Hopp til innhold

Miljøgifter er forbunde med auka risiko for ADHD

Publisert

leker
Colourbox.com

Dei to miljøgiftene PFOS og beta-HCH er forbunde med auka risiko for ADHD, viser resultat i ein ny studie ved Folkehelseinstituttet.


Forskarane har undersøkt om det er samanheng mellom ADHD hos barnet og mengda av 27 ulike miljøgifter i kroppen til mor. 1200 barn og mødrer blei følgt frå fødselen som ein del av HUMIS-studien. Til saman var det 55 barn som fekk diagnosen ADHD før 14-årsalder, av desse var det 45 gutar og ti jenter.

Resultata viser at:

  • Barn av mødrer som hadde høgt nivå av miljøgifta PFOS i kroppen, hadde 77 prosent auka risiko for å få ein ADHD-diagnose enn andre barn. Samanhengen blei vist for jenter, men ikkje for gutar, noko som tyder på at stoffet påverkar kjønnshormona. I og med at det var eit lågt tal av jenter med ADHD med i studien, må dette funnet bekreftast i større studiar.
  • Barn av mødrer med høge nivå av miljøgifta beta‑hexachlorocyclohexane (beta-HCH) hadde 75 prosent auka risiko for å få ein ADHD-diagnose enn andre barn. Det var ingen kjønnsforskjellar når det gjaldt effekten av beta-HCH.
  • For dei 25 andre undersøkte miljøgiftene blei det ikkje funne samanheng med auka risiko for ADHD.

‒ Dette er ein enkelstudie og funna må bekreftast i fleire studiar før vi kan konkludere med at PFOS og beta-HCH under svangerskapet er ei årsak til ADHD, seier seniorforskar ved Folkehelseinstituttet Merete Eggesbø.

‒ Ein styrke ved studien er at ADHD-diagnosen er sett av spesialist til forskjell frå dei fleste andre tilsvarande studiar der forskarane har brukt foreldrerapporterte åtferdsproblem eller ADHD-symptom hos barna, som er meir usikkert. Det at vi har undersøkt så mange miljøgifter samtidig styrkjer også resultata, seier Eggesbø.

Om PFOS og beta-HCH

PFOS er ein såkalla fluorert forbindelse som finst i mellom anna matvareemballasje, slippbelegg i kasserollar og steikepanner, impregneringsmidlar for tekstilar, reingjeringsprodukt og kosmetikk, og i enkelte typar skismurning. I kosthaldet er fisk og annan sjømat den viktigaste kjelda.

Den europeiske myndigheten for mattrygghet, EFSA, fastsette i 2018 nye midlertidige tålegrenser for PFOS. 

Beta-HCH er eit pesticid som har vore forbydd i Noreg sidan midten av 1990-talet, men det finst framleis i miljøet på grunn av veldig lang halveringstid. Stoffet blir framleis brukt i andre land, mellom anna til behandling av lus. Hovudkjelda i Norge er feit fisk.

Både PFOS og beta-HCH er miljøgifter som lagrast i kroppen, og mengda aukar med alderen fordi vi blir utsette for meir enn vi klarar å kvitte oss med.

Miljøgifter kan påverke hjerneutvikling

ADHD blir rekna som den vanligaste åtferdsvansken i barnealderen. Om lag tre til fire prosent av norske barn er ramma, av dei er flest gutar. Genetikk har stor betyding, og gutar har større risiko enn jenter. I tillegg har fødselsvekt og miljøfaktorar betyding.

Hjernen og nervesystemet utviklar seg særleg under svangerskapet og i dei to første leveåra. Når fostre og spedbarn blir utsette for miljøgifter, kan det ha ein muleg varig negativ effekt på hjernen si utvikling, viser resultat frå denne studien og tidlegare forsking.

‒ Vi treng internasjonalt samarbeid og reguleringar for å redusere eksponeringa av miljøgifter, og for å hindre at nye skadelege kjemikal blir tatt i bruk. Det er spesielt viktig for dei mest sårbare gruppene i befolkninga, seier Eggesbø.

‒ For at gravide skal ha lågast muleg nivå av miljøgifter i kroppen, inkludert PFOS og beta-HCH, bør jenter vere forsiktige med å ete feit fisk fram til dei har fått dei barna dei skal ha, meiner ho.

Ho legg til at Vitenskapskomiteen for mat og miljø for tida gjer ei nytte- og risikovurdering av fisk i norsk kosthald, som ho ventar vil føre til nye kosthaldsråd for barn og gravide. Resultata frå denne studien er ein av mange studiar som vil leggje grunnlaget for denne vurderinga.

Metode

Miljøgiftene blei målt i morsmjølk, der mengda reflekterer mengda miljøgifter i kroppen til mor. Prøver av morsmjølk like etter fødselen er derfor også eit godt mål på kor mykje miljøgifter fosteret har vore utsett for under svangerskapet. Resultata i studien er styrka ved at forskarane skil mellom å ha blitt utsett for miljøgiftene i fosterlivet og under ammeperioden.

Miljøgiftbelastinga på barnet gjennom fosterlivet og ammeperioden blei berekna ved å bruke ein såkalla farmakokinetisk modell.

Forskarane har justert for barnet sin alder ved kopling til Norsk pasientregister, og mor sin alder og utdanning. I tillegg har dei mellom anna justert for mor sine røykevanar og kroppsmasseindeksen hennar (KMI), den sivile statusen til mor og hennar inntak av feit fisk, dårleg fostervekst under graviditeten og for tidleg fødsel.

Forskarane fann ingen cocktaileffekt av PFOS og beta-HCH.

Referanse

Lenters V, Iszatt, N, Forns J, Čechová E, Kočan, A, Legler J, Leonards P, Stigum H, Eggesbø M. Early-life exposure to persistent organic pollutants (OCPs, PBDEs, PCBs, PFASs) and attention-deficit/hyperactivity disorder: A multi-pollutant analysis of a Norwegian birth cohort. Environmental International 125 (2019) 33-42