Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Forskningsfunn

ADHD-diagnosar ikkje godt nok dokumenterte

Folkehelseinstituttet har gjennomgått journalane til 549 barn som har ADHD-diagnose. Konklusjonen er at mange av diagnosane ikkje er godt nok dokumenterte.

Gutt drikker vann

Dette er blant funna i den vitskaplege artikkelen «Diagnostikk av hyperkinetisk forstyrrelse hos barn i Norge», som er publisert i Tidsskrift for den norske legeforening. Artikkelen handlar om bruken av ADHD-diagnosen i spesialisthelsetenesta, og korleis han varierer mellom fylka.

Forskarane har lese medisinske journalar og kartlagt korleis utgreiingane er gjorde, og korleis diagnosen er dokumentert. Journalgjennomgangane omfatta barn frå heile landet

– Vi fann at berre halvparten av ADHD-diagnosane var godt nok dokumenterte. Mange av utgreiingane var ikkje utførde etter anbefalingane i den nasjonale retningslinja, seier Pål Surén, forskar ved Folkehelseinstituttet.

Det var til dømes mange diagnosar som mangla ei såkalla differensialdiagnostisk vurdering, det vil seie ei vurdering av alternative forklaringar på symptoma. Hos ein del barn var det opplyst om lærevanskar og forseinka utvikling utan at det var gjort evne- eller utviklingstest, eller utan at det var teke omsyn til vanskane i diagnosevurderinga.

I andre tilfelle inneheldt journalane opplysningar om forhold i livet til barnet som kunne bidra til symptoma. Det kunne vere samlivsbrot mellom foreldra, alvorleg sjukdom hos foreldra, omsorgssvikt, overgrep eller mobbing.

– Slike forhold utelèt naturlegvis ikkje moglegheita for at barnet kan ha ADHD, men det må alltid drøftast kva forholda tyder for symptoma og funksjonen til barnet, seier Surén.

Han fortel at dei òg las journalar der beskrivinga av barnet ikkje passa med diagnosekriteria for ADHD, og der det kunne verka som om barnet hadde fått diagnosen utan reelt å ha tilstanden.

Vanskeleg å sette ADHD-diagnose

ADHD-diagnostikk er krevjande fordi det ikkje finst noko skarpt skilje mellom diagnosen og normal fungering. Høgt aktivitetsnivå, impulsivitet og mangelfull konsentrasjon er vanleg hos små barn, men trekka vert vanlegvis dempa ettersom barna mognast. Det kan vera utfordrande å avgjera terskelen for diagnose og kvar ein skal trekkja grensa mot det som er normalt for eit barn som heng etter i modningsprosessen.

Slike utfordringar er ikkje unike for ADHD. Mange psykiatriske og medisinske diagnosar er baserte på symptomkriterium og manglar klare terskelverdiar for diagnose. Diagnosane må då stillast på grunnlag av totalvurderingar og skjønn.

– Ei vanleg innvending mot ADHD-diagnosen er at han ikkje representerer eit utviklingsavvik, men er ein merkelapp på barn som ligg i ytterkant av normalområdet, fortel Surén.

Likevel påpeikar forskaren at studier av barn med ADHD har vist at problema deira er høgst reelle, og at dei på avgjerande måtar skil seg frå barn med normal utvikling. Hyperaktivitet og konsentrasjonssvikt fører ofte til store vanskar på skulen og elles. Mange har forseinka språkutvikling, motoriske vanskar og vanskar med å regulera eiga åtferd.

Ikkje undersøkt godt nok

– Nokre barn får ein ADHD-diagnose dei ikkje skulle hatt. Det betyr ikkje at friske barn får diagnosen, men at nokre barn med vanskar ikkje er undersøkt godt nok, seier forskaren.

Surén meiner det er behov for å forbetra diagnostikken av ADHD i den norske spesialisthelsetenesta. Den nasjonale retningslinja bør reviderast slik at ho stiller eksplisitte krav til kva som skal inngå i utgreiinga. Diagnosekriteria bør brukast aktivt, slik at diagnosen er reservert for barna som oppfyller desse kriteria. Forskaren meiner òg at det bør utviklast betre metodar for observasjon av barna i skule og barnehage, då slike observasjonar er ein viktig del av grunnlaget for diagnosen.

– Sjølv om ein del ADHD-diagnosar vert stilte på for tynt grunnlag, er det ikkje grunnlag for å seia at ADHD generelt er overdiagnostisert i Noreg. Det kan òg tenkjast at barn med ADHD ikkje vert fanga opp av helsevesenet, spesielt i dei fylka som har låge andelar barn med denne diagnosen, seier Surén.

– Det er derfor ikkje noko mål at andelen barn med diagnose skal ned. Målet må heller vera at diagnosen skal brukast på dei rette barna og byggja på grundige utgreiingar, avsluttar han.

Referanse

Surén et al. (2018): Diagnostikk av hyperkinetisk forstyrrelse hos barn i Norge. Publisert: 20. november 2018. Tidsskr Nor Legeforen 1970. DOI: 10.4045/tidsskr.18.0418

ADHD

I Noreg har 3,8 prosent av alle barn fått ADHD-diagnose ved tolv års alder.

Andelen varierer mykje mellom fylka, noko som må skuldast regionale skilnader i diagnostisk praksis.

2,5 gonger så mange gutar som jenter får diagnosen.

Andelen med diagnose har vore stabil dei siste ti åra, hos begge kjønn og i alle aldersgrupper.