Hopp til hovedinnhold
FHI logo
bilvrak i vegkanten
Illustrasjonsfoto Colourbox

Malawi: Kunnskap skal bremse auken i trafikkskadar

Artikkel

|

Oppdatert

Mens talet på trafikkskadde og trafikkdrepne går ned i rike land, aukar talet mykje i fattige land. Malawi har nå innført tiltak for å redusere trafikkulykkene, basert på eit prosjekt som FHI har tatt initiativ til.

Siste nytt frå oppfølging av prosjektet

Ein komité er etablert i Malawi for å utarbeide ein rapport til parlamentet sin helsekomité med framlegg om fleire tiltak for å betre trafikktryggleiken. Utgangspunktet for arbeidet er resultat og tilrådingar frå trafikkprosjektet. Planen er å sende rapporten innen utgangen av 2022, og dei håper at planen vil bli handsama i regjeringa. Komiteen har representantar frå fleire departement, vegdirektoratet, politiet, Motorsykkel-, Taxi- og Kjøreskoleorganisasjonen, og prosjektkoordinatorane frå Kamuzu Central Hospital. 

- Vi håper at dei foreslåtte tiltaka vil bli iverksatt og vil føre til færre trafikkulykker, seier Asbjørg S. Christophersen, som leia prosjektet frå FHI.

Politiet i Malawi har fått ressursar til å kjøpe alkometer, tilsvarande det som norsk trafikkpoliti har. Dei har sett i gang med omfattande kontroll på tidspunkt der dei har kunnskap om at det er mye alkohol involvert i kjøringa, særleg på kveldar og netter i helgene. Det er svært høge bøter for dei som blir tatt, opp mot ei månadslønn for mange. Nokre av dei som har råd til det, har nå skaffa seg privatsjåfør, som blir billegare enn å betale bota. Dette kan ein lese i nettavisa Nation, som kjem ut i hovudstaden Lilongwe.

- Politiet sin kunnskap kjem frå vårt trafikkprosjekt, seier Asbjørg S. Christophersen. - Dette er blant dei tilrådde tiltaka frå sluttrapporten. Det er fantastisk at dei har kome så langt! 

Status for prosjektet

Verdsbanken har publisert sin eigen sluttrapport frå prosjektet. Ein endeleg resultatrapport frå prosjektet vart publisert i 2021.  

Bakgrunn for prosjektet

Malawi er blant landa med flest trafikkdrepne i heile verda. Promillekøyring er eit av problema, men kor stort omfanget er, veit ein ikkje på grunn av manglande alkoholtesting og etterforsking, seier seniorforskar og prosjektleiar Asbjørg S. Christophersen ved Folkehelseinstituttet.

Prosjektet er i tråd med FNs bærekraftsmål, punkt 3.6., som går ut på å halvere tallet på dødsfall og skadar i verda forårsaka av trafikkulykker innan 2020. I Malawi kraup trafikkskadar opp på tiandeplassen som årsak til for tidleg død i 2010, ifølgje ein studie frå det globale sjukdomsbyrdeprosjektet, jf. figur under.

Grafisk figur
Dei viktigaste årsakene til for tidleg død i Malawi i 1990 og 2010.Trafikkskadar kraup opp to plassar til tiandeplassen i 2010. Kjelde: Institute for Health Metrics and Evaluation (IHME), University of Washington

Samla grunnleggjande kunnskap om trafikkulykker

Tanken med prosjektet er at meir kunnskap om vegtrafikkskadar gir merksemd og insentiv til styremaktene om å setje i gang førebygging.

Malawias helsedepartement har anbefalt prosjektet, og opplegget følgjer opp mål i helsestrategien til Malawi og den nasjonale alkoholpolitikken. I tillegg følgjer prosjektet opp berekraftsmåla til FN punkt tre om å halvere talet på globale trafikkskadar og trafikkdød innan 2020 – eit mål som ikkje er nådd og føreslått utsett til 2030.

Prosjektet fekk stønad frå Verdsbanken i 2017, og planlegginga og forarbeidet sidan har tatt lang tid. Først i slutten av mai 2019 kunne dei starte med å rekruttere pasientar.

Frivillig å delta

Trafikkskadde pasientar (18 år eller eldre) blei informerte om prosjektet idet dei kom til akuttmottaket ved Kamuzu sentralsjukehus som er prosjektpartnar og det største offentlege sjukehuset i Malawi. Etter å ha blitt informerte på engelsk eller lokalspråket chichewa blei pasientane så spurt om dei ville delta i prosjektet.

Grundig registrering

To unge, tilsette legar ved akuttmottaket på Kamuzu målte alkoholnivået hos pasientane og registrerte informasjonen på eit skjema på iPad utvikla for prosjektet, i samarbeid med den norske prosjektgruppa og gruppa ved Kamuzu. 

Sjukehuset ønsker å bygge opp ein database med grunnleggjande opplysningar om vaksne pasientar som kjem inn med skadar frå vegtrafikkulykker.

Legane samla inn detaljerte data om sjølve ulykka, kva slag veg ho skjedde på ved hjelp av Google Map, om det hende på landet eller i byen, når på døgeret ulykka skjedde, om det var på ein vekedag eller helg, kva slag køyretøy som vart brukt, om alder og kjønn på pasienten, om pasienten var sjåfør, syklist, passasjer eller fotgjengar, om kor alvorleg skaden var og alkoholnivået ved innlegging.

