førsteforfattar på studien der 2800 vaksne tvillingar er intervjua to gonger med ti års mellomrom. I intervjua vart det mellom anna spurt om symptom på alkoholmisbruk, sosial angst og andre angstlidingar.

Det første intervjuet vart gjennomført då tvillingane var i slutten av 20-åra og det andre då dei var i slutten av 30-åra.

Resultata om angstlidingar og alkoholmisbruk er no publisert i tidsskriftet Depression & Anxiety.

Resultata viser at:

  • 8-12 prosent av mennene og 14-18 prosent av kvinnene hadde sosial angstliding eller sterke symptom på det. Andelen var lågast ved det andre intervjuet.
  • 9-13 prosent av mennene og 3-5 prosent av kvinnene hadde misbrukt alkohol. Andelen var lågast ved det andre intervjuet.
  • Om lag 1 av 4 menn og 1 av 8 kvinner med sosial angst hadde også alkoholmisbruk.
  • Problem med sosial angst starta i gjennomsnitt i 14-årsalderen, medan problem med alkohol starta ved 19 års alder.

Forskarane analyserte også samanhengen mellom andre angstformer og alkoholmisbruk.

– Alle typar angst hadde samanheng med alkoholmisbruk, men samanhengen var ikkje så sterk og langvarig som for sosial angst, seier Torvik.

  • Dei to intervjua viste at sosial angst kunne forutseie auka risiko for alkoholmisbruk ti år seinare.
  • Samanhengen gjeld sjølv når ein tar høgde for risikofaktorar som kan føre til både sosial angst og alkoholmisbruk, mellom anna genetiske faktorar som disponerer for fleire ulike psykiske lidingar.
  • Det var berre kortvarige effektar mellom alkoholmisbruk og andre angstlidingar.

Behandling av sosial angst kan førebygge alkoholproblem

På tilstelningar og samkome som personar med sosial angst gruar seg til, blir det ofte servert alkohol, og mange drikk alkohol for å dempe angstkjensler. Å redusere sosial angst-kjensle er eit viktig motiv for å drikke alkohol.

– Sosial angst er eit folkehelseproblem, men berre ein liten andel av dei som har sosial angst, får behandling. Denne studien viser at behandling av sosial angst er viktig, både for at ein skal få eit betre liv utan angsten og for å forebygge alkoholproblem, seier Torvik.

Behandling med kognitiv åtferdsterapi har vist gode resultat for sosial angst. Ein sentral del av kognitiv åtferdsterapi er eksponering, det vil seie at på ein kontrollert måte utset seg for det ein fryktar, heilt til angsten vert mindre. For personar som allereie er i behandling for sosial angst, bør behandlaren spørje vedkomande korleis dei bruker alkohol.

Om sosial angst

Andre studiar viser at om lag 10– 15 prosent av vaksne har periodar i livet der dei har problem med sosial angst, og nokre har vedvarande problem. Den nye studien frå Folkehelseinstituttet bekreftar desse tala. Andelen med sosial angst var mindre ved det andre intervjuet, det er som forventa at problema kan avta med tida.

Sosial angst, depresjon og alkoholmisbruk er dei vanlegaste psykiske lidingane i Noreg – når ein ser bort frå spesifikke fobiar, slik som edderkoppangst og flyangst. 

Genetikk er ein årsaksfaktor ved sosial angst, i tillegg har miljøfaktorar betydning.

Anna forsking om sosial angst ved FHI:

Om studien

2801 vaksne tvillingar frå heile landet deltok. Dei vart intervjua då dei var 19-35 år og 82 prosent av desse deltok óg i intervju ti år seinare. Det vart brukt såkalla diagnostiske intervju der spørsmåla er utforma på ein standardisert måte, og svara vert vurderte av ein kvalifisert intervjuar.

Spørsmåla var utforma for å avdekke om deltakarane hadde hatt ulike typar angst og alkoholmisbruk dei siste fem åra. Ved hjelp av statistiske metodar undersøkte forskarane om det var samanheng mellom dei ulike angstlidingane og skadeleg alkoholbruk/misbruk. Dei tok også hensyn til at personar med sosial angst ofte har andre angstproblem i tillegg.

Som personar med sosial angst rekna ein i denne studien alle som oppfylte standardiserte, internasjonale kriterium for denne psykiske lidinga.

Når det gjeld alkoholmisbruk, finst det ei rekke kjenneteikn på skadeleg alkoholbruk/misbruk og alkoholavhengigheit. I intervjua vart det mellom anna spurt om det førekjem episodar der ein drikk meir og lenger enn ein hadde tenkt, at ein fleire gonger har forsøkt å redusere alkoholbruken utan å klare det, at ein må drikke meir for å få same effekt som tidlegare, at ein opplever at drikking eller fyllesjuke ofte fører til problem med å ta seg av familien eller problem på jobb og skule, og at ein fortsetter å drikke sjølv om det skapar problem med familie eller vener.

Alkoholmisbruk/skadeleg alkoholbruk og alkoholavhengigheit vert rekna som psykiske lidingar i WHO sitt internasjonale diagnosesystem. På norsk bruker ein no uttrykket alkoholbrukslidingar (alkoholbrukslidelser), se Folkehelserapportens kapittel rusbrukslidelser

Referanse

Torvik F. A. et al. Explaining the association between anxiety disorders and alcohol use disorder: A twin study. Depression & Anxiety 2019;1-11. DOI:10.1002/da.22886.