Hopp til innhold

Nyhet

Fastlegane mindre fornøgde med DPS-a enn før

Publisert

Fastlegane var mindre fornøgde med dei distriktspsykiatriske sentera (DPS-a) i 2018 enn dei var i 2014. Det viser ei ny spørjeundersøking frå Folkehelseinstituttet.

Colourbox.com
Colourbox.com

Fastlegane var mindre fornøgde med dei distriktspsykiatriske sentera (DPS-a) i 2018 enn dei var i 2014. Det viser ei ny spørjeundersøking frå Folkehelseinstituttet.


No foreligg Folkehelseinstituttet sin rapport «Fastlegers vurdering av distriktspsykiatriske sentre. Resultater i 2018 og utvikling over tid». Spørjeundersøkinga var retta til alle fastlegar.

Resultatet viser at den positive utviklinga frå tilsvarande undersøking i 2006, 2008, 2011 og 2014 er avløyst av ein tydeleg tilbakegang på fleire område.

Figur 1: Prosentvis fordeling av svar på spørsmålet «Alt i alt, hvor misfornøyd eller fornøyd er du med DPS-et?»

Figur 1.png

Kilde: «Fastlegers vurdering av distriktspsykiatriske sentre. Resultater i 2018 og utvikling over tid», Folkehelseinstituttet november 2019.

Opplever samarbeid og rettleiing mindre bra

Figur 2: Gjennomsnittsskårer på indikatorene i 2018. Skala fra 0 til 100, hvor 100 er best.

Figur 2.png

Fastlegane vurderer DPS-a sine tilbod til fastlegane om samarbeidsmøte og rettleiing som mindre bra, men dei vurderer epikrisene frå DPS-a som gode og at dei tilsette der har god kompetanse.

Rapporten viser resultat for landet samla. Det er og laga eigne rapporter for dei regionale helseføretaka (RHF), helseføretaka (HF) og kvart enkelt DPS.

– Fastlegane sine svar i undersøkinga tyder på at det har skjedd ei negativ utvikling på nasjonalt nivå når det gjeld samhandlinga mellom fastlegane og dei distriktspsykiatriske sentera. I følge undersøkinga er utviklinga negativ også når det gjeld tilgangen til spesialiserte tenester for personar med psykiske lidingar. Men det er forskjellar på lokalt nivå, seier seniorforskar Ingeborg Strømseng Sjetne ved Folkehelseinstituttet.

Vurderte sitt samarbeids-DPS

Figur 3: Gjennomsnittsskårer på indikatorene i 2006, 2008, 2011, 2014 og 2018. Skala fra 0 til 100, hvor 100 er best.

Figur 3.png

Det er femte gong undersøkinga er gjennomført. Alle fastlegar i landet blei inviterte til å dele erfaringane sine med det DPS-et dei til vanleg viser dei vaksne pasientane sine til. Det var 2509 fastlegar som svarte på undersøkinga som blei avslutta våren 2019. Det gir ein svarprosent på 54.

I rapporten er 21 enkeltspørsmål samla til sju ulike spørsmålsgrupper. Gruppene vert kalla indikatorar, og einingane kan oppnå ein skår frå 0 til 100 på dei.

Tabell frå rapporten:

Indikator

Grunnlag for berekning

Tilvising

Tre spørsmål om tilgang for pasientar og for fastlegens vurderingar

Kompetanse

Fire spørsmål om fastlegen sin vurdering av de ansatte sin faglege kompetanse

Akutte situasjonar

To spørsmål om fastlegen får kontakt og bistand i akutte situasjonar

Rettleiing

Tre spørsmål om samarbeidsmøter, rettleiing og støtte

Ventetid

To spørsmål om pasientane si ventetid på utgreiing og på behandling

Epikriser

Tre spørsmål om DPS-et sine epikrisar kommer raskt og er gode

Bemanning

Fire spørsmål om rekruttering og stabilitet i DPS-et si ansattegruppe

På nasjonalt nivå er det indikatorane Kompetanse og Epikrisar som har fått høgast skår, på 55. Rettleiing har fått lågast skår, på 32. Med unntak av indikatoren Ventetid, kor det ikkje er statistisk signifikant endring frå forrige undersøking, er det tilbakegang på dei seks andre indikatorane.

Nedgangen er størst på Tilvising, der skåren for landet samla har falle frå 52 til 46 sidan 2014. Tilvising er også det området som har sterkast samanheng med svaret på kor nøgde fastlegane er med DPS-et, og kan vere eit startpunkt for forbetringsarbeid for DPS-a.

Helse Midt-Norge får best tilbakemelding

Samanlikning av resultatet frå det enkelte RHF-et med gjennomsnittet for alle RHF-a, viser at:

  • vurderingane frå fastlegane i Helse Midt-Norge RHF er betre enn gjennomsnittet for RHF-a på fire av dei sju indikatorane
  • vurderingar frå fastlegar i Helse Nord RHF er lågare enn gjennomsnittet på fem av indikatorane
  • resultatet for Helse Vest RHF og Helse Sør-Øst RHF ikkje skil seg statistisk signifikant frå gjennomsnittet på nokon av indikatorane.
  • det er størst forskjell mellom helseføretaka (tolv trinn på skala frå 0 til 100) på indikatorane Rettleiing og Akutte situasjonar, og minst forskjell (fem trinn) på Ventetid.

Samanlikning av resultata frå 2018 med 2014:

  • Skåra for Helse Sør-Øst RHF i 2018 er statistisk signifikant lågare enn i 2014 på indikatorane Rettleiing og Tilvising.
  • I Helse Vest RHF er skåra lågare på alle indikatorane med unntak av Rettleiing, som er uendra.
  • I Helse Midt-Norge RHF er det nedgang frå 2014 på fem indikatorar, unntaket (med inga endring) er Ventetid og Akutte situasjonarpasienten det gjeld har blitt tatt inn til vurdering først.

– Mange var også oppgitte over at spesialistane på DPS-a kan være svært vanskelege å få tak i for å få faglege råd, og at tilgangen til lokale avtalespesialistar heller ikkje er særlig god, avsluttar Sjetne.