Hopp til innhold

Forskningsfunn

Samanheng mellom Facebook-vurderingar og forskingsbaserte kvalitetsindikatorar

Publisert

Illustrasjon av tommel opp
Illustrasjon: Colourbox.com

Det er ein samanheng mellom vurderingar av sjukehus på Facebook og resultat frå forskingsbaserte, nasjonale undersøkingar av brukarerfaring. Facebook-vurderingar har og samanheng med 30-dagars overleving, viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.


Sjukehus og andre leverandørar av helsetenester blir fortløpande vurdert av pasientar, pårørande og andre på sosiale medier og rating-sider, som til dømes på Facebook, Twitter og Google. I internasjonale studiar er det funne ein samanheng mellom vurderingar frå slike kjelder og forskingsbaserte målingar, spesielt når det gjeld indikatorar for brukarerfaringar med helsetenester. Eit problem med den internasjonale forskinga er at dekninga av sjukehus på Facebook har vært dårleg, altså at å generalisere ut frå utvalet gir usikre svar.

I Noreg er det ikkje gjennomført tilsvarande studiar tidlegare. Forskarane ved Folkehelseinstituttet henta ut data frå Facebook-sidene til norske sjukehus, og inkluderte uoffisielle Facebook-sider for å kompensere for at mange sjukehus ikkje har offisielle Facebook-sider. Gjennomsnittsskåra til sjukehusa frå Facebook blei så sett opp mot med forskingsbaserte kvalitetsindikatorar frå nasjonale brukarerfaringsundersøkingar og med 30-dagars overleving, storleik på sjukehusa og 30-dagars reinnlegging.

Hovudfunnet frå studien var altså at det var en samanheng mellom vurderingar av sjukehus på Facebook og brukarerfaringsindikatorar, og med 30-dagers overleving.

– Funnet samsvarar med internasjonal forsking, og viser at informasjon som genererast på Facebook har interesse for befolkninga, pasientar, helsepersonell og ledarar som er opptatt av kvaliteten på norske sjukehus, seier Øyvind Andresen Bjertnæs, avdelingsdirektør og forskar ved Folkehelseinstituttet.

Forskarane fann og at kommentarar i fritekstfeltet frå sjukehusa sine offisielle Facebook-sider var meir relevante for å vurdere sjukehusa enn kommentarar frå uoffisielle sider.

Facebook bør ikkje brukast som einaste datakjelde

Facebook bør uansett ikkje brukast aleine som ei kjelde til informasjon om kvaliteten på sjukehusa. Det er mykje usikkerheit knytt til resultat for enkeltsjukehus. Det tyder på at Facebook-data berre bør supplere tilfanget av tilbakemeldingar og brukas saman med forskingsbaserte kvalitetsindikatorar.

– Det er og viktig å inkludere og forske på fleire nettbaserte kjelder enn Facebook, og å utvikle betre og meir effektive metodar for å kunne analysere fritekstkommentarar frå slike kjelder, seier Bjertnæs til slutt.

Referanse

Bjertnaes O, Iversen HH, Skyrud KD, Danielsen K. The value of Facebook in nation-wide hospital quality assessment: a national mixed-methods study in Norway. BMJ Quality & Safety 2019. doi: 10.1136/bmjqs-2019-009456