Hopp til innhold

Nyhet

Mange greip moglegheita til å beskytte seg mot livmorhalskreft

Publisert

Nye tal frå Folkehelseinstituttet viser andel og antal unge kvinner som valde å ta HPV-vaksine gjennom det midlertidige vaksinasjonsprogrammet. Over 137 000 kvinner tok imot tilbodet.

HPV-vaksine til kvinner fødde 1991–1996.JPG

Nye tal frå Folkehelseinstituttet viser andel og antal unge kvinner som valde å ta HPV-vaksine gjennom det midlertidige vaksinasjonsprogrammet. Over 137 000 kvinner tok imot tilbodet.

I perioden 1. november 2016 til 1. juli 2019  fekk  unge kvinner som er fødde i 1991 og seinare tilbod om HPV-vaksine. Tilbodet gjaldt dei som ikkje hadde fått tilbod om vaksine tidlegare eller som hadde takka nei til vaksine i barevaksinasjonsprogrammet.

Vaksinen er retta mot et virus som heiter HPV og reduserer risikoen for utvikling av livmorhalskreft og anna HPV-relatert kreft hos kvinner som ikkje var smitta med HPV på vaksinasjonstidspunktet. Dei får også lågare risiko for å utvikle alvorlege celleforandringar i livmorhalsen.

Over 380 000 dosar er gitt i programmet

Tal frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK viser at 137 420 kvinner tok imot tilbodet om HPV-vaksine i perioden. Til saman vart det sett 380 000 dosar, fordi tre dosar er tilrådd for fullvaksinasjon.

– Folkehelseinstituttet er svært nøgd med innsatsen både frå kommunehelsetenesta. Det at over 380 000 dosar HPV-vaksine blei sette i perioden, visar at mange ønskte å beskytte seg. Det høge talet er spesielt gledeleg når ein veit at det krever at kvinnene sjølv sett av tid for å få vaksine, seier Margrethe Greve-Isdahl, overlege ved Folkehelseinstituttet.

Tala som Folkehelseinstituttet legg fram i dag, viser andel og antall vaksinerte kvinner i fylke, kommunar og bydelar i dei største byane.

– Den høgaste andelen vaksinerte kvinner finn vi i Trøndelag, tett følgt av Hordaland og Sogn og Fjordane. Landsgjennomsnittet for kvinner som er fødde i 1991-1996 og som valde å nytte seg av tilbodet, er 59 prosent, seier Greve-Isdahl.

Figuren under viser oversikt over andelen kvinner fødde 1991 - 1996 som har nytta tilbodet om gratis HPV-vaksine.

imagem5o6c.png

Statens legemiddelverk har godkjent HPV-vaksinen Cervarix etter vurdering av effekt og biverknader. Som alle andre godkjente legemiddel er vaksinen godkjent både hos internasjonale og nasjonale legemiddelmyndigheiter.

Biverknader som er melde inn, gjeld i hovudsak milde og forbigåande symptom som er godt kjente frå før, slik som smerter på stikkstaden og i armen, hovudpine, svimmelheit, generell sjukdomskjensle med feber, utslett og kløe. Desse symptoma går over av seg sjølv i løpet av nokre få dagar.

Tala i statistikkbanken er baserte på adressa i Folkeregisteret. Unge kvinner vil i stor grad bli vaksinerte andre stader enn i heimkommunen, for eksempel grunna studiar og jobbsituasjon. Andelen vaksinerte kvinner i kommunen gir derfor ikkje alltid eit fullstendig bilete av talet på vaksinasjonar som er utførte i kvar kommune.

For nokre kommunar finst det ikkje tal i statistikkbanken, dette skuldast oftast lågt folketal.

Best med både vaksine og livmorhalsprøve

Enkelte kvinner har allereie HPV-infeksjon når dei blir vaksinerte. HPV-vaksine kan ikkje beskytte mot ein pågåande infeksjon.

– Derfor er det viktig at også vaksinerte kvinner fortsett å undersøke livmorhalsen med celleprøve. Effekten av vaksinering vil vi først sjå på lengre sikt. Det beste vern mot livmorhalskreft får ein dersom ein både er vaksinert og tek regelmessig livmorhalsprøve, seier  Greve-Isdahl.

Dei som ikkje rakk fristen

Dei som ikkje rakk å ta alle dosane innan fristen i juli i år, kan ta kontakt med fastlegen sin for å få dei dosane som manglar. Kvinnene må no betale for vaksine og vaksinasjon sjølve.

Det er ikkje eit problem at det tar lengre tid enn planlagt å få fullført vaksinasjonen, men tida mellom dosane bør ikkje vere kortare enn anbefalt.

Biverknader