Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Nyhet

Høg oppslutning om HPV-vaksinasjon i Norge

Publisert


Andelen som tek imot tilbodet om HPV-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet, er høg hos begge kjønn.


I skoleåret 2018/2019 har både gutar og jenter fått tilbod om HPV-vaksine. Dette er første gongen gutar får tilbod om HPV-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet. I det første skolehalvåret har 87 prosent av gutane og 89 prosent av jentene fått første dose HPV-vaksine. Det viser tal frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK.

– HPV er årsak til over 100 tilfelle med kreft hos menn og nær 500 hos kvinner kvart år. Takka vere at både gutar og jenter får moglegheita til å beskytte seg mot HPV-relatert kreft, blir mange av desse tilfella no førebygde, seier Margrethe Greve-Isdahl, overlege ved Folkehelseinstituttet.

HPV-vaksine har vore eit tilbod til jenter på 7. klassetrinn i barnevaksinasjonsprogrammet sidan skoleåret 2009/2010, for å beskytte mot kreft i livmorhalsen og dei ytre kjønnsorgana hos kvinner. Frå hausten 2018 har også gutar fått tilbod om HPV-vaksine. Vaksinasjonen for dei som er under 15 år består av to dosar HPV-vaksine med seks månaders intervall (ei dose på hausten og ei dose på våren). Bakgrunnen for tilbodet til gutar er at vi dei siste åra har fått meir kunnskap om at HPV også kan føre til fleire former for kreft hos både kvinner og menn.  Langvarig HPV-infeksjon kan føre til kreft i munn, svelg og endetarmsopninga hos begge kjønn, samt i penis.

Unge kvinner må huske frist for siste dose

Sidan 2016 har HPV-vaksinen vore eit tilbod til unge kvinner fødde i 1991 og seinare. Tal frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK viser at 136 131 kvinner fødd 1991 eller seinare, har takka ja til tilbodet.

Dei som starta vaksinasjon innan utgangen av desember 2018, kan framleis få dei resterande dosane gratis innan 1. juli 2019. Det kan gå lenger tid enn planlagt mellom dosane utan at det påverkar kor godt beskytta ein er etter vaksinasjon. Det kan likevel ikkje gå kortare tid enn anbefalt mellom dosane. Kortaste intervall mellom dosane er ein månad mellom dei fyrste to dosane, og fem månader mellom dei siste to. For at kvinnene skal få HPV-vaksine gratis, må vaksinedosane takast innanfor tidsfristen for tilbodet.

Det beste vernet

– Vi ønsker å minne alle kvinner som har starta vaksinasjonen om at dei blir best beskytta om dei fullfører med alle tre dosane. Dei som ikkje rekk alle dosane innan fristen 1. juli 2019, kan kontakte fastlegen sin for å få resten av vaksinedosane, men då må dei dessverre betale for det sjølve, seier Greve-Isdahl.

Greve-Isdahl påpeiker at det beste vernet mot livmorhalskreft er å ta alle tre dosane med vaksine og følgje anbefalinga om jamlege livmorhalsprøvar, sidan enkelte kvinner har HPV-infeksjon allereie når dei blir vaksinerte. HPV-vaksine kan ikkje behandle ein slik pågåande infeksjon, og enkelte vaksinerte kvinner vil derfor likevel kunne utvikle celleforandringar i livmorhalsen.

Du kan lese meir om tilbod om HPV-vaksine i Noreg på dei to temasidene på fhi.no: HPV-vaksine til elever på 7. trinn og HPV-vaksine til unge kvinner.