Helsetilstanden i Tsjekkia
Artikkel
|Publisert
Tsjekkia har hatt stor framgang på mange helseindikatorar dei siste tiåra. Frå 1990 til 2016 har forventa levealder auka med 6,3 år til 81,9 år for kvinner og nærma seg Noregs 82,2 år. For menn er auken på 8,1 år til 76,2 år – mot 80,1 år i Noreg.
Auken i forventa levealder skuldast blant anna at langt færre spedbarn og småbarn dør no enn før. For dødsfall blant barn under 5 år kom Tsjekkia ned på Noregs nivå i 2009, det vil seie blant dei lågaste i verda. Jf. figuren over som viser utviklinga sidan 1990 for Tsjekkia samanlikna med Noreg og eit gjennomsnitt for Europa.
Viktigaste årsaker til for tidleg død
Figur 2. Dei ti viktigaste årsakene til for tidleg død i Tsjekkia i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.
Viktigaste risikofaktorar for helsetap og tapte leveår
Figur 3. Dei ti viktigaste risikofaktorane til helsetap og tapte leveår i Tsjekkia i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.
Referansar
GBD Compare: Czech Republic, Institute for Health Metrics, University of Washington, Seattle, USA.