Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Nyhet

Salmonellabakteriar påvist i tørka eksotisk fruktblanding

Publisert Oppdatert

Foto: Colourbox.com
Foto: Colourbox.com

Så langt er det påvist at 39 personer er smitta eller mistenkt smitta med Salmonella Agbeni. Det er no funne salmonellabakteriar i den tørka eksotiske fruktblandinga mistenkt som orsaka til utbrotet.


– Vi arbeider no saman med Mattilsynet og Veterinærinstituttet for å avklare om salmonellabakteriane har samme DNA-profil som dei som er med i utbrotet, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Det er gjennomført intervjuar med pasientar og med friske kontroller for å gjere ein kasus-kontroll-undersøking. Det er også blitt påvist Salmonella i fleire prøver av den tørka fruktblandinga. Tirsdag 12. mars blei det bekrefta at salmonellaen var typen Salmonella Agbeni: Salmonella påvist i produktet «Eksotisk Miks» fra Bama (Matportalen)

Det blei også påvist Salmonella Gamaba i to uopna pakker av Eksotisk miks frå same lot.

Mattilsynet arbeider òg med produsent for å gjere tiltak for å avgrense eventuell smittespreiing. Dei som har det mistenkte produktet heime bes om å ikkje spise det, men kaste det - sjå også saka på Mattilsynet sine nettsider "Eksotisk miks" trekkes tilbake etter mistanke om Salmonella (Mattilsynet).

Det gjenstår å få resultata frå laboratorieanalyser for å stadfeste dei 7 mistenkte tilfella. Det er påvist bakteriar med lik DNA-profil hos alle dei 32 stadfesta tilfella.

Prøvar frå personane er tatt i januar, februar og mars. Dei er i alderen frå to til 91 år. Median alder er 49. Om eit tek med både dei stadfesta og dei mistenkte sjukdomstilfella er no 39 personar kjent i dette utbrotet. 16 er menn og 23 er kvinner. Dei er busette i Oslo, Akershus, Buskerud, Østfold, Vestfold, Vest-Agder, Rogaland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms. 

Antal stadfesta og mistenkt smitta med Salmonella Agbeni tilhøyrande utbrotet er fordelt på desse fylka:

Fylke

Antal tilfelle

Akershus

8

Buskerud

2

Møre og Romsdal

3

Nordland

2

Oslo

3

Rogaland

6

Trøndelag

5

Vest Agder

2

Vestfold

6

Østfold

1

Troms

1

Totalt

39

Symptom på salmonellose

Salmonellose skuldast infeksjon med bakterien Salmonella. Dei vanlegaste symptoma er diaré, hovudpine, magesmerter, kvalme og eventuell feber. Diaréen kan i sjeldne tilfelle vere langvarig og alvorleg. Salmonellabakterier kan og gi urinveisinfeksjon. Kvart år blir det meldt mellom 900 – 1300 sjukdomstilfelle av salmonellose til Folkehelseinstituttet. Dei fleste personane er smitta i utlandet.

Smittemåte

– Salmonellabakteriar smittar i hovudsak gjennom mat. Samanlikna med dei fleste andre land i Europa er førekomsten av salmonella mykje lågare blant norske husdyr og norskproduserte næringsmidlar. Smitteutbrot med salmonella er difor forholdsvis sjeldan i Noreg. Matvarer som er importerte frå land der salmonella er vanlegare enn hos oss utgjer likevel ein smitterisiko, seier Line Vold.

Smitte kan også skje frå person til person og i Noreg er det dessutan påvist smittetilfelle frå ville dyr, som fuglar og pinnsvin.

Internasjonalt er dei vanlegaste smittekjeldene kjøttprodukt, særleg svine- og fjørfekjøtt, men også egg, eggprodukt, mjølk, skalldyr, forureina grønnsaker og krydder kan vere kjelda. Smitte kan også skje frå husdyr, inkludert kjæledyr som hund, katt, fuglar og reptil. I tillegg kan det skje smitteoverføring gjennom ikkje-desinfisert drikkevatn.

Førebyggjande tiltak

God handhygiene etter toalettbesøk og før matlaging og måltid er generelt viktig for å førebyggje infeksjonar som kan gje diaré. Dersom du har diaré, bør du unngå å lage mat til andre.

Fleire gode råd for å førebyggje smitte frå mat eller vatn finn du i artikkelen Hva kan smitte gjennom mat og vann?

Meir om salmonella i Smittevernveilederen