Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Folkehelseprofilane 2019 for kommunar og bydelar er publiserte

Nye folkehelseprofilar for kommunar og bydelar er klare for nedlasting. Tema for folkehelseprofilane 2019 er tryggleik og trivsel i oppveksten.

utsnitt kommuneprofil

Ein profil er utarbeidd for kvar av dei 422 kommunane i Noreg. I tillegg blir det samtidig publisert profilar for bydelane i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim.

– Eit godt oppvekstmiljø er viktig for at barn og unge skal kjenne seg trygge og oppleve meistring. Kommunen har verkemiddel for å skape gode miljø i barnhagen, skolen og lokalsamfunnet, seier forskar Leila Torgersen ved Folkehelseinstituttet.

Fleire av indikatorane i folkehelsebarometeret på side 4 i 2019-profilane speglar årets tema. I tillegg finst mange andre oppdaterte indikatorar i Kommunehelsa statistikkbank.

Den grafiske utforminga i 2019-profilen er ny, og temainndelinga som nyttast i profilen er endra.  

Bydelsprofilar for fire byar

Bydelsprofilane for dei fire største byane har same tema som kommuneprofilen, men indikatorvalet er litt forskjellig. 

Ni indikatorar frå Ungdata-undersøkingane

Folkehelsebarometeret på side fire presenterer i alt 34 indikatorar. Nokre er faste frå år til år, andre er valde med tanke på årets tema, slik som kor stor andel av innbyggjarane i kommunen som er under 18 år, og andelen barn som bur i hushaldningar med låg inntekt eller som bur trongt. Ein ny indikator er andelen unge vaksne i aldersgruppa 20-29 år som får stønad til livsopphald.

Til saman 9 indikatorar i kommuneprofilane og 10 i bydelsprofilane er henta frå Ungdata-undersøkingane som er gjennomførte i kommunar over heile landet. Her har ungdom blant anna svart på kor fornøgde dei er med lokalmiljøet og si eiga helse, om dei blir mobba og kor fornøgde dei er med kommunen når det gjeld treffstader for ungdom.

Nokre kommunar får dessverre ikkje tal frå Ungdata. Dette skuldast enten at dei ikkje har gjennomført undersøkinga dei tre siste åra, at dei ikkje har spurt om kjøn og klassetrinn, eller at tala blir for små.

Standardiserte tal vil seie at tala er justerte, slik at kommunen kan samanlikne seg med landsnivået sjølv om alderssamansetninga blant dei spurte varierer noko, og sjølv om fordelinga mellom gutar og jenter er forskjellig.

Kommunar som ikkje får tal, kan bruke fylkestala, eller dei kan finne ikkje-standardiserte tal frå Ungdata-undersøkingane på ungdata.no. Ikkje-standardiserte tal inneber at kommunen sjølv må vurdere om alders- og kjønsfordelinga i kommunen er forskjellig frå landsnivået.

Figuren nedanfor viser eksempel på eit folkehelsebarometer:

eksempel kommunebarometer

Figur 1. Kvar profil viser folkehelsebarometeret for kommunen eller bydelen på side 4.

Meir informasjon og vegleiingar:

Finn fleire tal i statistikkbankane

I tillegg til tala i profilen, kan kommunane finne mange andre oppdaterte tal i Kommunehelsa statistikkbank. I år er rekkefølga på indikatorane endra noko fordi mange kommunar ønskjer ei inndeling som betre samsvarar med forskrifta i folkehelselova. Sjå Om Kommunehelsa og Norgeshelsa statistikkbank   

Gå direkte til statistikkbankane:

  • Kommunehelsa statistikkbank inneheld indikatorar på kommune- og bydelsnivå. Du finn også utfyllande informasjon om kvar enkelt indikator. Statistikkbanken blir oppdatert når nye data kjem inn.
  • Norgeshelsa statistikkbank viser tal på fylkes- og landsnivå. For kommunar som ikkje får tal på alle indikatorane i Kommunehelsa statistikkbank, kan det løne seg å ta ein titt her.   

I tillegg til tal som finst i profilane og statistikkbankane må kommunen bruke lokalkunnskap og andre kjelder for å gjere heilheitsvurderingar av folkehelsa i kommunen, sjå figur nedanfor.

Profilar for fylka kjem i mars.

illustrasjon kilder til statistikk
Illustrasjon: FHI

Figur 2. Folkehelseprofilane er ein del av datagrunnlaget som kommunane kan nytte i folkehelsearbeidet. Illustrasjon: FHI.

Kontakt Send e-post