Hopp til innhold

Nyhet

Mange spørsmål om sopp til Giftinformasjonen

Publisert

Hvit fluesopp er ein av dei giftigaste soppane her i landet. Foto: Giftinformasjonen
Hvit fluesopp er ein av dei giftigaste soppane her i landet. Foto: Giftinformasjonen

Soppsesongen er i gang, og med han kjem risikoen for forgiftingar. Så langt i år har Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet registrert 15 prosent fleire førespurnadar om sopp samanlikna med gjennomsnittet for dei siste seks åra.


Høyr podkast om sopp frå Folkehelseinstituttet. 

Dei siste åra har Giftinformasjonen fått rundt 1200 telefonar om sopp i året. Fram til august i år hadde Giftinformasjonen over 300 førespurnadar. Det er 15 prosent høgare enn gjennomsnittet for same periode dei siste seks åra. Telefonane kjem både på dagtid og om kvelden, mens spesielt i helgene i soppsesongen er det mange som tek kontakt.

Giftinformasjonen er ei teneste for hjelp og råd til folk og helsepersonell om akutte forgiftingar og fare for slike, og får årleg over 42.000 telefonar.

Barn og sopp

– Den auka pågangen reflekterer det våte veret vi har hatt i sommar. Då trivst soppen, og mange prøver seg på sopplukking, seier soppsakkyndig ved Giftinformasjonen, Kristin Opdal Seljetun.

Spørsmåla til Giftinformasjonen handlar ofte om at barn har ete sopp dei har funne i plenen eller på tur med barnehagen. Andre spørsmål kjem frå vaksne som har fått lett ubehag etter eit soppmåltid og blir bekymra, eller dei har ete ukjent sopp og blitt forgifta.

Tre typar sopp

Dei giftigaste soppane veks på seinsommaren og hausten. Hittil i år har Giftinformasjonen fått informasjon om to innleggingar på sjukehus etter sopp-forgifting, men ingen av desse var alvorlege.

Sopp kan delast inn i tre typer: rørsoppar, piggsoppar og skivesoppar. Alle dei giftigaste soppane i Noreg er skivesoppar. Dei fem giftigaste soppane er spiss og butt giftslørsopp, som gir nyreskade, og kvit og grøn fluesopp og flatklokkehatt, som gir leverskade.

Ver hundre prosent sikker

Vi anbefaler at dei som plukkar sopp, og som er usikre på kva som kan etast, bruker soppkontrollane som er i helgene, seier Kristin Opdal Seljetun.

– Det viktigaste er at du er hundre prosent sikker på soppen du et. Du må varmebehandle all sopp. Sopp er ikkje noko du skal ete rå, ikkje ein gong for å smake. I tillegg er det viktig å sjå på kvar enkelt sopp du plukkar, slik at du veit kva du får med deg, seier soppsakkyndig Kristin Opdal Seljetun.

Råd om sopp

Treng du gode råd før soppturen? Les Unngå soppforgifting på Helsenorge på eller høyr FHIs rykande ferske soppkast frå Folkehelsepodden.