Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Informasjon til helsepersonell om Mine vaksinar

Frå 1. januar 2011 skal vaksinasjonsopplysningar sendast til vaksinasjonsregistret SYSVAK. Nedanfor finn du informasjon om korleis du registrerer vaksinasjonar elektronisk eller på papir.

Registrering av nye vaksinasjonar

Ved nye vaksinasjonar går du fram på følgjande måte:

Dersom de allereie har oppretta tilknyting mot SYSVAK frå eit elektronisk pasientjournalsystem (EPJ-system), nyttar de vaksinasjonsmodulen i systemet for registrering og sending av vaksinasjonsmeldingar.

Dersom de har EPJ-system, men ikkje har oppretta tilknyting mot SYSVAK enno, sjå rettleiing om dette i Teknisk informasjon for SYSVAK.   

Dersom de nyttar eit EPJ-system som ikkje kan opprette tilknyting til SYSVAK, eller de ikkje nyttar EPJ-system, finst det registreringsskjema på papir som kan sendast til Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Registrering av tidlegare vaksinasjonar

Som helsepersonell har du plikt til å etterregistrere:

  • Alle vaksinar gitt frå og med 2011, dersom den vaksinerte ber om det.
  • Alle vaksinar gitt gjennom barnevaksinasjonsprogrammet frå og med 1995.
  • Alle H1N1-influensavaksinar gitt under pandemien i 2009/2010.

Du kan også etterregistrere andre vaksinar dersom den vaksinerte ønskjer det.

Reservasjon og sletting av vaksineopplysningar

Meir informasjon