Hopp til innhold

Nyhet

40 000 kvinner må skunde seg for å få gratis HPV-vaksine

Publisert

Colourbox.com
Colourbox.com

Tilbod om gratis HPV-vaksine for unge kvinner som er fødde i 1991 eller seinare, avsluttast ved utgangen av juni 2019. Dei som ikkje har tatt alle tre vaksinane, må skunde seg for  å få fullført innan fristen.


I alt har 200 000 unge kvinner som er fødde i 1991 eller seinare, fått tilbod om gratis HPV-vaksine. Full vaksinasjon består av tre enkeltdosar.

Oppslutninga om dette tilbodet har vore svært godt. Tal frå Nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK) per 14. mai 2019 viser at over 120 000 kvinner har tatt imot tilbodet om vaksine og starta vaksinasjon. 83 000 har fullført vaksinasjonen med tre dosar. Imidlertid er det nærmare 40 000 som manglar ein eller to dosar for å vere fullvaksinerte.

Tre dosar er anbefalt

– Vi anbefalar tre dosar for å få best mogleg beskyttelse. No hastar det å få sett siste dose. Tilbodet går ut den 30. juni, seier Margrethe Greve-Isdahl, overlege ved Folkehelseinstituttet.

– For dei som har starta, men berre fått første vaksinedose, vil vi råde til å ta dose nummer to innan fristen går ut. Tre dosar er best, men to er betre enn éin, legg Greve-Isdahl til.

Dei som ikkje rekk å fullføre innan fristen, kan også ta kontakt med lege og betale for den siste dosen sjølv.

Vaksinen har vist seg å gi rundt 90 prosent beskyttelse mot alvorlege celleforandringar i livmorhalsen hos kvinner som ikkje var smitta med humant papillomavirus (HPV) på vaksineringstidspunktet. Slike celleforandringar er eit forstadium til livmorshalskreft.

Det går fint om det har gått lengre tid mellom dosane

Det skal gå minst ein månad mellom første og andre dose, deretter skal det gå minst fem månader mellom andre og tredje dose.

– Mange unge kvinner spør om dei må starte vaksineringa på nytt dersom det har gått meir enn éin månad mellom den første og andre dosen eller meir enn fem månadar mellom den andre og tredje dose. Svaret er at dei treng ikkje starte på nytt, éin månad og fem månadar er minimumsintervall. Samstundes har ein ikkje full beskyttelse før alle dosane er sette, slik at ein skal ikkje utsette vaksineringa unødvendig, avsluttar Greve-Isdahl.

Ingen uventa biverknadsmeldingar

Statens legemiddelverk (SLV) har godkjent HPV-vaksinen Cervarix etter ei grundig vurdering av effekt og biverknader. Dei melde biverknadene gir ikkje grunnlag for å endre anbefalinga om HPV-vaksine til unge kvinner. Den sist tilgjengelege rapporten finn du på nettsida til Statens legemiddelverk, HPV-vaksine og biverknader.