Hopp til innhold

Rapport

Commonwealth Funds undersøkelse blant personer i aldersgruppen 65 år og eldre: Resultater fra Norge og ti andre land i 2017

  • Utgitt: 11/2017
  • Av: Folkehelseinstituttet
  • Forfattere: Skudal KE, Bjertnæs ØA, Lindahl AK.
  • ISBN ELEKTRONISK: 978-82-8082-886-6
Commonwealth Funds undersøkelse - 2017.jpg

Rapporten viser resultatene fra en spørreundersøkelse gjennomført av stiftelsen Commonwealth Fund blant personer over 65 år i elleve land.


Bestill

Last ned:

Hovedbudskap

Commonwealth Fund-undersøkelsen i 2017 viser at det er lettere å få helsehjelp utenfor kontortid i Norge enn i de andre landene og at svært få av de norske svarerne har kostnadsproblemer tilknyttet helsetjenester i Norge.

Norske svarere rapporterer om dårligere erfaringer med sin faste lege enn svarere i andre land på områder som:

  • kommunikasjon
  • brukermedvirkning
  • konsultasjonstid


På flere spørsmål om tilgjengelighet og tilgang skårer Norge dårligere enn de andre landene. Dette gjelder:

  • ventetid på time hos legespesialist
  • time samme eller neste dag hos fastlegen


Norge skårer noe dårligere enn snittet av de andre landene på:

  • i hvilken grad pasienter forberedes på tiden etter utskrivning fra sykehus
  • informasjonsutveksling og koordinering mellom tjenester

Sammendrag

Noreg skårar dårlegare enn andre land når det gjeld ventetid på time hos spesialist, men vi har god tilgang til helsetenester og få har problem med å betale for seg. Dette kjem fram i ei internasjonal undersøking om pasienterfaringar som stiftinga Commonwealth Fund har utført i elleve land.

– At fleire ventar på spesialist her i landet enn i dei andre landa, er også vist i tidlegare undersøkingar i Noreg, seier seniorforskar Kjersti Eeg Skudal i Folkehelseinstituttet.

Dette er niande gongen at Noreg tar del i denne internasjonale undersøkinga om tilgang, kvalitet og effektivitet i helsetenesta. I år blei personar som var 65 år og eldre, stilt ei rekke spørsmål om helsetenestene i landet sitt.

Både óg, ifølgje pasientane

Undersøkinga visar at det i Noreg er svært få som har problem med å betale for behandling i helsetenesta.

– Her kjem Noreg betre ut enn dei andre landa, noko som viser ein av fordelane med ei offentleg helseteneste, seier Eeg Skudal.

Norske brukarar har dessutan god tilgang til helsetenester når vi jamfører med resultata i dei andre landa. Det er blant anna lettare å få helsehjelp utanfor kontortid her i landet. På den andre sida har deltakarane frå Noreg dårlegare erfaringar med fastlegen sin og med utskrivingsprosessen frå sjukehus. Noreg skårar også noko dårlegare enn gjennomsnittet når det gjeld informasjonsutveksling og samarbeid mellom tenestar.

Undersøkinga viser vidare at det i Noreg er store variasjonar på dei ulike områda som undersøkinga tok for seg.

– Nokre område skårar bra i forhold til andre land og andre skårar dårlegare, noko som gjer det lite truleg at forskjellane kan forklarast med ulike forventningar, seier seniorforskaren.

Dårlegare erfaringar hos fastlegen

Samanlikna med dei andre landa rapporterer nordmenn om dårlegare erfaringar hos fastlegen på område som kommunikasjon, brukarmedverking og konsultasjonstid.

– Frå tidlegare Commonwealth Fund-undersøkingar veit vi at under ti prosent av fastlegane i Noreg gjennomfører systematiske brukarerfaringsundersøkingar. Dette bør diskuterast i lys av dei relativt sett dårlege resultata, seier Eeg Skudal.

Låg svarprosent i Noreg

Svarprosenten i denne undersøkinga er lågast i Noreg (15 prosent), mens den er høgast i Nederland (52 prosent). Tidlegare analyser av datakvaliteten i Noreg har derimot vist at vi kan stole på desse tala.

– Dei viktigaste funna i årets undersøking samsvarer godt med tidlegare år, noko som tyder på at også resultata i år er pålitelige, påpeikar Kjersti Eeg Skudal.