Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Nyhet

Kva er det beste legemiddelet mot multippel sklerose (MS)?

Publisert

Colourbox.com
Colourbox.com

Ingen av dei tilgjengelige MS-legemidla kan eintydig rangerast som best. Det viser ei metodevurdering frå Folkehelseinstituttet.


Metodevurderinga tek for seg ni forskjellige legemiddel som blir brukte i behandlinga av MS-pasientar. Føremålet med legemidla er å forsinke sjukdomsutviklinga.

Forskarane har vurdert kor effektive og nyttige legemidla er i behandling av sjukdommen, og kor trygge dei er, det vil seie om dei gir alvorlege biverknader. I tillegg er det utarbeida ei helseøkonomisk evaluering.

Både metodevurderinga og den helseøkonomiske evalueringa er gjort på oppdrag frå Nye metodar.

Resultatet

Gjennomgang av forskinga viser følgande resultat :

  • Alemtuzumab, natalizumab og ocrelizumab er dei tre høgast rangerte legemidla når det gjeld å førebygge forverringsepisodar (attakkrate).
  • Ocrelizumab og alemtuzumab er sannsynlegvis like gode for å hindre vedvarande sjukdomsforverring, men er ikkje nødvendigvis betre enn dei andre legemidla.
  • Rituksimab hadde lågast risiko for alvorlege biverknader, og færre slutta med legemiddelet på grunn av biverknader. Studiane som låg til grunn for desse resultata var imidlertid ikkje randomiserte, og tilliten til resultata er derfor låg.

Få alvorlege biverknader

Metodevurderinga baserer seg på 35 randomiserte kontrollerte studiar og 11 ikkje-randomiserte studiar. Randomisert kontrollert vil seie at det er nytta loddtrekning til å fordele pasientane til den eine eller andre av behandlingane som vert samanlikna. Dei ikkje-randomiserte studiane hadde også samanlikningsgrupper.

– Dei inkluderte studiane rapporterte om svært få dødsfall og få alvorlege biverknader. Vi analyserte difor ikkje dette, men talde i staden opp talet  på tilfelle av alvorlege biverknader for kvart legemiddel, forklarer seniorforskar Torunn Elisabeth Tjelle ved Folkehelseinstituttet.

Helseøkonomisk analyse

Det er store skilnader mellom nokre av dei ni inkluderte MS-legemidla når det gjeld kor mange gode leveår (QALY) dei gir, og kor store økonomiske livstidskostnadar dei medfører.

Det er Beslutningsforum RHF (Nye metodar) som skal vurdere kva lekemiddel som er å rekne som kostnadseffektive, eller ikkje.

Rituksimab off-label

Rituksimab har ikkje marknadsføringsløyve som MS-medisin i Noreg. Legar skriv likevel ut rituksimab til MS-pasientar. Dette er ikkje ulovleg og kallast off-label-bruk. Metodevurderinga har derfor også inkludert ei juridisk og etisk vurdering av off-label-bruk av rituksimab.  Den juridiske vurderinga fann inga lov eller rettspraksis som er til hinder for at rituksimab kan skrivast ut av legar eller anbefalast av myndigheitene sjølv om det finst liknande legemiddel som har marknadsføringsløyve, men rettsgrunnlaget på dette feltet er tynt.