Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Utbrotet av ebolavirussjukdom i Den demokratiske republikken Kongo

Verdas helseorganisasjon (WHO) og kongolesiske helsemyndigheiter har erklært eit utbrot av ebola i Équateur-provinsen.

CDC, Frederick Murphy
CDC, Frederick Murphy

– Vi fråråder ikkje reiser til Den demokratiske republikken Kongo, men anbefaler generelt å unngå unødvendige reiser inn i området kor det pågår ebolautbrot, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Fram til 17. mai 2018 er det rapportert om 45 tilfelle av sjukdommen, og 14 av dei er bekrefta. Fire av sjukdomstilfella var blant helsepersonell. Til no er det rapportert om 19 døde.

De fleste sjukdomstilfella blei oppdaga i området Bikoro. Dette er eit vanskeleg tilgjengeleg område som ligg 280 kilometer frå provinshovudstaden Mbandaka, ein by med 1,2 millionar innbyggjarar. Den 17. mai ble to nye tilfelle rapportert frå Mbandaka, og den eine personen er bekrefta smitta av ebola.

WHO: - Førebels ikkje ei internasjonal folkehelsekrise

Verdas helseorganisasjon har oppretta ein særskild komite som den 18. mai samla seg for å vurdere om utbrotet i Den demokratiske republikken Kongo burde erklærast å vere ei internasjonal folkehelsekrise (Public Health Emergency of International Concern - PHEIC)  Komiteen fann då ikkje at kriteria for å erklære PHEIC er oppfylt. Denne avgjerda vil ikkje ha praktiske konsekvenser for det vidare arbeidet med å stoppe utbrotet. Dei siste åra har det jamleg vore rapport om lokale, begrensa ebolautbrot i Den demokratiske republikken Kongo, siste gongen i 2017. Dette er no det niande ebolautbrotet som har blitt påvist i landet dei siste 40 åra. WHO har ikkje anbefalt restriksjonar for reisande til eller frå landet.

– Kongo har tidlegare hatt fleire utbrot med ebola, men ingen av desse har utvikla seg til store utbrot slik vi såg i Vest-Afrika for få år sidan. Risiko for spreiing til Norge vurderes fortsatt som svært lite sannsynleg, men Folkehelseinstituttet følgjer utviklinga nøye gjennom dei internasjonale faglege nettverka, sier Line Vold.

Det er sendt ut etterforskingsteam og det blir gjort epidemiologiske undersøkingar. I tillegg aukar overvakinga og støtta til kommunikasjonsarbeid, logistikk og forsyningar. Meir enn 500 personer som kan ha vore i nærkontakt med ebolapasientar blir fulgt opp for raskt å oppdage og behandle dei som får symptomar på sjukdommen. Nærkontaktane er óg blant dei første som får tilbod om ebolavaksina som med hell blei brukt ved det store utbrotet i Vest-Afrika. Folkehelseinstituttet var den gongen involvert i utprøving av ei ebolavaksine som ga svært lovande resultat.

– Fokus er å nå fram med hjelp til dei sjuke og sikre at eventuelle smitta nærkontaktar av dei sjuke følges opp, sier Vold.

Viktig samarbeid for å bremse spreiing av ebola

WHO og helsemyndigheitene i landet jobbar saman om handtering av utbrotet. Humanitære organisasjonar er allereie på plass og samarbeider med lokale og sentrale myndigheiter. Dei første dosane med ebolavaksiner er allereie framme i landet.

Symptomer og forløp

Ebola smitter mellom menneske ved direkte kontakt med blod og andre kroppsvæsker. Ved utbrot rammes særleg familiemedlemmer og helsepersonell. Inkubasjonstida for ebola-virussjukdom er 2–21 dager. Symptoma er sterk hodepine, høg feber, slappheit, muskelsmerter, halsondt etterfølgt av oppkast, diaré og utslett. Etter 5–7 dagar kan det oppstå indre og ytre blødingar. Dødelegheita ved Ebola-virussjukdom er 50–90 prosent.

Les meir om sjukdommen i:

Smittevernveilederens kapittel om ebolavirusinfeksjon.

Ebola veilederen

WHO: Ebola virus disease – Democratic Republic of the Congo (Disease outbreak news)

WHO: Statement on the 1st meeting of the IHR Emergency Committee regarding the Ebola outbreak in 2018