Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Nyhet

Mestringskurs gir færre symptom på posttraumatisk stress hos mindreårige flyktningar og asylsøkarar

Publisert

Jente som lener seg mot vegg.
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Kurs i psykologiske mestringsteknikkar er til hjelp for einslege mindreårige flyktningar med opphald i Noreg og asylsøkande barn i følgje med foreldre, men ikkje for einslege mindreårige asylsøkarar. Det viser ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet.


Opplevingar frå krig og vald kan forårsaka posttraumatisk stressliding (PTSD). Lidinga er utbreidd blant einslege mindreårige asylsøkarar. Forsking har vist at 50–70 prosent av einslege mindreårige asylsøkarar har så mykje symptom på PTSD at dei treng hjelp. Blant norske tenåringar er talet rundt éin prosent.

Folkehelseinstituttet har undersøkt om kurset Teaching Recovery Techniques (TRT) kan redusere traumerelaterte psykiske plager blant asylsøkande barn og busette einslege mindreårige flyktningar. Resultata frå undersøkinga er publisert i rapporten «Mestring i mottak og kommunar».

Kurseffekten varierte betydeleg

Forskarane fann effektar av kurset både på PTSD-symptom og livskvalitet, men som forskar Brit Oppedal ved Folkehelseinstituttet seier:

– Kurseffekten varierte betydeleg etter omsorgssituasjonen til barna.

  • Blant busette einslege mindreårige flyktningar viser resultata både ein nedgang i symptomnivå og ein auke i livskvalitet.
  • Blant asylsøkande barn i følgje med foreldre fann forskarane den største effekten av kurset på PTSD-symptom, men dei fann inga endring i barna sin livskvalitet.
  • Einslege mindreårige asylsøkarar i mottak rapporterte betre livskvalitet etter at dei hadde vore med på TRT-kurset.

Men fleire av dei einslege mindreårige asylsøkarane som venta på svar på asylsøknaden sin, gav uttrykk for at kurset ikkje hjelpte dei. Desse ungdommane var ikkje i stand til å lære eller huske teknikkane på grunn av frykt og bekymring for å bli sendt tilbake til heimlandet.

– Det er ikkje tvil om at desse ungdommane treng hjelp. Dei har skåra høgt på PTSD-symptom i utgangspunktet, og dei gir tydeleg uttrykk for at dei også slit med angst og depresjon. TRT-manualen er ikkje berekna på denne klientgruppa, men bør tilpassast dei, seier Oppedal.

Ho fortel at det blir jobba med å revidere manualen, slik at barna også lærer korleis dei kan handtere spenning og stress knytt til behandlinga av asylsøknaden deira.

Tilrår kurset

Rapporten tilrår at kurset blir tilbydd til alle asylsøkande og busette barn. Og også til unge og vaksne med fluktbakgrunn som slit med traumerelaterte psykiske plager. Oppedal seier kurset bør etablerast som eitt av tiltaka i det lokale helsevesenet. Det grunngir ho med dei positive resultata frå undersøkinga, behovet for eit lavterskeltilbud i mottak, omsorgssenter og busetjingskommunar, og at spesialisthelsetenesta ofte manglar kapasitet til å hjelpe desse barna.

– Alle asylsøkande barn og unge flyktningar bør få traumefokusert omsorg. TRT bør veljast som eit første tiltak til barn og vaksne som slit med opphoping av traumerelaterte psykiske plager, meiner Oppedal.

Forskaren meiner at spesialisthelsetenesta må tilby behandling til dei som treng vidare oppfølging etter TRT, eller som har meir komplekse og alvorlege psykiske helseplager.

Kurset består av fem møte

Teaching Recovery Techniques består av fem møte med 5 til 15 deltakarar. Deltakarane er barn og ungdom frå åtte år og oppover. Møta blir leidde av to gruppeleiarar, som kan vera personar utan klinisk psykologisk eller psykiatrisk utdanning.

I møta lærer barna teknikkar som skal hjelpe dei å handtere dei tre vanlegaste reaksjonane på traumatiske opplevingar:

  • To møte handlar om påtrengande minne, tankar, mareritt og flashbacks.
  • Eitt møte tar for seg fysiologisk overaktivering (til dømes vanskar med å slappe av, konsentrera seg eller sove).
  • Dei to siste møta tar opp barna si unngåelsesatferd. Unngåelsesatferd er frykt og vanskar med å møte ulike situasjonar som minner barna om dei vonde opplevingane frå krigen eller flukta.

TRT er ei psykologisk verktøykasse med mestringsteknikkar som lærer barna praktiske ferdigheiter og teknikkar for å meistra dei psykologiske konsekvensane av krig og vald.

Foreldre får tilbod om to opplæringsmøte for at dei lettare skal kunna snakke med barna om dei traumatiske opplevingane, og for å kunne følgje opp barna sine heimeoppgåver og praktisere teknikkane som dei lærer.

– Mange foreldre gav uttrykk for at dei også hadde traumerelaterte psykiske plager, og at dei hadde behov for eit TRT-kurs, seier Oppedal.

Om studien

Studien hadde 170 deltakarar. Deltagarane var einslege mindreårige asylsøkande barn i omsorgssenter og EM-mottak, barn i følgje med asylsøkande foreldre, eller einslege, mindreårige flyktningar busett i Noreg. Deltakarane vart kartlagde for PTSD-symptom før TRT. Dei som hadde høgt symptomnivå fekk tilbod om å delta i prosjektet.

Dei fleste av deltakarane var frå Afghanistan, Eritrea, eller Syria. Gjennomsnittsalderen var 16 år.

Det er første gong TRT blir tatt i bruk for å hjelpe unge asylsøkarar og flyktningar i Noreg.

Referanse

Oppedal, B., Solhaug, AK, Friborg, O, & Biele, G. Mestring i Mottak og Kommuner. Implementering og evaluering av Teaching Recovery Techniques i asylmottak og bosettingskommuner i Norge. Rapport 2019. Oslo: Folkehelseinstituttet, 2019