Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Miljøeksponering og -epidemiologi

Avdeling for miljøeksponering og -epidemiologi arbeider med tarmflora, miljøgifter og kosthold.

Avdelingsdirektør

Cathrine Thomsen

Fasttelefon: 21 07 65 46

Besøksadresse

Lovisenberggata 8

0456 Oslo

Vis i kart

Postadresse

Folkehelseinstituttet, Postboks 222 Skøyen

0213 Oslo

Vis i kart

Kontakt

Sentralbord: 21 07 70 00

Send e-post

Avdelinga arbeider med tarmflora, miljøgifter og kosthald. 

Vi undersøkjer kva vi blir utsette for av miljøgifter, kor dei kjem frå, og kva det har å seie for helsa. Mange av miljøgiftene får vi først og fremst i oss via maten, som samtidig er den viktigaste kjelda til næringsstoff, vitamin, mineral og andre biologisk aktive stoff. Vi prøver derfor å studere både positive og negative stoff i maten og korleis desse verkar inn på helsa.

Kjemiske analysar av humant biologisk materiale for å kartleggje korleis befolkninga blir eksponert for miljøgifter, er ein sentral del av arbeidet i avdelinga.

Vi kartlegg òg samansetninga av tarmflora hos barn, kva faktorar som er viktige for tarmfloraen, og samanhengen med helse.

Avdelinga er òg tungt involvert i nasjonalt og internasjonalt risikovurderingsarbeid.

Forsking ved avdeling for miljøeksponering og -epidemiologi

Avdelinga driv forsking på høgt internasjonalt nivå og har som hovudmål å bidra til ei betre og meir heilskapleg forståing av samanhengar mellom eksponering for miljøgifter, tarmflora og kosthald, og konsekvensar for helsa. Avdelinga har høg kompetanse innan eksponeringsforskning, toksikologi, epidemiologi, ernæring og analytisk kjemi.

Avdelinga spesialiserer seg på innhald av nærings- og framandstoff i mat samt stoff i vatn og innemiljø. I enkelte prosjekt kartlegg vi ulike kjelder for miljøforureiningar ved å samanlikne utrekningar frå mat, inneluft og støv med kva som kan målast i kroppen. Denne kunnskapen kan gi eit betre grunnlag for å gjere ei risikovurdering av desse stoffa.

Vi bruker humant materiale frå ulike biobankar (sjå under) for å studere korleis miljøgifter kan verke inn på helsa.­ Aktuelle miljøforureiningar vi studerer, er ulike flammehemmarar, polyklorerte bifenyl (PCB), per- og polyfluorerte alkylstoff (PFASs), tungmetall og andre grunnstoff, ftalatar, bisfenol, paraben og pesticid. Vi arbeider òg med å undersøkje kva naturlege toksin og prosessframkalla stoff har å seie for helsa.

Mange av forskingsprosjekta omfattar utvikling av raske, sensitive og kvalitetssikra analysemetodar for å fastslå stoffa i humant materiale. Avdelinga sit på avanserte analyseinstrument som GC-LRMS, GC-HRMS, LC-MS/MS og UPLC-QTof, som genererer analysedata til nasjonale og internasjonale biomonitoreringsstudiar.

Eksempel på sentrale studiar

Morsmjølkstudien HUMIS

2600 kvinner deltek i morsmjølkundersøkinga, der vi kartlegg miljøgifter i morsmjølk, og mødrer og barn blir følgde for å sjå om det er ein samanheng mellom nivåa av miljøgifter og seinare helse. Morsmjølka blir òg undersøkt for næringsstoff og faktorar som kan vere gunstige for helsa. Vi ser på utvikling av overvekt, allergi, åtferdsforstyrringar og immunforsvaret. Også helsa til mor ser vi på.

Tarmflora i NoMIC-studien

NoMIC-studien er etablert for å få kunnskap om tarmfloraen i nyføddperioden, korleis han er samansett, kva faktorar som verkar inn på han (spesielt keisarsnitt og antibiotika), korleis han blir utvikla gjennom barneåra, og om det er nokon samanheng mellom samansetninga av tarmfloraen og mor og barn si helse. Vi fokuserer spesielt på allergi, vektutvikling/fedme, immunsystemet, nevrologisk utvikling og åtferdsforstyrringar. Nokre av deltakarane har òg levert morsmjølk for å undersøkje miljøgifter som inngår i HUMIS-studien. Dette gjer at vi kan sjå på korleis miljøgifter verkar inn på tarmfloraen og vice versa. På sikt kan ein slik kunnskap opne for spanande nye behandlingsmoglegheiter og førebyggje sjukdom.

