Hopp til innhold

Rapport

Virkninger av støy fra jagerfly på befolkningen nær militære flyplasser

  • Utgitt: Oktober 2011
  • Av: Folkehelseinstituttet
  • Forfattere: Krog NH, Schwarze P, Engdahl B, Aasvang GM.
  • ISSN ELEKTRONISK: 978-82-8082-468-4
  • ISBN ELEKTRONISK: 978-82-8082-468-4

Folk som bor nær sivile eller militære flyplasser blir utsatt for ekstra støy. Mange studier viser at sivil flystøy har helse- og trivselseffekter, blant annet negativ virkning på hjerte-karsystemet og på barns læring. Færre studier er gjort på virkninger av støy fra jagerfly. Derfor er det vanskelig å trekke bastante konklusjoner om dette ifølge denne rapporten fra Folkehelseinstituttet.


Bestill

Last ned:

Hovedbudskap

Svært få studiar har sett spesifikt på situasjonen til dei nærmaste naboane til militære flyplassar. Men dei spreidde studiane som er gjort på støyverknader frå jagarfly, finn ei rekkje forskjellige helseeffektar både av somatisk og psykologisk karakter, lik det ein har funne for støy frå andre kjelder, inkludert sivil luftfart.

Nokon av dei mest alvorlege helseeffektane av støy, både direkte og indirekte, skuldast støy om natta. Dersom det berre er flygingar på dagen, vil ein unngå søvnforstyrringar for hoveddelen av befolkninga, sjølv om nokon grupper av befolkninga også har behov for å sove på dagtid. Dette gjeld på den andre sida grupper som kan vere ekstra sårbare for å få søvnen forstyrra, som barn, eldre og sjuke, i tillegg til skiftarbeidarar.

Jagarflytrafikken i Noreg har eit noko anna driftsmønster enn sivil flytrafikk. Jagarflytrafikken går i hovudsak føre seg på dagtid på kvardager, medan sivil luftfart har spreidd trafikk fordelt på heile døgnet og alle vekedagar.

Helse og trivselseffektar

Sivil flystøy har vist seg å ha effektar på hjarte-karsystemet. Sannsynlegvis har nattestøy meir langsiktige negative verknader på blodtrykk og hjarte-kar. Men effektar av sivil flystøy på dagtid er òg påvist. Studiar av støyeffektar på hjarte-karsystemet er eit relativt nytt innsatsområde innanfor støyforskinga, og generelt sprikjer resultata ein del.
Dei studiane som har sett spesifikt på effektar av jagarflystøy på hjarte-kar, fann likevel liten eller ingen effekt. Men dei studiane som er gjort spesifikt på effektar av jagarflystøy, er for få og til dels for små til at ein kan trekkje nokon klar konklusjon om slike effektar finst eller ikkje.

Negative effektar av sivil flystøy på barns læring, er relativt godt dokumentert. Dette er ein viktig effekt av støy på dagtid.

Det gjennomsnittlege støynivået seier ikkje alt om kva ein kan forvente av støyverknader. At flygingane er føreseielege i større grad og å oppleve kontroll, gir noko mindre støyplage.

Konklusjonar

- På bakgrunn av studiane som er gjennomgått, kan vi konkludere med at eit driftsmønster med føreseielege pausar i trafikken i løpet av døgnet og veka, og utan nattflygingar, vil gi forventa mindre plager enn eit driftsmønster med flygingar spreidd over heile døgnet og veka, seier forskar Norun Hjertager Krog ved Avdeling for luftforureining og støy, Folkehelseinstituttet. Ho summerer opp følgjande: 

  • Høgare lyd gir generelt større plage. 
  • Det å kunne føreseie flygingane og å ha kontroll hjelper noko. 
  • På den eine sida er drifta ved dei militære flyplassane i Noreg avgrensa i forhold til drifta ved dei sivile flyplassane. På den andre sida støyar jagarflya meir enn sivile fly. Den relative betydninga av desse faktorane må det ein studie til for å avgjere.

Meir forsking

- Det er eit klart behov for meir forsking på effektar av støy frå militære jagarfly på befolkninga nær militære flyplassar, seier Norun Hjertager Krog.

Det er eit behov for studiar med fokus på: 

  • ei samanlikning av effektar av støy frå jagarfly og effektar av støy frå sivile fly 
  • å undersøkje nærmare betydninga av når på døgnet flya går 
  • å få meir kunnskap om kva for betydning endringar i støyforholda ved ein flyplass har for støyplagen.

Fakta om rapporten ”Virkninger av støy fra jagerfly på befolkningen nær militære flyplasser”

Rapporten er skriven på oppdrag frå Forsvarsbygg Futura. Målsetjinga med denne rapporten var å oppsummere eksisterande vitenskapleg kunnskap om verknader av jagarflystøy på befolkninga i nærleiken av militære flyplassar, og identifisere vidare forskingsbehov.

Hovudsaka var å undersøkje kva eksisterande litteratur gir av kunnskap om betydninga av jagarflya sitt spesielle driftsmønster for støyplage, og vurdere betydninga av militære øvingar.

Det blei undersøkt om litteraturen kunne seie noko om betydninga av at flygingane er føreseielege, og av varsling og kommunikasjon for støyopplevinga ved øvingar. I tillegg blei det gjort ein generell gjennomgang av studiar av andre typar helseeffektar enn støyplage.

Resultata som gjeld støy frå jagarfly, blir jamførte med kva ein veit om støyverknader rundt sivile flyplassar.