Slik tek me vare på personopplysningane dine i FHI-panelet
Artikkel
|Publisert
Du har gitt ditt samtykke til å vera med i FHI-panelet, og det er me svært glade for. På denne sida kan du lesa meir om korleis me tek vare på dine personopplysningar og kva rettar du har.
Korleis vert mine personopplysningar lagra?
Me lagrar dine personopplysningar to stader; i Tjenester for sensitive data (TSD) og i IDA.
I databasen TSD lagrar me namn, adresse, personnummer, utdaning og andre personidentifiserande kjenneteikn me har om deg som kjønn, sivilstand og statsborgarskap.
I IDA lagrar me opplysingane me brukar for å kommunisere med deltakarane i FHI-panelet som: Namn, kjønn, sivilstand, statsborgarskap, fødeland, adresse, fødselsdato, utdanning, tal på personar i husstanden og e-post-adresse.
Det er strengt regulert kven som har tilgang til desse databasane. Berre eit fåtal prosjektmedarbeidarar på Folkehelseinstituttet har tilgang til begge databasane. Prosjektmedarbeidarane har også teieplikt om desse opplysningane og ingen personopplysningar blir delt med nokon utanfor FHI.
Korleis melder eg meg av FHI-panelet
Du kan når tid som helse melde deg av FHI-panelet. I alle e-postar me sender frå deltakardatabasen vil det ligge ei lenke for å kunne melde seg av sist i meldinga. Du kan også kontakte oss på fhi-panelet@fhi.no dersom du ikkje lenger ynskjer å vera ein del av FHI-panelet.
Korleis kan eg få sletta mine personopplysningar
Dersom du ynskjer at me skal slette dine personopplysningar må du ta kontakt med oss på fhi-panelet@fhi.no.