Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Artikkel

EØS-programma om folkehelse

Litauens helseprogram

Publisert


Litauen har mottatt EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004. For perioden 2014–2021 kallar dei folkehelseprogrammet sitt for "Helse".


Hopp til innhold

Om EØS-midla

Gjennom EØS-avtalen er Noreg ein del av den indre marknaden i Europa. Avtalen inkluderer eit felles mål om å redusere sosial og økonomisk ulikskap i Europa og styrke samarbeidet mellom landa. EØS-midla er Noregs bidrag til dette. Det er i Noregs interesse at forskjellane i Europa vert mindre. Det vil føre til eit meir velfungerande Europa, både økonomisk og sosialt. 

Kjelde: Regjeringa.no


Har du funnet en feil?

Siste nytt

Litauen er klare for lansering av helseprogrammet sitt for EØS-midler. Den 8 november presenterer helse- og arbeidsdepartementa mål og forventa resultat av planane og legg vekt på integrert forbetring av psykisk helse i landet. 

Historikk

Litauen har motteke EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004. Dei første åra vart støtta organisert i mindre prosjekt. Sidan 2009 har støtta skjedd innanfor større programområde. 

Litauen har ei eiga nettside under eeagrants.org. Der finn du informasjon om resultata for prosjekta frå perioden 2009–2014. 

Ny periode: Betre førebygging og minska ulikheit i helse

For den nye EØS-perioden 2014–2021 fell folkehelseprogrammet inn under hovedsektoren Sosial inkludering, ungdomsledigheit og kamp mot fattigdom. 

I Litauens helseprogram er hovudmålet betre førebygging og minska forskjellar i helse. Det er sett av 15 millionar euro frå EØS-potten, jf. figur under. I tillegg bidreg landet sjølv med 2,6 millionar euro. Gjeldande periode varar formelt fram til 2021, men midlane kan nyttast fram til og med april 2024.

Figur_Litauen_budsjettutvikling.png

Programmet vil dekke to programområde: Europeiske folkehelseutfordringar og Barn og unge i fare. Departementa for helse og for sikkerheit og arbeid er programpartnarar og skal sørge for utvikling og implementering av programmet. Folkehelseinstituttet er norsk programpartnar

Programmet skal støtte psykisk helsefremmande tiltak og førebygging med særleg vekt på trivsel for barn og unge og familiane deira. Bakgrunnen for denne prioriteringa er at sjølvmord er den tredje viktigaste årsaka til for tidleg død i Litauen, og at psykiske lidingar og rusbrukslidingar er det som forårsakar tredje mest helsetap i landet. 

Les meir om helsetilstanden i Litauen

Hovudmål

Det er to hovudmål med kvar sine tre delmål i programmet:

  1. Lokalbasert førebygging og redusert ulikheit i helse for barn og unge i risikosonen

    1. Styrka kompetanse i den kommunale tenesta

    2. Rulla ut multi-dimensjonalt familieterapiprogram for barn med åtferdsutfordringar

    3. Utvikla psykososiale program

  2. Auka trivsel for barn og unge

    1. Utvikla og innført kvalitetsrammeverk for effektive metodar og integrerte tenester for sårbare barn og unge

    2. Bygd kapasitet for personell og foreldre i programmet Dei utrulege åra

    3. Utvikla og innført ein intervensjonsmodell for tidleg heimebesøk 

Fem predefinerte prosjekt

Undervegs i førebuingane av det nye helseprogrammet er det peika ut fem såkalla predefinerte prosjekt. Det vil seie prosjekt der ein søkjer å hente inn bestemt kompetanse hos ekspertar frå givarlanda for å dekke strategiske behov i staden for å bruke ope utlysing der ein ber om framlegg til prosjekt.

Fem prosjekt er vedtatt, og alle gjeld trivsel og psykisk helse for barn og unge:

  1. Tilpassing og samordning av nasjonale modellar for ungdomsvennleg helseteneste (0,26 mill. euro – 36 månader) 

  2. Multidimensjonal tilnærming til barn og unge med åtferdsproblem gjennom innføring av MDFT-programmet (Multidimensional Family Therapy) (1,2 mill. euro – 24 månader)
  3. Utvikling av treningsprogram og rådgjevarar i trivsel (0,21 mill. euro – 45 månader)

  4. Tilpassing og trening for lærarar, foreldre og barn i programmet Dei utrulege åra  (1,15 mill. euro – 36 månader)

  5. Utvikling og gjennomføring av tidleg intervensjonsmodell med heimebesøk (0,22 mill. euro – 45 månader)

To delegasjonar frå helsedepartementet i Litauen og Lithuanian University of Health Science var på besøk i Noreg i mai 2019 og fekk innføring i program som gjeld nr 3 og nr. 5 av dei predefinerte prosjekta. Den første delegasjonen vitja «Nye familiar», eit heimebesøksprogram for alle nybakte familiar, og «Familie for første gang», eit oppfølgingsprogram for førstegangsfødande med behov for ekstra støtte i graviditeten og dei to første leveåra til barnet

Folk med sykler på skogsveg
Delegasjonen brukte sykkel i Modum. Foto: Folkehelseinstituttet

Den andre delegasjonen besøkte Modum Bad og Trivselshuset, frisklivssentralen i Modum. 

Bilaterale ambisjonar

Programmet skal styrke dei bilaterale tilhøva mellom Litauen og givarlanda. Gjennom programaktivitetane vil ein knyte kontaktar og leggje grunnlag for partnarskap og seinare aktivitetar. Folkehelseinstituttet vil hjelpe til å få i stand desse kontaktane.

Det er satt av 100.000 euro til partnarsøk, utvikling av predefinerte prosjekt og andre partnarskapsinitiativ. 

Tidsplan framover 

Det kjem informasjon her om utlysingar og anna etter kvart. Vi veit meir om tidsplan for utlysingar etter programlanseringa 9. november, For dei som abonnerer på det elektroniske nyheitsvarselet vårt om internasjonalt arbeid, vil det komme melding i e-postkassa. Du kan melde deg på her: Nyheitsvarsel frå Folkehelseinstituttet. Hugs å hake av for Internasjonalt arbeid.

Meir lesestoff:

Inngår gjerne nye partnerskap.
Spørreundersøking om erfaringane blant norske partnarar frå tidlegare samarbeidsprosjekt.

Sammen om et grønt, konkurransedyktig og inkluderende Europa (pdf). 
Regjeringas omtale av korleis EØS-midla vert fordelte innafor hovudprogramma i Litauen i den nye perioden 2014–2021.

Sammen for å redusere ulikheter i helse (pdf).  
Informasjonsbrosjyre med eksempel på helseprosjekt frå ti land som mottok EØS-middel i perioden 2009–2014.