Helsetilstanden i Romania
Artikkel
|Publisert
Romania har hatt framgang på mange helseindikatorar dei siste tiåra. Frå 1990 til 2016 har forventa levealder ved fødsel auka med 2,7 år til 80,1 år for kvinner – mot 82,2 år i Noreg. For menn er auken på 2,8 år til 74,0 år – mot 76,7 år i Noreg.
Auken i forventa levealder skuldast blant anna at langt færre spedbarn og småbarn dør no enn før. Romania var i 2016 nede på nivået Noreg låg på i 1990 når det gjeld dødsfall for barn under 5 år. Jf. figuren over som viser utviklinga sidan 1990 for Romania samanlikna med Noreg og eit gjennomsnitt for Europa.
Overgangsfase
Romania er i ein overgangsfase. Landet har kjenneteikn på eit utviklingsland med gjentatte infeksjonssjukdommar frå tuberkulose, seksuelt overførbare sjukdommar og mangel på primærhelseteneste, særleg i grisgrendte strøk.
Men samtidig viser dei òg typiske trekk for eit utvikla land: Dei viktigaste årsakene til for tidleg død i Romania er hjarte- og karsjukdommar, mens både iskemisk hjartesjukdom og hjerneslag er i nedgang sidan 2005. Det same gjeld kols og skrumplever. Lungekreft, endetarmskreft og Alzheimers sjukdom er derimot på veg oppover.
Dødsulykker i trafikken er eit av områda der rumenarane har lykkast godt med førebygging: Nedgangen er på over 35 prosent sidan 2005, jf. figur 2 om dei viktigaste årsakene til for tidleg død.
Figur 2. Ti viktigaste årsaker til for tidleg død i Romania i 2016 og prosentendring 2005–2016, alle aldre. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.
Risikofaktorar for tidleg død og dårleg helse
Dei risikofaktorane som gir mest død og dårleg helse kombinert i Romania, er høgt blodtrykk, uheldig kosthald, alkohol- og rusmisbruk, tobakk, høg kroppsmasseindeks, høgt totalkolesterol, luftforureining, høgt fastande blodsukker og yrkesrisiko. Men alle desse faktorane er i nedgang sidan 2005. Derimot aukar svekka nyrefunksjon som risikofaktor, mens feilernæring går kraftig ned, jf. figur 3.
Figur 3. Dei ti viktigaste risikofaktorane til helsetap og tapte leveår i Romania i 2016 og prosentendring 2005–2016. Kjelde: Institute for Health Metrics, University of Washington. Seattle, USA.
Helseutfordringar for romfolket
Les meir om helsesituasjonen og helseutfordringar i Romania på nettsidene til Institute for Health Metrics and Evaluation.
Referanse
GBD Compare: Romania, Institute for Health Metrics, University of Washington, Seattle, USA.