Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Folkehelseinstituttet ny hovudpartnar i internasjonalt nettverk

Folkehelseinstituttet skal dele sin kompetanse med låg- og mellominntektsland når det gjeld metodevurderingar og systematiske kunnskapsoppsummeringar.

Logoen til iDSI
Logo: iDSI

Instituttet har blitt ny partnar i nettverket iDSI; International Decision Support Initiative. Nettverket arbeider for at  helsetenesta i låg- og mellominntektsland skal få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for å gjere beslutningar og prioriteringar i helsetenesta.

Partnarskapen mellom Folkehelseinstituttet og iDSI kjem i kjølvatnet av at Bill og Melinda Gates-stiftinga ga 14,5 millionar dollar (USD) til iDSI, og at Folkehelseinstituttet nyleg har motteke 3,25 millionar dollar frå Norad, til arbeid med helsetenester for alle, såkalla universell helsedekning (Universal Health Coverage eller UHC).

Låg- og mellominntektsland treng å gjennomføre kunnskapsoppsummeringar og metodevurderingar før dei investerer i helseteknologi og behandling. I første omgang vil Folkehelseinstituttet og iDSI starte samarbeid og opplæring i metodevurderingar og kunnskapsoppsummeringar i Ghana og Palestina.

– iDSI fungerer som ei unik plattform for å støtte dei meste kritiske vala på vegen til universell helsedekning. Vi er glade for å vere med i denne partnarskapen, seier områdedirektør Trygve Ottersen ved Folkehelseinstituttet.

Samarbeidet  med iDSI er i tråd med instituttet sitt strategiske mål om å hjelpe låg- og mellominntektsland når det gjeld til å nå universell helsedekning.

Det er ei anerkjend gruppe hovudpartnarar Folkehelseinstituttet no sluttar seg til: National Health Foundation of Thailand, Saw Swee Hock School of Public Health, National University of Singapore og HITAP (Health Intervention and Technology Assessment Program), China National Health Development Research Center, Health Research Research Unit (HERU) av KEMRI (Kenya Medical Research Institute), Wellcome Trust Program og Clinton Health Access Initiative.