Den norske mor og barn-undersøkinga

Avdelinga speler ei viktig rolle innan forsking i Den norske mor og barn-undersøkinga – en stor undersøking som har samla inn data frå mor, far og barn frå før barna blei fødde, både biologiske prøvar og informasjon frå spørjeskjema. Avdelinga har utvikla og validert eit omfattande kostspørjeskjema til gravide, som dannar grunnlag for mykje av forskinga. Avdelinga bidreg både med miljøgiftanalysar av det biologiske materialet og er involvert i ei rekkje nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt som undersøkjer kva kosthald har å seie i svangerskapet og tidlege leveår for fysiske og psykiske helseutfall hos mor og barn.   

Human miljøbiobank Norge

Avdelinga er sentral i arbeidet med Human miljøbiobank Norge, som no blir etablert på Folkehelseinstituttet. Her blir det samla inn blod- og urinprøvar frå 3000 personar. Materialet skal brukast til forsking og for å følgje med på kor mykje miljøfarlege stoff vi blir utsette for. Miljøbiobanken kan bidra til å fange opp nye miljøgifter på eit tidleg tidspunkt, eller til å undersøkje om tiltak som blir sette i verk for å redusere forureining, har effekt. 

Rådgiving og tenester

Basert på eiga og andre si forsking gir avdelinga faglege råd til helse-, mat- og miljøstyresmaktene. Medarbeidarane ved avdelinga gir råd innan områda miljøgifter, naturlege gifter og restar av plantevernmiddel i mat. Vi gir òg råd på området trygg mat, kosttilskot og beriking av matvarer.

Vi bidreg til heilskaplege risikovurderingar av helseskadelege kjemiske stoff, og fleire medarbeidarar er medlem av Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) og det europeiske mattryggleiksorganet EFSA.

Kjerneoppgåver

Beredskap

Vi deltek i beredskap i samband med utslepp av kjemikaliar.  

Analyse og forsking

Avdelinga driv omfattande forskingsaktivitet, både med nasjonal og internasjonal finansiering. Les meir om dei enkelte forskingsprosjekta (lenkes til prosjektsider siden)

Vurderingar og råd Avdelinga bidreg med faglege råd til helse-, mat- og miljøstyresmaktene og har medarbeidarar som er engasjerte i Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) og det europeiske mattryggleiksorganet EFSA.

Tenester og infrastruktur

Avdelinga arranger årleg ein internasjonal ringtest for fastsetjing av dioksin og andre miljøgifter i mat, som bidreg til høg kvalitet på desse laboratorieanalysane på verdsbasis.

Avdelinga sit på avanserte instrument som blir brukte til biomonitorering av miljøgifter i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt.

 

Avdelinga er ansvarleg for befolkningsundersøkingane HUMIS, NoMIC og Human miljøbiobank Norge.

Kommunikasjon

Avdelinga publiserer aktivt i vitskaplege tidsskrift, presenterer resultat på internasjonale konferansar og bruker nettsidene til instituttet til å formidle ny kunnskap.

Om avdelinga

Det er per i dag 25 personar tilknytte avdelinga: 9 forskarar, 6 ingeniørar, 1 sjukepleiar, 5 doktorandar og 4 postdoktorar. Avdelinga held til i Lovisenberggata 8 og Marcus Thranes gate 6.

Medarbeidere

Bilde av Cathrine Thomsen

Cathrine Thomsen

Avdelingsdirektør, PhD

Tlf: 21 07 65 46

Send e-post

Bilde av Amrit Kaur Sakhi

Amrit Kaur Sakhi

Senior forsker, Dr.philos.

Tlf: 21 07 63 20

Send e-post

Bilde av Anne Lise Brantsæter

Anne Lise Brantsæter

Seniorforsker, PhD

Tlf: 21 07 63 26

M:

Send e-post

Bilde av Eleni Zoumpoulia Papadopoulou

Eleni Zoumpoulia Papadopoulou

Forsker, Ph.D in Epidemiology

Tlf: 21 07 65 11

Send e-post

Ansatt bilde

Helle Katrine Knutsen

Seniorforsker, Dr. philos

Tlf: 21 07 64 73

Send e-post

Bilde av Ida Henriette Caspersen

Ida Henriette Caspersen

Post dok, Ph.D.

Tlf: 21 07 67 81

Send e-post

Bilde av Line Småstuen Haug

Line Småstuen Haug

Seniorforsker, Dr. philos

Tlf: 21 07 65 49

Send e-post

Ansatt bilde

Mahin Karimi

Overingeniør, Cand Scient

M: 400 71 694

Send e-post

Bilde av Merete Åse Eggesbø

Merete Åse Eggesbø

Senior forsker, PhD

Tlf: 21 07 82 06

M: 458 89 245

Send e-post

Ansatt bilde

Nina Louise Torcelino-Iszatt

Researcher, Ph.D in Environmental Epidemiology

Tlf: 21 07 82 87

Send e-post

Bilde av Rena Samantha Record

Rena Samantha Record

Overingeniør, Master i kjemi

M: 483 47 743

Send e-post