Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Artikkel

Om fylkeshelseundersøkingar i Noreg

Publisert Oppdatert

nettskjema vises på mobiltelefon
Illustrasjon for fylkeshelseundersøkelsene: Shutterstock/FHI

Fleire fylke gjennomfører no fylkeshelseundersøkingar. Alle undersøkingane blir utførte ved hjelp av spørjeskjema på mobiltelefon og e-post.


Fylkeshelseundersøkingane blir gjennomførte som eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og det enkelte fylke. Det er utarbeidd ein spørjeskjema-mal som i hovudsak blir brukt i alle fylke, men med nokre lokale variasjonar. 

Dei første fylka som gjennomførte undersøking var Vestfold og Agderfylka i 2015.

I 2018 gjennomførte Hordaland den første heil-elektroniske undersøkinga med elektronisk innlogging og spørjeskjema på internett. Skjemaet er tilrettelagt for svar både frå mobiltelefon, nettbrett og PC.

I 2019 blei det gjennomført fylkeshelseundersøking i Sogn og Fjordane i mars og i Troms og Finnmark i mai-juni..  

Korleis blir deltakarane valde ut?

Deltakarane blir trukke tilfeldig frå Folkeregisteret. Kontaktregisteret til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) blir brukt for å hente e-post eller mobilnummer. 

Kva skjer med opplysningane i spørjeskjemaet?

Opplysningane som deltakarane gir, blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern. Alle opplysningane vil bli behandla utan namn og fødselsnummer eller andre direkte gjenkjennande opplysningar.

Resultata vil berre bli publiserte på gruppenivå og aldri på individnivå. Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att einskildpersonar i statistikk eller forsking som frå undersøkinga.

Fylkeskommunen/bustadkommunen vil berre motta anonyme datafilar for vidare analysar.   

Det kan bli aktuelt for Folkehelseinstituttet å hente inn opplysningar også frå andre kjelder, slik som opplysningar om hushaldet, landbakgrunn, sysselsetting, inntekt og helse. Slike data vil då bli henta frå registre i Statistisk sentralbyrå. Føremålet er kvalitetskontroll og framstilling av gode analysar. 

Fylket kan også bruke resultata til forsking, som for eksempel å studere kva betydning inntekt, utdanning eller andre sosiale påverknadsfaktorar har å seie for helseforholda i fylket. 

I starten av spørjeskjemaet står full tekst om samtykke. Dersom du vil lese samtykketeksten, sjå spørjeskjemaet for det fylket der du deltok. Teksten kan variere noko mellom dei ulike undersøkingane. Finn spørjeskjema her (samtykketeksten står først i skjemaet).  

Kva blir det spurt om i spørjeskjemaet?

Spørsmåla handlar om helse, trivsel og andre forhold som har betydning for folkehelsa. Spørjeskjemaet tar utgangspunkt i folkehelselova som seier at følgjande skal inngå i oversiktsarbeidet i kommunane:

  • Oppvekst- og levekårsforhold: blant anna økonomiske vilkår og forhold som gjeld bustad, arbeid og utdanning, sosial støtte
  • Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø: blant anna nærmiljø og støyplager
  • Skader og ulykker
  • Helserelatert åtferd: fysisk aktivitet, ernæring, bruk av tobakk og rusmiddel
  • Helsetilstand: helse, tannhelse, sjukdom og psykiske plager

Eigen del om livskvalitet

Frå 2019 inneheld spørjeskjemaet også ein eigen del om livskvalitet. Bakgrunnen for dette er at Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i 2018 saman lanserte nye anbefalingar om måling av livskvalitet. Det nye målesystemet er tenkt som eit viktig styringsverktøy i folkehelsearbeidet og vil vere eit sentralt bidrag til oversiktsarbeidet i kommunar og fylkeskommunar.

Tidlegare har spørsmål om livskvalitet fått liten plass i befolkningsundersøkingar i Noreg, men slike spørsmål inngår no i kunnskapsgrunnlaget i ei rekke land. Betre og meir fullstendig kunnskap om innbyggarane sin livskvalitet kan gjere politikarane og myndigheitene betre i stand til å tilrettelegge godt og fordele betingelser på ein rettferdig og berekraftig måte

Kva er føremålet med fylkeshelseundersøkingar?

Ei fylkeshelseundersøking handlar om helsetilstanden i befolkninga i fylket og faktorar som påverkar folkehelsa.

Resultata skal delast med politikarar og tilsette i kommunar og fylkeskommune slik at kunnskapen kan nyttast i folkehelsearbeidet.

- Det er viktig at mange deltar slik at vi får eit rett bilete av helse og trivsel i befolkninga. Vi håper at så mange som mogleg av dei inviterte fyller ut spørjeskjemaet, seier prosjektleiar Thomas S. Nilsen ved Folkehelseinstituttet.

Ifølgje folkehelselova skal kommunane ha oversikt over folkehelsa i kommunen. Fylkeshelseundersøkingane er ein del av dette oversiktsarbeidet. Ein annan viktig del er folkehelseprofilane med statistikk som Folkehelseinstituttet kvart år utarbeider for kommunar, bydelar og fylke.

I folkehelsearbeidet må kommunen og fylkeskommunen vere særleg merksame på utviklingstrekk som kan skape eller vedlikehalde sosiale eller helsemessige problem eller sosiale helseforskjellar.  Derfor inneheld fylkeshelseundersøkingane mange spørsmål rundt levekår, lokalmiljø og oppvekst.

I tillegg til folkehelsearbeidet er det eit mål å bruke opplysningane frå fylkeshelseundersøkingane i forsking.

Får alle kommunar eigen statistikk?

Som tommelfingerregel trengst det minst 400 svarskjema for å lage påliteleg statistikk frå ei spørjeundersøking.

For at små kommunar med færre enn 400 svarskjema skal få statistikk, kan ein slå saman små kommunar til kommunegrupper, såkalla interkommunale regionar når resultatrapporten blir utarbeidd. Kommunane i slike regionar er ofte nabokommunar med liknande befolkningssamansetnad og helsetilstand.

Når ein lagar statistikk for slike interkommunale regionar, vil den gjelde for dei kommunane som inngår i regionen.  

– Når vi får resultata frå fylkeshelseundersøkinga i det enkelte fylket og har gjort dei første analysane, kan vi seie kva for kommunar som får eigen statistikk, og kva for kommunar som får statistikk gjennom interkommunal regionstatistikk, seier Nilsen.

Ei anna årsak til at små kommunar får interkommunal statistikk, er behovet for anonymitet.  I små kommunar aukar risikoen for at enkeltpersonar indirekte kan bli identifiserte når ein set opp tabellar over ulike spørsmål og svar. Ved mange nok svar er det ikkje lenger risiko for at nokon blir kjende att.