Hopp til innhold

Forskningsfunn

Andelen barn med autisme aukar i Noreg, og det er store fylkesvise forskjellar

Publisert

barn og bamse
Illustrasjonsfoto. Africa Studio

På landsbasis har 7 av 1000 barn diagnosen autisme, men det er store skilnader mellom gutar og jenter og mellom fylka. Dette viser oppdaterte tal frå Autismestudien i den Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa).



Autismespekterforstyrringar har tre kjernesymptom: Vedvarande svikt i sosial fungering, vedvarande svikt i kommunikasjon og repetitiv, innskrenka og stereotyp åtferd.

I teksten nedanfor bruker vi kortforma autisme i staden for autismespekterforstyrringar.

Flest i Rogaland

Autismestudien er ein delstudie i Mor, far og barn-undersøkinga som skal gi meir kunnskap om utvikling og årsakar til autisme. Resultata viser at:

  • Landsgjennomsnittet viser at 7 av 1000 barn (0,7 prosent) har autisme.
  • Fylkestala varierer frå 3 av 1000 (0,3 prosent) barn i Hedmark til 10 av 1000 (1 prosent) i Rogaland.
  • Hedmark, Aust-Agder, Vest-Agder og Nordland låg under landsgjennomsnittet.
  • Møre og Romsdal og Rogaland låg over landsgjennomsnittet (sjå figur 1).
figur autisme
Andelen barn med autismespekterforstyrringar ved åtte års alder, fordelt på fylke. Vertikal linje er landsgjennomsnittet. .

– I fylka med låge tal for autisme kan det sjå ut til at mange med tilstanden ikkje blir oppdaga av helsevesenet eller får diagnosen seint, særleg blant jenter, seier hovudforfattaren av studien, Pål Surén.

Frå 2008 til 2016 auka andelen med autismediagnose i alle aldersgrupper. Gjennomsnittsalderen ved første registrering med autismediagnose var 4,9 år for heile Noreg, med variasjon frå 4,0 år i Aust-Agder til 5,5 år i Finnmark.

– Vi ser at bruken av diagnosen aukar over tid i alle aldersgrupper og hos begge kjønn. Derfor trur vi at den samla andelen som får autismediagnose før vaksen alder, vil ligge godt over 0,7 prosent, seier Pål Surén.

Barna vart i stor grad (95 prosent) undersøkte i samsvar med retningslinjer for diagnostisering av autisme som helseføretaka har etablert.

Fleire gutar enn jenter

Fleire gutar enn jenter får diagnosen:

11 av 1000 gutar (1,1 prosent) mot 3 av 1000 (0,3 prosent) jenter i Noreg hadde diagnosen ved åtte års alder. Det var med andre ord 4,4 gonger så mange gutar som jenter som var registrerte med diagnosen ved fylte åtte år.

Andelen i fylka varierte frå 2,4 gonger så mange gutar som jenter i Troms til 7,2 gonger fleire i Hordaland.

Om analysane

I denne studien har forskarane berekna kor stor prosentdel barn i Noreg som er registrert med autismediagnose i kvart kalenderår i perioden 2008–16. Forskarane registrerte også fylkesvis fordeling og fordelinga på kjønn og aldersgrupper. Vidare undersøkte dei korleis autisme blir diagnostisert og dokumentert i spesialisthelsetenesta.

Grunnlaget for berekningane er data frå Norsk pasientregister og Folkeregisteret. Korleis barna var utreda og diagnosen dokumentert vart kartlagt gjennom kopling av Norsk pasientregister og Den norske mor, far og barn-undersøkelsen. Forskarane gjennomgjekk i tillegg journalar frå spesialisthelsetenesta og vurderte om diagnosesettinga tilfredsstilte forskingskriteria for autismespekterforstyrringar. Journalgjennomgangen omfatta 503 barn.

Referanse

Pål Surén, Alexandra Havdahl, Anne-Siri Øyen, Synnve Schjølberg, Ted Reichborn-Kjennerud, Per Magnus, Inger Johanne Landsjøåsen Bakken, Camilla Stoltenberg. Diagnostisering av autismespekterforstyrrelser hos barn i Noreg. Tidsskr Nor Legeforen 2019. Publisert 7. okt. 2019. doi: 10.4045/tidsskr.18.0960