Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Nyhet

20 000 invitert til fylkeshelseundersøking i Sogn og Fjordane

Publisert

ungdom i Førde
Ungdom i Førde, Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Denne veka blir om lag 20 000 innbyggarar i Sogn og Fjordane inviterte til å delta i ei fylkeshelseundersøking. Undersøkinga tar for seg helse, trivsel og andre faktorar som påverkar folkehelsa. Dei første invitasjonane går ut i dag.


Undersøkinga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Folkehelseinstituttet. Utsendinga av spørjeskjema skjer elektronisk gjennom både SMS og e-post.

Grunnlag for lokalt folkehelsearbeid

– Fylkeshelseundersøkingar skal gje kunnskap om korleis folk opplever eiga helse, om trivsel i nærmiljøet og andre faktorar som påverkar folks helse, seier direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

– Resultata frå fylkeshelseundersøkingar er viktige for å få eit godt grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet. Vi håper derfor at flest mogleg vil takke ja til å delta. Jo fleire som deltar, jo betre kunnskapsgrunnlag får kommunar og fylke, seier Stoltenberg.

Når svara er samla inn, vil alle skjema gå til databehandling. Større kommunar, regionar og fylkeskommunen vil få lokal statistikk om folkehelse. Saman med annan kunnskap kan undersøkinga danne grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet. Det er venta at rapporten er klar i mai-juni i år.

Elektronisk spørjeskjema

Skjemaet er lagt til rette slik at deltakarane kan velje om dei vil svare frå PC-en, nettbrettet eller smarttelefonen. Deltakarane kan velje mellom bokmål, nynorsk og engelsk.

Undersøkinga varer fram til 5. april.