Hopp til innhold

Nyhet

Medisinsk fødselsregister

Stadig færre gravide røyker i svangerskapet

Publisert

Gravide som røyker dagleg i byrjinga av svangerskapet er redusert frå 23 til knapt 3 prosent i løpet av 20 år, viser nye tal frå Medisinsk fødselsregister i Folkehelseinstituttet.

Gravid kvinne
Colourbox.com

Gravide som røyker dagleg i byrjinga av svangerskapet er redusert frå 23 til knapt 3 prosent i løpet av 20 år, viser nye tal frå Medisinsk fødselsregister i Folkehelseinstituttet.


Ei rekke data om svangerskap og fødslar, inkludert røyking før og under svangerskapet, er no publiserte i statistikkbanken til Medisinsk fødselsregister (MFR). Det er fødeinstitusjonane som melder data om mor, fødsel og barn til (MFR).

Overlege Kristine Stangenes i Medisinsk fødselsregister ved Folkehelseinstituttet er svært nøgd med dei nye røyketala, ikkje minst på grunn av konsekvensane for barnet når mor røyker under svangerskapet:

– Røyking i svangerskapet er blant dei risikofaktorane som det er viktigast å førebygge. Røyking gir mellom anna auka risiko for låg fødselsvekt, spontan abort, dødfødsel og for tidleg fødsel.

I statistikkbanken til Medisinsk fødselsregister kan du sjå alle dei nye 2018-tala, blant anna om mors vekt og ikkje-planlagde fødslar utanfor institusjon.

Ikkje alle stumpar røyken i svangerskapet

I 2018 hadde vi 55 059 fødslar i Noreg. Her er tala for daglegrøykarar for kvinnene som fødde i fjor:

  • 1363 røykte dagleg i starten av svangerskapet (2,7 prosent)
  • 804 røykte dagleg i slutten av svangerskapet (1,6 prosent)

Tilsvarande tal for 1999 var 22,7 prosent og 16,0 prosent, sjå figur 1.

Figur 1-røyking.png

Figur 1. Røykevanar ved byrjinga og slutten av svangerskapet.

Figur 1 viser også utviklinga for av-og-til-røykarane: I 2018 røykte 0,6 prosent av og til i byrjinga av svangerskapet, medan 0, 3 prosent gjorde det i slutten. Tilsvarande tal for 1999 var 2,9 prosent og 1,8 prosent.

– Andelen røykarar i befolkninga har gått jamt nedover, og dette gjeld heldigvis òg for gravide og kvinner i fruktbar alder, seier overlegen.

I 2018 var røykestatus oppgitt for 90,7 prosent av fødekvinnene. Gravide kvinner kan seie nei til at opplysningar om røyking blir registrert i MFR. Dei seinare åra har andelen som motset seg registrering av slike opplysningar lege på cirka 9 prosent.

Unge gravide røyker fortsatt oftast

Gjennom mange år har tal frå MFR vist at dess yngre kvinnene er når dei blir gravide, desto større er risikoen for at dei røyker under svangerskapet (Figur 2). Dette gjeld både ved byrjinga av og ved slutten av svangerskapet.

Figur 2 røyking.png

Figur 2. daglegrøykarar ved byrjinga og slutten av svangerskapet, fordelt på aldersgrupper.

Kvinner som er under 20 år, har i perioden 1999–2018 hatt den høgaste andelen daglegrøykarar blant gravide. Denne andelen har gått kraftig ned dei siste åra, og det er no knapt nokon skilnad mellom dei ulike aldersgruppene.

For ti år sidan røykte cirka 40 prosent av dei under 20 år dagleg i starten av svangerskapet, dei to siste åra er andelen redusert til sju prosent. Også for aldersgruppa 20–24 år er andelen som røyker dagleg i starten av svangerskapet kraftig redusert. Sjå figur 2.

Det høyrer også med i dette bildet at i dag blir ikkje lenger så mange unge jenter gravide som tidligare.

Ukjent kor mange som snusar

Foreløpig er det usikkert kor mange gravide som snusar, men Folkehelseinstituttet arbeider med at også data om snusing i svangerskapet kan registrerast i MFR.

– Vi veit foreløpig lite om snusbruk i svangerskapet. Dersom vi får nye data om dette i registeret, vil det bidra til eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, seier overlegen.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det generelle forbruket av snus har auka dei siste åra, særleg blant yngre kvinner. Ei av seks kvinner i alderen 16–24 år snuser dagleg, visar 2018-statistikken frå SSB (Figur 3).

Figur 3 røyking.png

Figur 3. Dagleg bruk av røyk og snus blant kvinner 16–24 år. Kilde: SSB

Sjå kva Folkehelserapporten skriv om røyking og snusbruk i Noreg.

Og her kan du sjå kva som står i Folkehelserapporten om helserisiko og sjukdom som følgje av tobakksbruk.

Mors fødeland betyr mykje

Fødekvinner frå Sør- og Aust-Asia, Oseania og Afrika sør for Sahara har lågast andel daglegrøykarar i byrjinga av svangerskapet med andelar på under ein prosent i 2018. Fødekvinnene frå Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia har den høgaste andelen i 2018 med 3,8 prosent daglegrøykarar i byrjinga av svangerskapet.

Fødselsfakta for heile perioden 2009–2018

Røyking ved slutten av svangerskapet

  • 21 651 gravide røykte dagleg
  • 471 330 gravide røykte ikkje

Prosentandelen som fekk eit dødfødd barn

  • Ikkje-røykarar: 0,34 %
  • Blant daglegrøykarar: 0,48 %

Prosentandel som fødde for tidleg

  • Ikkje-røykarar: 6,2 %
  • daglegrøykarar: 8,2 %

For tidleg fødde reknast før 37. veke.

Barnet si fødselsvekt (gjennomsnitt)

  • Ikkje-røykarar: 3 503 gram
  • Daglegrøykarar: 3 295 gram

Kjelder:

Cnattingius, S. The epidemiology of smoking during pregnancy: smoking prevalence, maternal characteristics, and pregnancy outcomes. Nicotine & Tobacco Research: Official Journal of the Society for Research on Nicotine and Tobacco 2004; 6( suppl 2): S125– S140.