Hopp til hovedinnhold
FHI logo

Smittestopp

Prosjekt

|

Sist endret

Vi ynskjer å finne ut meir om kor godt Smittestopp fungerer og har difor gjort ei evaluering av appen. Spørjeundersøkinga er no stengt for nye svar.

Sammendrag

Vi ynskjer å finne ut meir om kor godt Smittestopp fungerer og har difor gjort ei evaluering av appen. Spørjeundersøkinga er no stengt for nye svar.

 

Samandrag

Evaluering av Smittestopp-appen 

Vi ynskjer å finne ut meir om kor godt Smittestopp fungerer og sendte difor ut ei spørjeundersøking for å evaluere appen. Personar over 16 år som har blitt testa for covid-19 i år har vore velkomne til å delta i spørjeundersøkinga.  

 

Om Smittestopp 

I desember 2020 vart den nye Smittestopp-appen lansert i Noreg. Så langt har over 1 million brukarar lasta ned appen her i landet, og nesten 3500 har meldt seg positive via appen. Målet med appen er å effektivisere smittesporinga ved å vere eit supplement til ordinær (manuell) smittesporing. Smittesporing er ein sentral del i den norske strategien med å teste, isolere, smittespore og karantenesette (den såkalla TISK-strategien) personar som oppheld seg i landet.  

Smittestopp bruker blåtannteknologi for å fange opp signal frå andre telefonar, og om du eventuelt har vore i kontakt med nokon som har fått påvist covid-19. Du kan lese meir om teknologien her: https://www.fhi.no/om/smittestopp/teknologien-bak-smittestopp/ 

 

Om spørjeundersøkinga 

I denne spørjeundersøkinga ville vi finne ut meir om kor effektiv den nye Smittestopp-appen er og i kor stor grad den hjelper til med å stoppe smitte.

Vi har fått inn over 9000 svar, og dette er vi svært nøgde med. Takk til alle som har sendt inn svar! Vi vil no ta til med ein grundig analyse av datamaterialet. Resultata frå analysen vil mellom anna bli publiserte på denne sida.

Du kan lese meir om Smittestopp her:  https://www.fhi.no/om/smittestopp/  

 

Prosjektleder

Elisabeth Henie Madslien, Avdeling for smittevern og beredskap, Folkehelseinstituttet

Prosjektdeltakere

Camilla Mauroy, Avdeling for smittevern og beredskap, Folkehelseinstituttet
Svanhild Schipper Kjørsvik, Avdeling for smittevern og beredskap, Folkehelseinstituttet
Hinta Meijerink, Avdeling for smittevern og vaksine, Folkehelseinstituttet

Start

01.06.2021

Slutt

31.12.2021

Status

Avsluttet

Prosjekteier/ prosjektansvarlig

Folkehelseinstituttet

Prosjektdeltakere ved FHI

Svanhild Schipper Kjørsvik

Publisert |Sist endret