Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Nyhet

Auke i talet på harepesttilfelle

Publisert Oppdatert

Foto: Colourbox.com
Foto: Colourbox.com

Fram til no er det meldt om totalt 134 tilfelle med harepest. Dette er fleire enn på same tid dei siste åra. Sverige melder også om fleire tilfelle enn vanleg, blant anna i område nær grensa mot Noreg.


Har du funnet en feil?

Det er så langt i år meldt totalt 134 tilfelle med harepest. 130 av disse er meldt etter juli i år. Flest tilfelle er rapportert frå Hedmark, men det er også rapportert fleire tilfelle frå Oppland, Trøndelag, Østfold og Akershus.

Tidligare i sommar blei det påvist harepest (tularemi) hos hare i Oppland, Hedmark, Østfold og Sogn og Fjordane. Det er i ettertid meldt om fleire sjukdomstilfelle hos menneske både frå desse områda og andre stader i landet.

Harepest er ein sjukdom som skuldast smitte med bakterien Franciscella tularensis. Bakterien kjem frå smågnagarar. Sjukdommen kan effektivt behandlast med antibiotika.

Varierer frå år til år

Talet på sjukdomstilfelle varierer frå år til år. Dei siste åra er det vanlegvis rapportert 30-50 tilfelle årleg. Meldingane til Folkehelseinstituttet viser at dei fleste pasientane har blitt sjuke om hausten.

– I toppåret 2011 blei det rapportert om 180 tularemitilfelle, men også i 2017 og 2018 blei det rapportert fleire tilfelle enn normalt. Talet på meldte tilfelle i sommer er flere enn på samme tid i toppåret 2011, seier seniorforskar Tone Bjordal Johansen ved Folkehelseinstituttet.

Sverige rapporterer også om flere tilfelle enn vanleg. Hittil i år er det meldt 960 tilfelle som er høgare enn det forrige toppåret 2015. Då blei det rapportert om 792 tilfelle. Dei fleste er rapportert frå regionane Dalarna og Gävleborg, men også enkelte område i Norrland har fleire tilfelle enn vanleg. Både fra Noreg og Sverige er insektsstikk meldt som vanlegaste smitteveg denne sesongen.

Insektstikk eller drikkevatn er ofte smittekjelda

Insektstikk er rapportert som vanlegaste smitteveg for dei tilfella som er meldt i år. Drikkevatn er også ei vanleg smittekjelde, til dømes dersom daude mus eller lemen har infisert brønnar, bekkar og andre vasskjelder. Smitten kan også ha kome frå frå støv som ein pustar inn.

Harepest kan gje ulike symptom, og sjukdomsbildet varierer etter korleis pasienten har blitt smitta. Symptoma er feber, hovudverk og trøttheit. Dersom smitten har kome frå drikkevatn, kan ein i tillegg få mageproblem, halsbetennelse og smertefulle og hovne lymfeknutar. Ved smitten frå insektstikk, kan ein også få hovne lymfeknutar og sår som ikkje gror. Dersom smitten skuldast at ein har pusta inn støv frå sjuke dyr eller deira avføring, kan bakteriane gi lungebetennelse.

Råd for å førebygge harepest

– Det er viktig at personar som ferdast i naturen tenkjer over korleis dei kan unngå smitte, seier Bjordal Johansen.

  • Vern deg mot insektstikk ved å bruke langerma skjorte/genser, lange bukser og insektmiddel.
  • Ikkje drikk vatn rett frå naturen i område med mykje smågnagarar som mus og lemen.
  • Unngå kontakt med sjuke eller daude harar, mus og lemen.
  • Ikkje fei opp muselort i hytta, men bruk heller ein fuktig klut for å unngå at støv blir virvla opp. Bruk gummihanskar.
  • Unngå å bli slikka av hundar og kattar som nyleg har vore i kontakt med daude eller sjuke dyr, og som derfor kan ha bakterien i munnhola.

Helsepersonell skal melde sjukdomstilfelle til Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS) i Folkehelseinstituttet.