Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Russ og alkohol

For mange heng russefeiring og alkohol nøye saman. Men nokre av drikkemønstra det blir oppfordra til, kan vere direkte livsfarlege - særleg for jenter.

Colourbox.com
Colourbox.com

Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet har undersøkt nokre av russen sine knutereglar. Fleire av reglane handlar om å drikke ei viss mengd alkohol på tid og kan gi dødeleg promille.

- Å styrtdrikke store mengder alkohol er svært farleg. Det er ekstra farleg å drikke på tom mage fordi alkoholen då går fortare over i blodet. Du må varsle medisinsk personell viss du ser nokon som blir dårleg, seier Liv Ingrid Flø Beck, seniorrådgivar på Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet.

Forskjell på gutar og jenter

Jenter vil som regel få høgare promille enn gutar dersom dei drikk same mengd alkohol. Ein av grunnane til dette er at alkohol fordelar seg i vasshaldig kroppsvev som for eksempel muskelvev. Sidan gutar ofte har meir musklar og større kropp enn jenter, har alkoholen meir vatn å fordele seg i. Hos jenter fordeler alkoholen seg i rundt 50-70 prosent av kroppsvekta, hos gutar rundt 60-80 prosent.

Kva skjer når promillen stig?

1 promille er det samme som 1 gram alkohol per kilo blod. Som tommelfingerregel vil promillen gi desse verknadene, men det kan vere store variasjonar frå person til person: 

  • Omkring 0,5 promille: Ein kjenner seg lett påverka. 
  • Mellom 0,5 og 1 promille: Ein blir meir kritikklaus og risikovillig. 
  • Over 1 promille: Balansen blir dårlegare, talen snøvlete og kontroll med rørsler blir forverra. Ein blir trøtt og sløv og kan bli kvalm. 
  • Over 1,5 promille: Dei fleste får problem med å hugse. Problema med å hugse aukar med stigande promille. 
  • Svært høg promille: Medvitet blir nedsett og ein kan bli medvitslaus. Pustesenteret i hjernen kan bli hemma. Oppkast er vanleg. Promille over 3 kan vere dødeleg. Risiko for død aukar sterkt også ved promille lågare enn 3, viss ein samtidig har brukt f. eks middel som roar ned, sovemiddel, smertestillande middel eller middel mot epilepsi.

Generelt:

  • Når promillen stig, klarer du ikkje ta vare på deg sjølv på same måte som når du er edru. Du blir meir utsett for skader og ulykker, både i trafikken og elles.
  • Dersom du søv tungt med høg promille, kan du kaste opp i søvne utan å merke det. Dersom oppkastet kjem over i lungene, kan du bli kvalt. Sjå også: Fakta om virkningene av alkohol på sentralnervesystemet og kroppen forøvrig.

Giftinformasjonen  har rekna ut om lag kor høg promille ei jente på 50 kg og ein gut på 75 kg vil få viss dei følgjer knutereglar for drikking av øl og vin på tid.

Dette er teoretiske verdiar, og det kan vere stor forskjell på symptom hos personar med same promille. Ved ei alkoholforgiftning vil det alltid vere symptoma som er avgjerande for kva slags behandling som er nødvendig.

Ta vare på kvarandre

– Kva bør ein gjere dersom ein medruss blir dårleg?

– Kontakt helsepersonell. Legevakt har telefonnummer 116 117 over heile landet. Ambulanse når du på telefon 113. Pass på medrussen til hjelpa kjem. Dersom personen søv eller er bevisstlaus, sørg for stabilt sideleie for å unngå at eventuelt oppkast kjem ned i luftvegane, seier Beck. 

Eksempel på promille

Eksempel: Ei kasse øl drukke på 24 timar

Viss inntaket av 24 flasker øl på 0, 33 l blir fordelt jamnt over 24 timar, dvs. ei flaske øl i timen, vil ”promillereknestykket” sjå slik ut:

Jente på 50 kg:

Ho får i seg til saman 24 x 12 g = 288 g alkohol.
Ho fordeler alkoholen i 50 kg x 60 % av kroppsvekta = 30 kg.
Forbrenninga av alkohol i kroppen er 0,15 ‰ per time. Alkoholkonsentrasjonen i blodet etter 24 timar blir då 288 g /30 kg – (0,15 x 24) = 6 i promille ifølge utrekninga. Ei jente med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan teoretisk få promille opp mot 9.

Gut på 75 kg:

Han får i seg til saman 24 x 12 g = 288 g alkohol.
Han fordeler alkoholen i 75 kg x 70 % av kroppsvekta = 52,5 kg.
Forbrenning av alkohol i kroppen er 0,15 ‰ per time.
Alkoholkonsentrasjonen i blodet etter 24 timar blir då 288 g /52,5 kg – (0,15 x 24) = 1,9 promille. For ein gut med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan promillen etter utrekninga kome promille opp mot 4,0. 

Styrtdrikking

Erfaringsmessig vil drikkemønsteret til mange sjå annleis ut enn det som er beskrive ovanfor (ei 0,33 l flaske per time). Særleg på byrjinga av festen vil mange drikke hyppigare – og nokon vil ”styrte øl”.

- Styrtdrikking fører til høg promille på kort tid og kan vere svært farleg. Du klarer heller ikkje å kontrollere inntaket på same måte som når du drikk alkohol over tid, då kan du avgrense/avslutte drikkinga dersom du kjenner uønska verknader, seier Liv Ingrid Flø Beck.

Eksempel: ei kasse ål på 4 timar

Jente på 50 kg drikk ei kasse øl på 4 timar:

Den høgaste alkoholkonsentrasjonen i blodet vil gjerne bli oppnådd etter 5-6 timar og blir då ifølge utrekninga nesten 9 promille. Ei jente med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan teoretisk få promille opp mot 11.

Jenta vil mest sannsynleg kaste opp, sovne eller bli bevisstlaus før ho klarar å drikke seg opp til ein slik høg promille.

Gut på 75 kg drikk ei kasse øl på 4 timar:

Den høgaste alkoholkonsentrasjonen i blodet vil gjerne bli oppnådd etter 5-6 timar og blir då ca. 4,5 promille. Ein gut med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan etter utrekninga få promille opp mot 6.

Eksempel: ei flaske vin på 40 minutt

Ei flaske vin (10 % alkohol) inneheld 75 gram alkohol.

Jente på 50 kg drikk ei flaske vin på 40 minutt:

Ho fordeler alkoholen i 50 kg x 60 % = 30 kg av kroppsvekta. Forbrenning av alkohol i kroppen er 0,15 ‰ pr time. Etter eit slikt inntak vil den høgaste alkoholkonsentrasjonen i blodet gjerne bli oppnådd etter 1,5 timar og blir då 75 g /30 kg – (0,15 x 1.5) = 2,3 promille. Ei jente med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan etter utrekninga få nesten 3 i promille.

Gut på 75 kg drikk ei flaske vin på 40 minutt:

Viss ein gut på 75 kg drikk same mengd vin på same tid, vil han få ca. 1,2 promille etter 1,5 timar. Ein gut med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan etter utrekninga få rundt 1,5 i promille.

Om artikkelen

Artikkelen er skriven av tidlegare avdeling for rettstoksikologi ved Folkehelseinstituttet. Eksempla er gjennomgått og oppdatert 21.4.2017 av avdeling for giftinformasjon ved Folkehelseinstituttet. 

Artiklar om alkohol