Anonymiserte opplysningar

Opplysningane var anonymiserte før dei blei registrerte i iPad-programmet.

Norske ekspertar frå Folkehelseinstituttet og Ullevål universitetssjukehus er rettleiarar (sjå tekstboks i margen).

Resultat

Høg deltakarprosent

I løpet av cirka tre månader blei 1347 trafikkskadde pasientar spurt om å delta i prosjektet. Av desse nekta berre 88 å delta slik at resultatet var ein deltakarprosent på 93,5. Av dei var 19,2 prosent kvinner.

– Den høge deltakarprosenten er særs gledeleg sidan prosjektet vart spådd låg interesse før vi starta innsamlinga, sidan det var alkohol vi skulle måle, seier Asbjørg S. Christophersen.

Passasjerar utgjør den største pasientgruppa

Den største pasientgruppa var passasjerar (36 %), følgd av fotgjengarar (17,6 %), syklistar (14,6 %), motorvognførarar (14,5 %), motorsyklistar (12 %)  og ei mindre gruppe der type trafikant ikkje blei registrert (ca. 5 %). 

Menn og fotgjengarar oftare alkoholpåvirka 

Alkohol blei påvist hos 25,9 % av mennene og berre 2,5 % av kvinnene. Alkohol var mest vanleg i aldersgruppa 26−34 år (25,6 %) og hos fotgjengarar (41,8 %), følgd av motorsyklistar (24 %), bilførarar (23,8 %), buss/minibuss/lorryførarar (20,8 %), passasjerar (19,8 %) og syklistar (19,1 %). 

Oftare alkoholpåverka på helgenettene

Farlegast og høgast alkoholførekomst blei påvist i helgene om natta (00.00 – 06.00) med 58,3 % og ettermiddagen (18.00 – 24.00) med 36,8 %.  På ettermiddagar/kveldar på vanlege vekedagar (18.00 – 24.00) blei det påvist alkohol hos 34,4 %.

Publisering av data

Tre vitskaplege artiklar er publiserte i forskjellige internasjonale tidsskrift. Sjå referansar under.

Fekk pris

Folkehelseinstituttet fekk Robert Borkenstein-prisen utdelt til Asbjørg S. Christophersen på ICADTS’ konferanse (International Council on Alcohol Drugs and Traffic Safety) i Edmonton, Canada, for gjennomføringa av prosjektet. Prisen vert berre utdelt kvart tredje år. 

Oppfølginga forseinka på grunn av Covid-19

Eit seminar i Lilongwe planlagd til tidleg hausten 2020 vart avlyst på grunn av covid-19-pandemien. I staden inviterte Verdsbank-kontoret i Washington DC til virtuelt seminar den 9. desember der resultata blei presenterte for representantar frå fem departement samt politiet, samferdselsdirektoratet, Folkehelseinstituttet, i Malawi, Kamuza Central Hospital, Queen Elizabeth Central Hospital, Malawi Alcohol Policy Alliance, forskarar, studentar, pressen, den norske ambassaden og den norske prosjektgruppa. Prosjektkoordinatorane frå Kamuzu presenterte resultata, og prosjektleiaren greide ut om prosjektførebuingane og tilrådingane om trafikksikringstiltak.

–Det blei eit vellykka seminar, også reint teknisk, som absolutt var ei bekymring, seier prosjektleiar Asbjørg S. Christophersen. –Vi fekk mye ros frå Verdsbanken og andre. Det kom fleire spørsmål blant anna frå Uganda og Sør-Afrika, som ønsker å gjere noko liknande.

Sjå presentasjonen Road Traffic Injuries in Malawi with special focus on the role of alcohol. A collaboration between Kamuzu Central Hospital, Norwegian Institute of Public Health and Oslo University Hospital, Norway (pdf)

Føresetnad for kunnskapsbasert politikk

Resultata vil gi styremaktene innan helse, samferdsel og justis særs verdfull informasjon for å forme ein kunnskapsbasert politikk for å oppnå betre vegsikring og lage effektive informasjonskampanjar. 

Christophersen viser til ei spørjeundersøking som synte at promillegrensa på 0,8 i Malawi er lite kjend blant folk. Prosjektgruppa har utarbeidd eit framlegg til tiltak som kan bidra til å redusere trafikkulykkene. Framlegget blei presentert på webinaret i desember 2020. Tiltaka er òg «nedteikna» i den offisielle sluttrapporten til Verdsbanken. Sluttrapporten blir publisert her når den er frigjord.  

− Ein reduksjon av trafikkulykkene vil kunne spare helsevesenet i Malawi for store ressursar, spare menneskeliv og tragediar fordi enkeltpersonar blir invalide og ødelagde for resten av livet.    

Finansiering

Det er første gong Folkehelseinstituttet har fått prosjektmiddel frå Verdsbanken, ved Global Road Safety Facility, eit fond der mange land bidrar. Fondet er etablert for å hjelpe styresmaktene i små- og mellomstore land (LMIC) til å utvikle ein vegtrafikksikringsplan. . Den internasjonale organisasjonen ICADTS (International Council on Alcohol Drugs and Traffic Safety) og Trygg Trafikk har òg bidratt. Kyrkjas Naudhjelps lokalkontor i Lilongwe har stått for utbetalingar i Malawi.

Publisert |Oppdatert
Fant du det du lette etter?