Kroniske sykdommer og aldring
Avdeling for kroniske sjukdomar og aldring har som hovudansvar å koordinere og drive forsking og helseanalyse innan ikkje-smittsame sjukdomar.
Kjerneoppgåver
Kjerneoppgåvene er forsking på og helseanalyse av ikkje-smittsame sjukdomar, slik desse er definerte og avgrensa i WHO-samanheng, og underliggjande risikofaktorar som bruk av tobakk, usunt kosthald, fysisk inaktivitet og skadeleg bruk av alkohol. Avdelinga har eit nasjonalt koordineringsansvar for å overvake ikkje-smittsame sjukdomar som hjarte-og karsjukdomar, type 2-diabetes, kreft og lungesjukdomar. Forsking på og helseanalyse av osteoporose og brot er òg forankra i avdelinga og bidreg inn i det nasjonale forskarnettverket NOREPOS. Når det gjeld kreft, fokuserer avdelinga på å vidareutvikle samarbeidet med Kreftregisteret. Avdelinga skal sikre instituttet sitt nasjonale overvakingsansvar for kosthald og fysisk aktivitet i befolkninga.
Mål
Med omsyn til å fremje betre helse har avdelinga som mål å forstå utviklinga av ikkje-smittsame sjukdomar, samsjuklegheit og felles etiologi for kroniske sjukdomar.
Vi ser på problemstillingar som utviklingstrendar for type 2-diabetes og kva komplikasjonar denne har, samt korleis sosiale forskjellar og etnisitet verkar inn på diabetesførekomst og behandling. Eit anna område er sosial ulikskap innan hjarte- og karsjukdom, medrekna tydinga av kjende risikofaktorar og kognitive ferdigheiter hos individa sjølve og risikofaktorar tilbake i familiane deira. Andre problemstillingar gjeld risikofaktorar der årsaksforhold og sjukdomsutvikling ikkje er fullstendig forstått, slik som alkoholbruk, inkludert drikkemønster, og seinare hjarte-/karsjukdom. Vi ser òg på risikoen for hjarte- og karsjukdom i ulike etniske grupper blant innvandrarar i Noreg. Vi undersøkjer òg fordelinga av kjende risikofaktorar for kreft og identifiserer nye risikofaktorar for kreft i samarbeid med Kreftregisteret. Andre problemstillingar gjeld mogleg auka eller redusert risiko for visse kreftformer ved langtidsbruk av enkelte typar medikamentell behandling, for eksempel hormon i overgangsalderen, visse hjarte-/karmedisinar, diabetesmedisin og acetylsalisylsyre. Vi studerer òg om årsaka til at nokon utviklar lungesjukdom, startar i fosterlivet. Vidare ser vi på kvifor Noreg har hatt og framleis har verdas høgaste insidens av hoftebrot. Vi vil òg undersøkje kva faktorar som kan forklare den kraftige auken i insidens på slutten av førre hundreår, nedgangen i førekomst av hoftebrot dei siste 15–20 åra, og kva faktorar som kan forklare geografiske forskjellar i førekomst av hoftebrot i Noreg.
Avdelinga bruker data frå register og helseundersøkingar, i kombinasjon med biologisk materiale i store kopla filer, for å sikre dei ansvarsområda og arbeidsoppgåvene som er forankra i avdelinga, og har ekspertise innan bruk av data frå landsomfattande helseundersøkingar i kombinasjon med register og biologisk materiale.
Avdelinga inkluderer primært forskarar som arbeider med hjarte- og karsjukdomar, type 2-diabetes, kreft, lungesjukdomar, osteoporose og brot samt forskarar med særskild kompetanse innan ernæring og fysisk aktivitet.
Prosjekter
Medarbeidere














Rådgiver, M.Phil. European Master in Health Economics and Management
Tlf: 21 07 62 14
M: 400 79 459





















